lørdag 11. oktober 2008

Din engel meg bevare........

Dette er min "skytsengel". Eg hadde hatt lyst på ein slik engel lenge då eg fekk han til bursdagen min for eit par år sidan. Eg synes dei er kjempefine, og min har fått plass på peishylla i stova. Der er han forøvrig godt forankra, for eit eller anna har skjedd når me har fyrt, og no verkar det som om han er limt fast i hylla, så der står han nok ei stund til.

Eg ber kveldsbøn med ungane mine, og då ber me ei gamal bøn, som eg har med meg heimante;
Nu lukker seg mitt øye,
Gud Fader i det høye
i varetekt meg ta,
fra synd, fra sorg, fra fare
Din engel meg bevare
som ledet har min fot i dag
Synes det er ein fin avslutning på dagen, sjølv om ein del av orda nok er litt uforståelige for ungane.

Mine to søte små har forøvrig vore sjuke i dag begge to. Frøken dings har hatt litt feber, og avlevert middagen på golvet, medan storebror har hatt øyreverk og ein heil del feber. No har roen senka seg, og me håpar på betre tider i morgon.

Ha ein god lørdagskveld:-)

5 kommentarer:

hvitstil.com/Christine sa...

Vet du, når jeg leste overskrifta di på NIB, ramlet hele den bønnen inn i hodet mitt. Har ikke hørt den på over 20 år, men den hang i ett brodert bilde over senga min da jeg var liten.

God bedring til de to små, og ha en fin kveld

Christine

Guttemamma sa...

Da sover de nok veldig godt! Godt med sånne stunder!

Den gode feen sa...

Hei og gratulerer med ny blogg! Eg kom på ei kveldsbønn eg sa då eg var liten (trur faktisk denne stod i Huset på prærien bøkene:
I natt fra synd og fare,
å Gud min sjel bevare.
Skal jeg dø før dagen renner,
ta da min sjel i dine hender. Den liknar jo litt på den du les for dine små :)

Ha ein fin søndag (lørdagen er jo straks over ;)

Mvh Linda

BO sa...

Fin bøn du les! Her blir det meir godnattveldiggladideg... Men me syng ilag, viss eg ikkje blir hysja på av minstemann! Det gjorde også mollemor når eg song for ho, så eg treng sikkert ikkje melda meg på idol...
Eg har to sånne englar som du visar! Kjøpte den eine på HALV pris på Sæbøvik Gåver & Leiker for maaaange år sidan. Den andre fekk eg til jul. Desse to ligg faktisk gøymt i klesskapet til min kjære!

Synnøve sa...

Så koselig blogg du har.