onsdag 9. september 2009

Siste trend frå Paris!

Alle veit at skal ei kunne kalle seg moderene, så må ein fylgja med på dei siste trendane frå Paris. Venninna mi og eg brukte ein heil formiddag på marked i Paris, og der kunne me observera det som MÅ vera den neste trenden frå motemetropolen : Trillebag!

Henriette Paris 270

ALLE (nesten i alle fall) hadde trillebag, anten dei var unge eller eldre. Her i Norge er det jo slik at det er GAMLE DAMER som har trillebag. Kjem ein ruslande med ein snaisen liten trillebag, er ein anten 70, eller rimeleg likegyldig til trendar. I Paris var det heller omvendt. Det fanst ein trillebag for ein kvar smak.

Henriette Paris 290

Den eldre herren på biletet ovanfor har valgt ein tradisjonell skotskrutete variant som kan kombinerast med dei fleste antrekk.

Henriette Paris 293

Her er ein afrikansk inspirert trillebag for den meir bereiste.

Henriette Paris 292

Ein einsfarga marineblå, for den som ikkje likar å skilje seg ut for mykje.

Henriette Paris 297

I motsetning til denne raude som skrik: Sjå på meg!!!

Henriette Paris 296

Eller kva med ein liten frekk sak i lakk?

Diverre rakk eg ikkje å ta bilete av den ultimate interiørblogger trillebagen då den trilla forbi: Grå med kvite polkadottar!!!! Kan det vera eit nytt produkt frå Greengate?????

Eit lite søk på nettet bekreftar at trillebag gjev ein uante mulighetar. Kva med ein til å kjøre hunden i?

AWAN2J2CAIC3FM5CA2UFROLCA0B38V8CAPA07RQCA03REFHCAJZBK0ECA3GNE1MCAVY9IVGCAWFKB85CAXF8KICCARZ68XICAZK2ARWCA8K0EBVCA1FH1XTCAOC9ISTCAM6SZM3CASLG26KCAUUQAOA JB4351_ilu1            Bilete frå Google

Eller sjekk ut varianten med krakk!! Tenk å kunne sette seg ned og kvile på veg mellom IKEA, Home ad cottage, kremmerhuset og alle dei andre interiørbutikkane!!!!! I tillegg kan ein putte alle inkjøpa ned i bagen, i staden for å dra på tunge posar!!! Genialt!! Så flatpakka som ting kjem på IKEA kan ein sikkert få plass tilein komode eller to nedi trillebagen. Miljøvenleg er det og. Ingen plastikkposar, og bil treng ein jo ikkje når innkjøpa går på jul! Er du kreativ, og det er jo dei fleste bloggedamer, kan du jo sy ein sjølv, muligens av gamle dongeribusker eller noko liknande, gjenbruk er jo bra også vert bagen enno meir miljøbenleg og personleg:)

Det er rett og slett ikkje noko å lura på: Vil du vera først ut med det siste er det berre til å springa avgarde og kjøpa trillebag. Lukke til med modellvalget:)

5 kommentarer:

Bea sa...

hihi

må nok innrømme at dette er en trend jeg står over. Skal til London om 4 helge, og da kan jeg jo sjekke om trenden har kommet ditt.. :o)

Linea sa...

artig å se så mange med trillebag.
Eneste jeg kan huske å ha sett med slik var men 90 år gamle bestefar. :)

Guttemamma sa...

Artig du!! Du burde jo starte nettbutikk før noen andre gjør det...

Rosa sa...

hihi, nydeleg innlegg, Henriette!

Ser jo at ein må ut og shoppe trillebag om ein skal vere litt forut for sin tid. Tru om dei finst i rosa? ;)

Linda S sa...

Så artig da :)