tirsdag 12. oktober 2010

Fisketur

 

Henriette Oktober 009

På fisketur i bekken med makkespann og fiskeveske.

Henriette Oktober 016

Vera med og agna kroken, og koma stolt attende med fangst.

Henriette Oktober 036

Heldige me som har “bonusbesteforeldre”:0) Takk tante og onkel for ein koseleg ettermiddag.

mandag 11. oktober 2010

Velkommen til oss:)

 

Foreløpig er det ikkje så mykje å ønske velkommen til, men kanskje til neste haust????? Neste haustferie håpar eg me tilbringer i eigen leilighet i Beit Jala.

357

Dette er trappa ned til inngangspartiet vårt. “Halvmuren” mellom søylene har me fått fjerna til stor forundring for bygningsfolket. Vindauga innafor er nemleg inn til soverommet, så her burde det absolutt vera eit skille meinte dei. Gje oss god plass til møblar, stæsj og kanskje nokre oliventrer, tenkte mor, og sidan husbonden var enig er muren no historie:0)

358

I tillegg er den smale tarmen bort til inngangspartiet blitt utvida, og er like brei som muren de ser i høgre bildekant. Så no har me god plass til å nyyyyte grilling og seine kveldar.

348

Her står fotografen med ryggen til inngangsdøra og ser inn i kjøkkenet rett fram, og stova inn til høgre. (Med den blå bøtta) Det kjem opp ein vegg mellom den veggen bygningsfolka støttar seg på, og den “søyla” mor i nabohuset står framføre.

349

Frk. dings og storebror utforskar territoriet, og fann bassenget dei blanda betongen i særs interesant. For dei som lurar, skal det ikkje vera der i framtida, sjølv om det kunne vorte ei fin lita fontene;)

356

Her ser me mot inngangsdøra, stova til venstre. Eg håpar me kan få plass til ein lekker skyvedørsgarderobe frå IKEA  mellomvindauga og veggen. Kjem litt an på djupna……Til og med husbonden har vorte så skandinavisk at han ynskjer sko og jakke fri sone innomhus……;) Og IKEA finst til og med her….I Tel Aviv ca 1 times køyring vekke.

351

Eigentleg er dette ein DIGER leilighet på over 300 kvadrat,men me deler den i to, og leiger vekk eine delen. Dermed kjem det opp ein vegg mellom “søyla” og den originale kjøkenveggen slik at buen til høgre i biletet er inne i den andre leiligheten. Kjøkkenet vert då på den veggen som kjem opp, og så vert det spisestova inn i høgre biletkant,som då er rommet på biletet under.

350

Vindauga husbonden og arbeidsfolka står framføre vert gjordt om til ei dobbel skyvedør i glas, med ein liten balkong utanfor, og utsikta ser de på biletet under. Panoramautsikt over Beit Jala, og Betlehem.

049

Midt i biletet ser de eit "kulturhus” som opna medan me var der nede, og bakom det ligg det ein liten park  med leikeplass for ungane. På sida av kulturhuset vert det no bygd hotell, den store opne plassen vert ballplass, og ved sidan av ballplassen vert det symjebasseng. Alt er innan gåavstand frå leiligheta. Verken fine leikeplassar, parkar eller basseng veks på tre i dette området, så me er kjempeheldige. Svigers bur i same veg som kulturhuset berre litt utanfor høgre biletkant.

Soverom og bad er ikkje så interesant å vise fram, men snart skal de få sjå flisene me har plukka ut, og baderomsinnredning og kanskje draumekjøkenet……….;)

Ha ein flott dag. Me skal ut å fiske aure i bekken:0)

onsdag 6. oktober 2010

Framleis her;)

 

376

Priveligerte er me som kan reise til familie i Palestina. 3 veker hos svigers i Beit Jala, 1km frå Betlehem, der ungane fekk nyplukka druer, fiken og Granateple frå naboen sin hage.

379

Spanande og eksotisk for både store og små:0)

382

I framtida vert det nok hyppigare besøk, då me har kjøpt oss leilighet der nede. So langt er det berre betongveggar og golv,men fliser og baderomsinventar er bestilt……Skal vise bilete om litt;)

Ha ei flott veke.

Klem