For dei som kjenner meg er dette faktisk ganske sensasjonelt. Eg har nemleg knapt rørt ein symaskin sidan ungdomsskulen, og det er så lenge sidan, at deg vel å ikkje tenkje på det.......Men no har det seg slik at i bloglandia vrimlar det av kreative, syglade sjeler, og eg har tenkt stadig oftare: Kor vanskeleg kan det vera??????
Dette kombinert med vissa om at det på loftet stod ein symaskin, som min snille mann kjøpte til meg ein gong, sikkert i håp om at eg skulle hiva meg over han og produsera dei mest fantastiske kreasjonar, fekk det til å klø i fingrane. Som om ikkje det var nok, har det dei siste 3 åra lagt ,ikkje ein Tilda materialpakke, men 2 stykker i "hobbykorga" på same loftet. Av ein eller anna grunn har eg trudd at berre eg kjøpte dei, så vart dei nok på mirakuløst vis ferdige. Dette har ikkje skjedd, så NO var tida inne. Første prosjekt er dette:
Så no har eg sett meg ned med symaskin, nål og tråd, sydd, brodert og stappa, og kanin nr 1 er nesten ferdig. Litt skeiv og skakk, ulik størrelse på både armar og bein, stripene i kjolen feil veg, og utan hatt! At kanina manglar hatt, er rett og slett fordi eg ikkje fekk til og laga hatten! Ikkje skønar eg korleis det skal gjerast, har prøvd to gonger, men begge mislukka, og til slutt gav eg opp. Då var forsovidt klokka 01.00, og sengetid, men blodtrykket var sikkert ikkje foreneleg med å prøve og sove. Eg var allerede rimeleg heit etter å ha slost med å sy rosene, men dei fekk eg i alle fall i havn til slutt. Her er prøvekanina:
Eg trøystar meg med at reaksjonen til frøken dings var akkurat som håpa då ho såg kanina i dag tidleg: "Min, Eg vil ha den!" Har eg nok stoff, skal ho få denne til å leika med, så skal eg sy ei ny til Girlanderen, for dette var trass alt gøy:) Og hatten SKAL eg få til, berre vent og sjå.
No skal eg bake Pizzaboller og pakke sekken. I helga skal eg og ungane + svigerinno, (ho har konkludert med at skal ho byrje og bLogge vert blognamnet nettopp svigerinno. Eg seier berre; kom igjen!) og to av ungane på hytta og jobbe. Me held på og pussar opp heile huset (frå 1950) og drøymer om ein skikkeleg sommarhusfølelse. I helga skal me pusse golv, og knuse skap!!! Skal ta masse før bilete, og så håpar eg at det vert masse ettter bilete utover våren.
Ha ei flott helg:0)