onsdag 30. september 2009

Forferdeleg irriterande!!!!

 

Då var me heima att etter at frk. dings har fått fjerna mandlane, og alt gjekk som ein draum:) Godt å ha det unnagjordt.

Gårsdagen vart altså tilbrakt på sykehuset, og lange sykehusdagar er eit ypperleg påskot til å anskaffe nye tilskot på bladfronten. Som de veit held eg på med å fornye ungane sine rom, og er på jakt etter gode idear heile tida, så då eg såg at Foreldre og Barn hadde eit interiørekstra om barnerom, kjøpte eg eit eksemplar.

September 056

Gjett om eg vart skuffa då eg oppdaga at interiørekstraet var ein blåkopi av dette bladet:

September 057

Bileta under skulle vera bevis nok. Det øverste bladet på bileta er Rom 1.2.3, og det nederste Foreldre og Barn

September 058 September 059 

 September 060

September 061 September 062

Ikkje mykje ny inspirasjon å henta der.........Rett og slett skikkeleg irriterande. Begge blada er gitt ut av Hjemmet Mortensen, så dei sparar både tid og pengar på å publisere artiklane i fleire av blada sine, men eg synes det hadde vore rettare og berre lagt ved bilaget frå Rom 1.2.3 som ein bonus, så hadde eg spart  69.-kr.

Jammen flaks at Narvesen har 25% på utenlandske blad, slik at eg kunne trøste meg med Drømhem & Tredgård;)

Ha ein fin kveld:0)

lørdag 26. september 2009

Overraskelse!!!!

September 048 

Ei veninne av meg fylte 30 i sommar. Ho har ikkje budd så lenge i norge, men har rukke å fått ein del gode vener her. Ho hadde planlagt å invitere til grillprty, men det vart ikkje noko av, og så vart det til at heile feiringa uteblei.

Eg hadde lyst til å gje ho noko spesielt til bursdagen, og enda opp med å invitera til overraskelsesselskap. Kjempekjekt!!!!! Alle bidrog med sitt, og hovedpersonen, som trudde ho skulle på besøk og hekle og sjå film, vart gledeleg overraska:)

Biletet er av bordet, og er det einaste eg har frå kvelden, for me hadde det så koseleg at eg gløymde å ta fleire;)

September 049

Me hadde kyllingsuppe, servert frå denne flotte terrinen, som mamma har malt til meg.

September 052

Ho har malt serveringsfat, potetskåler og sausenebb etter modell av middagservicet eg byrja å samla på som 17 åring;)

Utruleg kjekt å ha, og terrinen står til vanleg og pyntar opp på toppen av hylla i stova.

Ha ein flott dag:0)

Sjåååå!!!

025

Koselege Duften av erteblomster har stort gåvedryss. Klikk her for å sjå alle som bidreg:)

torsdag 24. september 2009

Det tutlar på fram

 

Slik såg kroken ut for nokre dagar sidan:

August 442

Og slik ser han ut no etter at svigerinna og eg har tapetisert og sett opp plater:

September 042

Sakte men sikkert tek det nye rommet form. I morgon skal eg kjøpa lister, og på laurdag skal det listast, hengast opp hyller og bilete.

September 045

Det skal verta kjekt å bli ferdig, og ikkje har det kosta så mykje heller. 1 rull tapet til 399.- og tapetlim. Platene hadde me ståande i garasjen. Dei har husbonden redda frå søppla, då malerbutikken skulle hiva dei pga at dei var skada i falsen, men me berre kutta vekk dei øydelagde delene og brukte resten. Hyller vart innkjøpt på IKEA i vår, og den eine kosta den nette sum av 49.-  Eg reknar med at totalsummen på oppussinga, inkl nye sengklede, sengeteppe og hyller frå IKEA  kjem på ca 1200.- 

Neste oppdatering får verta når alt er ferdig:)

Ha ein fin kveld:0)

tirsdag 22. september 2009

Framgong på prinsesserommet

 

