fredag 22. juli 2011

Uforståeleg

sympathy

                                                                                     Bilete lånt frå Google 

I dag vil eg berre utrykkje medkjennsle med alle dei som er berørt av tragedien i Oslo. Vårt vesle land skakar i grunnvollane i dag, og eg føler meg hjelpelaus. Må me ikkje la oss oppsluke av hat, men jobbe for ei fredleg verd.

fredag 1. juli 2011

Pauseinnslag

Det er nemleg det dette er. Livet står liksom litt på pause, samstundes som det går framover akkurat som det pleier. Eg har nemleg fått beskjed om å berre “ruge” framover. Kan ha forholdsvis normal aktivitet, bortsett frå at eg ikkje skal både det eine og det andre. Dermed vert det litt begrensa kva eg egentlig kan gjer. I tillegg kan eg ikkje fly, og skal ikkje vera lenger vekke frå næraste sjukehus enn max 2 timar. Altså vert det ikkje den store feriesommaren i år, men hytta ligg berre 50 min frå sjukehus, så dit kan eg i alle fall  reise.

Henriette Juni 048Eg har funne ut at dette er ein glimrande anleding til å lime bilete inn i album, så alle scrappesakene er henta ned frå loftet (ikkje av meg), og håpet er at til knøttet gjer sin entre`har frk dings og storebror fått sine eigne album. Det er jo lov og håpe……..;)

Ha ein flott sommar. Eg kryssar fingrar for at sola snart dukkar opp, slik at eg får følelsen av at det faktisk ER sommar…

Henriette Juni 469