Bloggverda er ei rar lita verd. Her inne legg me ut bilete av hus og heim, mann og barn, blomar og bier, og elles alt som måtte oppta tankane våre her og no. Nokre gonger alvorelege ting, nokre gonger tull og tøys, men like fullt noko som har berørt oss nok til at me ynskjer å dela det med andre. Her gløttar me inn i kvarandre sin kvardag, og stundom dukkar det opp ting som rører med oss. Det er noko av det som gjer denne verda så facinerande. Kva dukkar opp i dag? Ein kopp kaffi? Nyinnkjøpt stæsj? Ein stemningsrapport, eller noko meir alvorleg?
Den siste tida, har eg vore innom fleire av "mine" faste bloggar, nokre som eg kommuniserer med titt og ofte, andre som eg oftast berre smugkikkar på, men felles for dei alle er at dei har opplevd noko som har sett djupe spor i livet deira, og som dei har valgt å dele med oss andre i blogglandia. Nokon har mista nokon, andre har opplevd sjukdom, anten på eigen kropp eller i nær familie, og dei har alle berørt meg på ulikt vis, og eg tenker på dei og etter at maskina er slått av.
Det er dette eg opplever så spesielt med denne "verda" som me finn her inne. Utan og nokon gong ha møtt varandre, berører me kvarandre sine liv.......Berre så mykje som me ynskjer å visa av oss sjølve vert tilgjengeleg for andre. Stort sett daglegdagse, overfladiske ting, men stundom viser me at me er sårbare, levande menneske på godt og vondt. Takk for at det er rom for og denne sida i Interiørbloggeverda. Rom for det menneskelege, stundom personlege, som gjer interiøret levande.....
" Når alt kjem til alt, kva betyr desse våre vakre fasadar? Desse våre skilt mot omverda, desse våre produkt. Når alt kjem til alt, kva er det som tel? Er det ikkje ei hand å halda i, eit ope blikk vi kan møta, nokon å vera trygg hos, nokon å koma nær. Er det ikkje andlet, smil, tårer vi delte som står att og lyser mellom det som nådde djupast in? Sigerspallen, kva var den mot varmen frå eit anna menneske, når alt kjem til alt." Bente Bratlund