søndag 23. august 2009

lørdag 22. august 2009

Frukost pá kafé


I gár rakk me 3 kafear etter ankomst...Kva vert resultatet i dag? Planen er á leige sykkel, handle pá marked og ha piknik i Jardin d Luxenbourg. Her er d nemleg sommar:)

torsdag 20. august 2009

Undervegs


Kan du gjette kvar eg er pá veg? 4 dagar pá husmorferie saman med ei god venninne. Herleg:)

mandag 17. august 2009

Heilt ufortent

Dei fleste av innbyggarane i bloglandia surfar stadig innom nye bekjentskap. Eg er ikkje noko untak, og ein kveld ramla eg innom bloggen til Lykkelitens boble, eit hyggeleg bekjentskap såg det ut til å vera, og heilt fersk i bloglandia, så eg la att ein liten velkommen komentar. Ei stund seinare ramla det inn ein koseleg komentar hos meg, med melding om at ho vile gje meg ei sommargåve sidan eg hadde vore den første til å legge att komentar. Dermed kom denne koselege gåva ramlande ned i postkassa for ei lita stund sidan:

August 071

Spennande kaffiposar, ein nydeleg engel og koselege serviettar. Berre fordi eg hadde lagt att ein komentar hos ein koseleg blogg!!!! Rett og slett heilt ufortent!!

August 073

Tuuusen takk!!!!! Kjempekoseleg og eit gløtt av sol i ein heller regnfull sommar.

Ha ei flott veke:0)

onsdag 12. august 2009

Magisk......

Topplogo_bml_2009

Me var ikkje så reint få som hadde tatt turen til Moster Amfi og Miss Saigon i går. Her står me i kø i påvente av at dørene opnar. I Amfiet er det ikkje numererte plassar, så det gjeld å vera ute i god tid, så ein kan få ein god plass.

August 074

Men når alle er vel inne, og me har "tokka" oss litt, så det ikkje er så "grese" i benkene, og alle har fått plass, då er det berre å nyyyyyyyyta den unike opplevinga det er å vera på musical i Moster Amfi.

August 077

Bømlo musicallaug har sett opp fleire kjende musicalar dei siste åra, og dei har vorte profesjonelle i det dei gjer, og har og med seg profesjonelle songarar og musikarar, saman med amatørar. Resultatet er heilt fantastisk!

August 079

Det var film og fotoforbud, men eg sneik meg til eit par bilete under forestillinga. Ei av fordelene med godt kamera er at blits ikkje er eit must;) No skal det seiast at eg er særs lovlydig, og eg kjende meg som reine forbrytaren, og hadde rimeleg høg puls då eg knipsa. Eg var sikker på at eg skulle kjenne ei tung hand på skuldera med beskjed om å slette bileta umiddelbart! Men det gjekk bra, og eg ber herved audmjukt om tilgjeving, men det er noko med at det er lettare å få tilgivelse enn tilatelse.....................

August 081 

Miss Saigon i Moster Amfi var ei fantastisk oppleving, og har du mulighet til å reise dit bør du sjå om det finst billettar att.  Eg har sett musicalen i London og, men dette var minst like bra, og stemninga når mørkret senkar seg og månen kjem opp over amfiet er magisk.  Musicalen går t.o.m sundag, så løp og kjøp!!!!

Ordliste: "Tokka" - ake seg nærare kvarandre. "Grese" - god plass.

Topplogo Miss Saigon er lånt frå Bømlo musicallaug. Klikk på biletet så kjem du til heimesida deira.

mandag 10. august 2009

Seinsommeridyll

August 049

Torsdag kveld hadde gradestokken enno ikkje gått under 20 grader kl 22.00, dermed tende eg lyktene mine, og gjorde meg klar for blogging frå favorittstaden min: verandaen.

August 054

Me har ein STOR hage, som ikkje har fått særleg mykje omsorg i sommar, så eg kosar meg på verandaen i staden. Der blømer det nemleg som berre det.

August 066

Når alle lyktene var tende og årets siste(?) jordbær sett på bordet, fann eg ut at eg skulle invitere svigerinno på is og jordbær. Dermed vart det ikkje blogging, men småprat og is til langt ut i dei små timar i staden.

August 069

Sidan datamaskina gjekk til streik, fekk eg ikkje blogga seinare heller,( eller besøkt alle koselege blogvenene mine) men no er alt i orden att;)

I morgon melder dei nydeleg ver, og eg skal på musicalen Miss Saigon på norges vakraste utescene : Moster amfi, i morgon kveld. August er ikkje så verst lell;)

søndag 2. august 2009

Kyss

 

Juni 366

KYSS

- er en ting å dele - noe for to
Kyss er gratis  - som fuglesang og pludrende bekker.
Men:
- kyss kan ikke settes i banken og forrente seg som hundrelapper,
eller
- gjemmes i skuffer og skap til seinere anledninger,
eller
- sendes i lukkete konvolutter over åpent hav og høye fjellkjeder
for eksempel.
Kyss kan bare kysses - her og nå. Og ikke bokføres og lagres.
Derfor sier jeg:
Kyss!
KYSS!                                         Arild Nykvist