onsdag 29. juli 2009

Nytt familiemedlem

.....men denne gongen på 4 bein.

Juli 128

Juli 129

Juli 132

Puserus, som storebror bombastisk har vedtatt at katten skal heita, har intatt heimen og er konge på haugen. Sjølv husbonden som høglytt har erklært at kattar ikkje er hans greie, må innrøma at ho er svært så sjarmerande;)

onsdag 22. juli 2009

Aye,aye kaptein


Ein strálande fornögd storebror kjörer páhengs áleine for fyrste gong, medan ei noko forblást mamma er pasasjer. Dagens fangst: 11 krabbar, torsk, lyr, flyndre og diverse andre fiskar. Mmmm.

søndag 19. juli 2009

Hurra for deg.....


Fröken dings med fjeset fullt av muffins etter ein vellukka 3 árs dag.

fredag 17. juli 2009

Kveldsstemning


Speilblanj fjord, klukking langs brygga og ein og anna máke,...sommar....

onsdag 15. juli 2009

Retting, retting, retting!!


Hugs 1pk gjær til pitabröd-deigen. (Rödme,rödme...)

tirsdag 14. juli 2009

Meir ferie

I dag set me kursen for hytta og det som for meg er sommarferie med stor S. Fiske med garn og teiner, fange krabbe og småfisk i fjøra, og forhåpentlegvis sol, bading og kos i solveggen nerfor huset

Mai 2009 321

Det kvite huset midt på biletet er vårt paradis, og eit stykke neranfor ligg naustet og stranda)

Mai 2009 429

Så ei stund framover vert det mobilblog som gjeld;)

Om nokre uærlege sjeler kikkar innom og tenker at dei no skal beøka eit tomt hus heima, må eg skuffa dykk. Husbonden er heima og passar på, då han må jobba litt;)

Ha ein flott dag.

mandag 13. juli 2009

Man tager to ægg.....

 

.......eller nei, det gjer ein ikkje dersom ein skal bake pitabrød;) Nokre av dykk etterlyste oppskrift på pitabrøda eg viste i eit tidlegare innlegg, og eg måtte tilstå at det ikkje er eg som er bakemester. Det er nemleg husbonden og svigerinno som står for pitabakinga, og sidan husbonden bakar i STORE kvanta, og svigerinno er på ferie, tok det litt tid, men her kjem oppskrifta:) Har fått ho pr telefon, og no må eg skunda meg å leggja ho ut før eg rotar vekk konvolutten ho er skriven på;)

Mai 2009 397

PITABRØD

3dl vatn                                                                                                                 3dl melk                                                                                                                     2ts salt                                                                                                                        2ss sukker.                                                                                                            Bland melk og vatn, og rør inn nok kveitemjøl til ein litt fast deig. Bland inn salt og sukker undervegs.                                                              Sett deiegn til heving i ca 1 time.                                                                   Del deigen opp i emner og trill ut litt stor boller. Lat stå ei lita stund. Kjevle bollene ut til runde "pannekaker". Dersom deigen trekkjer seg saman, og er vonde og kjevle ut, lat bollerne stå litt til.                                                                                                                                 Steik på brett midt i ovnen, på 250 grader i 7 - 9 min.                       PASS PÅ!!!! Det tar sekunder frå gylne lekre pitabrød, til brente ikkje fullt så lekre pitabrød;) Fyll pitabrøda med det du måtte ynskje, eller et dei som tilbehør til grillmat:)

BON APPETITT   

Mai 2009 408

søndag 12. juli 2009

Den som sover....


Det vart svært så stilt då me besøkte tante mimmi i ettermiddag. Denne gjengen hadde forskansa seg i leikehytta:)

fredag 10. juli 2009

Kongeleg besøk


Vakre Dronning Ingrid har endeleg kome til verandaen min.

torsdag 9. juli 2009

Ein blom til deg

 

Juli 007

Ei av mine beste venninner fortener litt ekstra oppmerksomhet i ei tøff tid. Då er det kjekt å gå på besøk med blomar, eit interiørblad, og gooood sjokolade i korga.

Juli 010

Mange varme klemmar til deg. Tenker på deg, og gler meg til neste gong me treffest:)

Juli 021

I mellomtida nyt eg sommarnatta, og håpar det vert mange kveldar på verandaen.

onsdag 8. juli 2009

Det enkle er ofte det beste

 

Juli 019

Her er storebror og frk dings på veg til Mallorca. Ei pappeske byr på uante muligheter...........

tirsdag 7. juli 2009

Utstilling!


Tante Mimmi har utstilling på Bruncheriet på Stord. Nyt kaffi og flott kunst på ein gong:-)
Og der dukka alle innlegga, som eg ikkje fekk lasta opp, på Mallorca opp og..........

Feriesysler


Når sola gøymer seg bak ei sky, er det kjekt m minigolf;-)

FerieB-)


Tid for kos på balkongen medan dei små søv ut etter ein heil dag med bading.

søndag 5. juli 2009

Kvardagskunst

 

Mai 2009 397

Når me grillar på hytta er nybakte pitabrød sjølvsagt tilbehør. Grillmat fekk nemleg ei litt anna tyding då eg gifta meg med ein araber..........Hamburger og pølser er ut, og marinert kylling, svine eller lammefilet, koteletter og salatar høyrer med.

Mai 2009 405 

Denne dagen var me mange, og til og med kjøkenbordet vart bore ut for å vera ein del av langbordet. Då dukka dette nydelege stillebenet opp. Nybakte pitabrød i eit gamalt keramikkfat, bada i kveldsol oppå ein gamal spisestovestol. Vakkert.

Mai 2009 408

Fint vart bordet ute og, sjølv om me måtte ty til lilla plasttallerknar. I det minste matcha dei syrinblomane;)

Måtte dette vera den første av maaaaaange grillkveldar på hytta i sommar:)

fredag 3. juli 2009

Hola!

 

Juni 201

Då var me attende etter 14 herlege dagar på Mallorca. Store og små har kost seg, slikka sol, bada og hatt Ferie med stor F!

Juni 199

Men eg må tilstå at me fann ut at me ikkje var typen til å liggja rett ut i sola i 14 dagar utan anna å gjera å gå mellom bassenget, stranda, matsalen og romet. Dermed enda me opp med å leiga bil og kjøyra til Palma to dagar i løpet av dei to vekene me var der Me besøkte Marinland ein dag og Palma akvarium ein dag, og sistnemde kan anbefalast på det varmaste!!!! Her er nokre små glimt derifrå. Er du i nærleiken så ta turen innom!!!!

Palma

Men det var godt å koma heim att og. Her er jo reine sydenstemninga, og me har vore på stranda og testa badetemperaturen, som var like god som Middelhavet. I dag tilbrakte me ettermiddagen på sjøen saman med mor og far i nabohuset. Deilig når naboen kan tilby båttur i varmen:) Når ein kan stå på dekk og fiske i bikini klokka 20.30, då er det verkeleg sommar, og like flott som syden:)

No gler eg meg til å få oppdatert meg i blogverda, og forhåpentlegvis få lagt att ein komentar eller to.