September

Joda, det går på fram. Senga er på plass, og prinsessa søv for første gong i den nye senga i natt. Det vil seie,  ny er ho jo ikkje. Pappen kunne fortella meg at ho vart innkjøpt til min eldste bror, som fylte 50 i fjor, så det vil seie at senga faktisk er 51 år:) Alle me syskjen har sove i ho, så eg synes det er litt koseleg å ta ho i bruk til frk. dings. Ei prinsessekrone vart innkjøpt på Skeidar i dag, og vips vart det ei prinsesse seng. Sengeteppe er eit nydeleg vattert teppe frå Princess (hi,hi prinsesse på alle kantar), med roser på eine sida og rosa og grøne striper på den andre. Teppet vart kjøpt til halv pris i dag, og kosta den nette sum av 199.-. Veggen som skal få prinsessetapet og brystningspanel, har no fått "sparkel på rull" på plass, og er klar for prinsessetapeten i måro:)

Det ser ut som om me er i rute. Følg med for nye oppdateringar:)

søndag 20. september 2009

Cobea Scandens

September 001

I dette innlegget i fjor skreiv eg om denne planten. Eg hadde sådd frø, men var for seint ute, og rakk aldri å få planten i blom. I år derimot, har eg aliert meg med min snille gartneronkel, som sådde tidleg i drivhuset, og var sikker på at eg i år skulle få eit vell av blomar utover sommaren. Den gong ei. Denne plantem treng laaaaang tid på å kome i blom, men NO blømer den!!!!!!!!

September 020 September 019

September 003 September 007

Vakker er han i alle fall, heilt i frå knoppen, via alle fargenyansane blomen har frå knopp til utsprungen, og til slutt den nydelege frøstanden som vert att.

September 024

Dei store blålilla klokkene er reine kunstverka med vridde støvberarar.

September 025

Ingen tvil om at eg lyt prøva att til neste år, men då skal det såast i Januar;)

September 027

lørdag 19. september 2009

Perfekt fredagskveld

 

September 039

Katten og eg har hatt ein deileg, roleg fredagskveld. Katten har sove seg gjennom kvelden og eg.......

September 040

......har kost meg med ein koseleg film, strikketøyet, sjokolade frå Paris og ein god kopp kaffi. Det einaste som manglar er husbonden, som er i Amsterdam, men det gjeld å kosa seg likevel;)

Strikketøyet er mitt nyaste prosjekt, og skal forhåpentlegvis verte ein tunika til frk. dings. Mitt problem er at eg som oftast er lei når eg manglar siste ermet, men denne har korte armar, så det er håp;)

Ha ei flott helg:0)

torsdag 17. september 2009

Ein sommar er over....

 

August 121

..........men minnene består, men no er det tid for å bretta opp armane og ta fatt på innsida av huset att. I løpet av sommaren har eg vist tatt pause frå både blogging og interiør. Faktisk så til dei grader at eg har lurt på om eg måtte melde meg ut av NIB...., men no skal pipa få ein anna lyd.

Første mann til å nyte godt av fornya innsats på heimefronten er frøken dings. Rommet hennar har venta ei stund på fornying, og no har eg så smått byrja.

August 441

Punkt ein er å verta kvitt sprinkelsenga. No er det tid for å få "stor jente" seng. På garasjeloftet står skuvsenga eg, og søskena mine før meg, sov i då me var små. Diverse søskenborn har og brukt ho, og no er det altså frøken dings som skal sove i ho. Far i nabohuset skal lage ny botn, som skal hevast litt opp slik at det ikkje skal minna om babyseng i det heile. I tilleg skal litt Mc qeen dekor fjernast, men så håpar eg det berre er ein grundig vask som skal til før ho er fullt brukbar. Sommarfugllampen i taket  er frå Ellos, og eg er kjempenøgd med han, så den får bli;)

August 442

I denne kroken har det intil for kort tid sidan stått eit digert klesskap. Sidan frk dings har meir bruk for leikeplass enn skapplass, er skapet forvist til boden, og denne kroken skal verta "kjøken krok". Tøtta har bestillt rosa prinsesse tema, men sidan ho mor synes det kan verta litt vela mykje rosa, får dei fleste veggene behalda den fargen dei har, medan kroken skal få eggekvit brystningspanel, og "fondveggen"  ein lys rosa prinsessetapet over brystningspanelen.  Bilete til veggene står ferdig innramma på boden, og berre ventar på å få koma på plass, og hyller står klare og ventar på å verta skrudd opp. I morgon skal eg henta tapeten, og då er det ingen unskuldning for å ikkje koma igang.

