onsdag 23. juni 2010

La humla suse…..

 

…………var forsåvidt det eg gjorde i formiddag. Skulle sitte inne og skrive forretningsplan, men i staden gjorde eg dette:

Henriette Juni 128

…tok kamera med meg……………….

Henriette Juni 062                ……rusla ut i hagen………..

Henriette Juni 139 

……………fann den nydelege rosebusken full av travle humler……….

Henriette Juni 144                ….og knipsa i veg…………

Henriette Juni 154

No skal eg ta meg saman og skrive litt……….

Henriette Juni 058

…..humla har sust vidare. Hugs å stoppe opp, lukte på rosene og la humla suse innimellom:)

mandag 21. juni 2010

Junidraum.

 

Henriette Juni 048

Denne helga har me tilbrakt i midt private paradis på hytta. Ingen ting for meg er meir sommar enn det å gå den smale vegen ned til sjøen, medan sola skin og lukta av salt sjø kitlar i nasa. Når me kjem til det siste stykket ser me nausttaka og sjøen innrama av grøne trær. Å få gje dette vidare til ungane mine, er eit privelegium.

Henriette Juni 037

Bortsett frå å slå plenen – som er stooooooor- gjorde me ingen ting anna enn å kosa oss og nyta livet;) Hærleg:) Lurer du på kvifor det er så stilt på bloggen for tida? Eg kan ikkje sei så mykje, men eg jobbar med å realisera ein draum eg har hatt lenge. Går alt i boks skal de få veta kva som skjer,og fell det heile i fisk forbigår me det i stillhet;) Men enn så lenge vert det sporadiske oppdateringar.

Ha ein flott Juni:)

fredag 4. juni 2010

Heimelaga

 

På skapdøra på soverommet vårt heng ungane sin dåpskjole til pynt for tida. Ikkje fordi me har umiddelbare planar om å bruka han att, men fordi eg endeleg fekk somla meg til å vaska han her for ei stund sidan. (At det tok vel 3 år treng me ikkje snakka noko meir om.......)

April 114Kjolen vart til då storebror skulle døpast, og me ikkje hadde ein dåpskjole, men i skapet hadde eg mange meter indisk silke som eigentleg skulle vera til brudekjolen min. Men sidan eg enda opp med å leiga kjole, låg silken der og berre venta på eit passande prosjekt. I eit Familien fann eg eit nydeleg mønster, og mammo vart sett på saken.

April 115

Sjølve overdelen er av brokade, og skjørtet er i silke, kanta med brokade. Etter dåpen vart kjolen levert inn til ei som broderte namn og dato på.

April 117

Underskjørtet er rett og slett laga av ein gamal lerrets underkjole...

April 118

Banda med teksten : "La de små barna komme til meg, for Guds rike hører dem til,"  hekla tanta mi.

April 120 April 119

Hua er og av brokade, og kan brukast både til jente og gut. Nyyyydeleg synes eg han vart, og no heng han altså til pynt på skapet vårt enn so lenge. Sidan eg er glad i tradisjonar håpar eg at denne kan gå i arv og verta nytta av mange små dåpsungar i framtida.

Har du ein spesiell dåskjole? Vis han fram om du vil.

God helg♥

onsdag 2. juni 2010

Øvelse gjer mester


No må eg berre trena på meir avanserte mønster. Ein baristas liv er hardt;)