August 092

Då er det berre å håpa at dette vert uttrykket til frk dings når alt er ferdig. Prinsessa skal fjerna mandlane 29. september, og målet er å verta ferdig før det. Eg treng lit press for å verta ferdig med ting, så no får de etterlyse bilete av det ferdige rommet om dei ikkje dukkar opp snart;) Eg må jo vise rommet litt meir presentabelt enn på dagens ublogifiserte bilete.

Då skal eg prøve å få lagt att litt spor etter meg i bloglandia.

Ha ein flott kveld:)

mandag 14. september 2009

Skal, skal ikke....

valg201

Bilete frå Google

Skal, skal ikke, skal skal ikke,                                                                           valget det er ditt.                                                                                                     Skal, skal ikke, skal skal ikke,                                                                              valget det er mitt.                                                                                      Valget er et enten eller, valget må du ta,                                                  valgene i livet teller for å ha det bra.                                                          Ivar Skippervold

Av og til er det små val om kva som skal inn eller ut av interiør i heimen, og av og til er det større og viktigare ting det gjeld. No har eg vore og gjordt borgerplikta mi. Godt val alle samen:)

onsdag 9. september 2009

Siste trend frå Paris!

Alle veit at skal ei kunne kalle seg moderene, så må ein fylgja med på dei siste trendane frå Paris. Venninna mi og eg brukte ein heil formiddag på marked i Paris, og der kunne me observera det som MÅ vera den neste trenden frå motemetropolen : Trillebag!

Henriette Paris 270

ALLE (nesten i alle fall) hadde trillebag, anten dei var unge eller eldre. Her i Norge er det jo slik at det er GAMLE DAMER som har trillebag. Kjem ein ruslande med ein snaisen liten trillebag, er ein anten 70, eller rimeleg likegyldig til trendar. I Paris var det heller omvendt. Det fanst ein trillebag for ein kvar smak.

Henriette Paris 290

Den eldre herren på biletet ovanfor har valgt ein tradisjonell skotskrutete variant som kan kombinerast med dei fleste antrekk.

Henriette Paris 293

Her er ein afrikansk inspirert trillebag for den meir bereiste.

Henriette Paris 292

Ein einsfarga marineblå, for den som ikkje likar å skilje seg ut for mykje.

Henriette Paris 297

I motsetning til denne raude som skrik: Sjå på meg!!!

Henriette Paris 296

Eller kva med ein liten frekk sak i lakk?

Diverre rakk eg ikkje å ta bilete av den ultimate interiørblogger trillebagen då den trilla forbi: Grå med kvite polkadottar!!!! Kan det vera eit nytt produkt frå Greengate?????

Eit lite søk på nettet bekreftar at trillebag gjev ein uante mulighetar. Kva med ein til å kjøre hunden i?

AWAN2J2CAIC3FM5CA2UFROLCA0B38V8CAPA07RQCA03REFHCAJZBK0ECA3GNE1MCAVY9IVGCAWFKB85CAXF8KICCARZ68XICAZK2ARWCA8K0EBVCA1FH1XTCAOC9ISTCAM6SZM3CASLG26KCAUUQAOA JB4351_ilu1            Bilete frå Google

Eller sjekk ut varianten med krakk!! Tenk å kunne sette seg ned og kvile på veg mellom IKEA, Home ad cottage, kremmerhuset og alle dei andre interiørbutikkane!!!!! I tillegg kan ein putte alle inkjøpa ned i bagen, i staden for å dra på tunge posar!!! Genialt!! Så flatpakka som ting kjem på IKEA kan ein sikkert få plass tilein komode eller to nedi trillebagen. Miljøvenleg er det og. Ingen plastikkposar, og bil treng ein jo ikkje når innkjøpa går på jul! Er du kreativ, og det er jo dei fleste bloggedamer, kan du jo sy ein sjølv, muligens av gamle dongeribusker eller noko liknande, gjenbruk er jo bra også vert bagen enno meir miljøbenleg og personleg:)

Det er rett og slett ikkje noko å lura på: Vil du vera først ut med det siste er det berre til å springa avgarde og kjøpa trillebag. Lukke til med modellvalget:)

fredag 4. september 2009

Hmmmmmmm…..

 

Då har eg parkert med PC`n på fanget klar for litt fredagsblogging, for ein gongs skuld med godt samvet. Eg har nemleg byrja eit nytt og betre liv, og tilbragte 50 min svettande på spinnigsykkelen, noko som kjennes utruleg godt. Eg har i ein periode tidlegare gått jamnleg på spinning, og synes det var kjempekjekt. At reultatet var ein lettare og stramare kropp var sjølvsagt ikkje til å forakta. Sidan det no er over 1 år sidan sist, har ting skjedd. Plutseleg gjekk ikkje bukseknappen att, og oppoverbakkane vart frykteleg tunge. Dette kan sjølvsagt og ha ein viss samanheng med at sommarferien har innehold ein heil del god mat, inntatt med Ole Brumm haldninga, ja takk – begge deler……Dermed har eg altså på nytt funne fram den utruleg sexy sykkelbuksa, med ekstra padding på min edle bakdel, og hengt lapp på kjøleskapet med spinnig mandag , onsdag og fredag…………..

Spinning1-main_Full

Eg hugsar forresten fyrste spinningtimen eg var på. Etter å ha vore fråverande frå alt som minna om trening i årevis, lokka ei venninne meg med på 60 min spinning!!!! 20 min ut i timen var låra gele og tunga hang som eit slips, medan eg meir eller mindre hang hvesande over sykkelstyret. Kvar gong me skulle stå var eg lukkeleg fordi baken verka som besatt når eg nerma meg sykkelsetet, medan eg samstundes kjende korleis låra dirra og tenkte eg aldri ville klara å stå i 10 sekundar til. Det utrulege var at eg faktisk likte det!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Eg som aldri har likt kondisjonstrening, og synes toppen på lukke er ei god bok i ein god stol med sjokolade og kaffi innan rekkevidde.

 _sjokolade_jpg_534499g

Men, no har eg insett det: som sjokoholiker MÅ eg ut av godstolen av og til, ellers vil eg til slutt sitte fast nedi der. Altså,  frå no av er eg å treffe på treningssenteret 3 gongar i veka. Onsdag inkluderar eg 30 min styrke. Denne veka var fyrste gongen, og instruktøren var glad for å sjå meg att sa ho. Dette feira ho med å legge på litt ekstra vekt på maskina mi – eg måtte jo kjenna det sa ho. Det skal eg lova at eg har gjordt. I dagmorges vakna eg kl 06.00, og fekk ikkje sove att pga gongsperr i armane. Det var faktisk berre så vidt eg klarte å lette armen opp i skapet etter Paraceten slik at eg skulle orke å gå på spinning…….Ja,ja, ein må lide for skjønnheten seier alltid mor mi, og øm i rumpa, og støl i bein og armar må eg sei meg enig;)

 styrketrening2

 

God helg. Eg har alt feira med litt Belgisk sjokoladeis. Eg har jo trimma ,så då kan eg jo unna meg litt helgegodt – eller………

Bileta har eg leita opp på google.

torsdag 3. september 2009

Eit lite glimt………

……..av Paris..

Henriette Paris 236 

Eg trur rett og slett eg er litt forelska. Eg har prøvd å lage eit innlegg frå Paris, men går liksom tom for ord..

Henriette Paris 203

Slike gater og bygningar fann me over alt. Så vakkert rett og slett.

Henriette Paris 195

Difor vert det nokre biletglimt frå Paris, og heller lite tekst. Drøym deg vekk til smale, gamle gater, smijernsbalkongar og CafeÒle.

Henriette Paris 204

Sjarmerande gatemusikantar

Henriette Paris 280

Kaker av ei anna verd. Mmmmmmmmmm..

Henriette Paris 225

………spist på bredden av Seinen….

Henriette Paris 201

Og sjølvsagt Eifeltårnet.

Henriette Paris 345

Fortrinsvis “By nigth”……

Henriette Paris 344

Sett frå sykkelsetet;) Bysyklar i Paris er genialt!!

Henriette Paris 360

Underteikna  og to ukjende damer framom kjenneteiknet på Paris kl 01.00;)

Kvardagen med sjuke ungar, husvask og klesvask kom nesten litt som eit sjokk då eg kom heim att, og blogginga datt heilt ut i kvardagsslitet;)

Henriette Paris 198

Men no har eg tatt fram bileta, og kosar meg med alle dei gode minna, og kan berre sei; Paris - Je`taime.