torsdag 29. oktober 2009

Hva sker`a........

Baghera? Ingen ting Tingeling...... Og det skulle vel oppsumera det meste her i heimen, og gje ei lita forklaring på den store stilla på bloggen;)

 April 2009 161

Husbonden har vore vekkreist i 14 dagar, og kjem heim i dag. Kombinert med at eg har vore litt ute av drift pga. ei lei forkjøling, har eg rett og slett ikkje hatt overskot til noko som helst, og har knapt nok vore innom bloglandia.

April 2009 188

Det mest spanande som har skjedd, var vel då me måtte på legevakta og plukke ein legodiamant ut av nasa på frk.dings.....Ja,ja det var i alle fall ikkje Nabbiperler, og me rakk akkurat fram til kinoen i tide slik at me fekk sett Knerten. Må tilstå at då tida gjek på legevakta utan at me kom inn, og eg hadde billettane til filmen i veska, var eg rimeleg klar for å gå, med diamant i nasa og det heile, og kome attende etter filmen;)

Oktober 088

Noko hyggeleg som har skjedd var pakken i posten frå Ralfefarfarsparadis. Eg var så heldig å vinne på bloggen hennar, og fekk alle desse godsakene i posten. Snakk om heldiggris:0)

Oktober 095

Stikk gjerne innom denne koslege bloggen og legg att ei lita helsing. Ho har nett mista minsteguten, og fortener litt ekstra varme.

Oktober 034

Desse blomane er til deg. Tenker på deg:0)

mandag 12. oktober 2009

Ein nydeleg haustdag.......

.......fekk meg til å gå tur med fotoapparatet i stadenfor å klyppa plenen. Dermed kunne eg foreviga eit par kandidatar til Moseplassens konkuranse Frk. Haust.

Denne Haustanemona var ein god kandidat, men nådde fakisk ikkje heilt opp.

Oktober 044

Heller ikkje denne nypefrøkna fekk vera min kandidat....

Oktober 061

Men denne frøkna sjarmerte meg i senk med sine glødande fargar, og får lov til å representera Tohustettitett i konkuransen.

Oktober 083

Herved er min kandidat frk. strålande presentert.

Ha ein fin kveld.:0)

Ps: Ikkje gløym å hiva deg på i feiringa mi.

fredag 9. oktober 2009

God helg:)

August 098

Frk dings og eg ynskjer dykk god helg:0)

Biletet er min kandidat til Gullungen for Oktober på Fotoverden.

onsdag 7. oktober 2009

Nå er det jul igjen?????????

Eg må tilstå at eg i år føler meg litt forfjamsa. Det er ikkje så lenge sidan eg tenkte at det framleis var mogleg å sitt ute når sola skein, og kanskje få litt farge på kroppen. Eller at det kanskje var sjangs for litt Indian summer. Eg har faktisk ikkje rukke å ta vekk alle sommerblomane enno, og tenkte eg skulle ta ein tur på plantasjen og kjøpe staudar og buskar på tilbod.. Eg må tilstå at eg stussa litt då eg fann heile plantasjen full av JULEPYNT!!!!!!

plantasjen

                                                   Biletet er lånt frå www.gorken.net

Ute hang plakatane for hagemøblar til halv pris, og inne stirra nissane meg i senk. Eg klødde meg i hovudet og lurte  på om eg hadde mista ein månad eller to på vegen. Det er då verkeleg leeeeeeenge til jul enno, eller?????

Betre vart det ikkje då eg kom heim og fann ut at fleire i bloglandia allereie har starta juleforbereiningane. Julepresangar har vorte handla inn, juledukar strokne og julemagasin og julebøker handla inn. Eg er jo laaaaangt på etterskudd, eg som så vidt har insett at det er haust.

tidlig_jul_07_599068a

No lurar eg på kva tid Julemarsipanen vert lagt ut i butikkane. Nidar pleier jo å vera tidleg ute, men no er dei på helane skal dei følge opp plantasjen. Til gjengjeld er jo Nidar god på å leve opp til sangen: "Nå er det jul igjen, nå er det jul igjen, og jula varer helt til påske.........." For to år sidan var påsken så tidleg, at ein enno kunne kjøpe julemarsipan på tilbod, når påskemarsipanen vart lagt ut for salg. Kanskje vendbare posar hadde vore tingen. Framsida kan vera den tradisjonelle raude julemarsipanen, og på baksida den gule påskemarsipanen, så slepp dei å tape pengar på å selge marsipan til halv pris.

julemarsipan-right

Eg må tilstå at eg er blandt dei som nektar å kjøpe julemarsipan før i Desember, og som let meg irritera over at jula kjem tidlegar og tidlegare kvart år. Mange er jo lei av jula og hiv ut julepynten så snart pakkane er opna. Juleforbereiingar er jo koseleg, og skal ein laga noko eigenprodusert til jul, må ein byrja no, og gjerne lesa litt julemagasin og bøker til inspirasjon, men no er eg litt spent på om jula verkeleg skal byrje allereie i bloglandia. Ting har jo ein tendens til å spre seg her inne, så byrjar fyrst ein så kjem vel resten etter;) Men eg lovar, hos meg er det leeeeeeeeeeenge til jul, og det kjem det tilå vera ei stund til. Eg lovar dyrt å heilagt å ikkje legga ut juleinnlegg før tidlegast i slutten av November. Æresord trur eg.............

god_jul1_mediumAlle bilete er henta hos google.

søndag 4. oktober 2009

Det skal ikkje vera lett......

Kjøleskapet vårt er sansynlegvis alle interiørekspertars skrekk. Skikkeleg  kjedeleg kvitt, og med ørten duppedittar og bilete. Rett og slett ikkje særleg trendy, men ganske koseleg;)

Oktober 001

Øverst i venstre hjørne kan de skimta eit biletet, teke 04.10.02. Husbonden og eg i vårt fyrste bryllupp (for me har to nemleg;) Og det var ingen enkel sak å koma så langt, for me traff nemleg på  noregs verste byråkrat!

Me ynskte å gifta oss borgarleg, og ha kyrkjeleg velsigning og brylluppsfest året etter, så me tok med oss dei naudsynte papira (trudde me) og rusla opp til sorenskrivaren. Dragen bak skrivepulten kikka på papira og såg med ein gong STORE problemer. Husbonden er Gresk statsborger, fødd i Jerusalem, av Palestinsk mor og oppvaksen på Vestbreidda. Greske statsborgarar treng eit dokument frå den Gresk ortodokse kyrkja som fortel om dei er ugifte eller ikkje. Dette hadde me, men det viste seg at det var for gamalt.....Me tutla heim fekk ordna med ei nytt dokument frå patriarkatet i Jerusalem, og vende attende.

drage 

Då hadde dragen ombestemt seg!!!! Me måtte ha eit dokument frå den Israelske staten sidan han var fødd i Jerusalem, og difor hadde Israelsk identitetsnr. Me rusla heim IGJEN for å sjekka opp i dette, og det viste seg at for å få eit slikt dokument, måtte han reisa til Jerusalem og møta opp PERSONLEG, og venta i MÅNADER på å få det utstedt. Sidan husbonden ikkje er Israelsk statsborger var dette eit dokument han eigentleg ikkje skulle ha behov for, så me vende attende til dragen for å snakka med ho. Då fekk me beskjed om at me trengde eit dokument frå ein domstol i Hebron!!! Det einaste me viste om domstolen i Hebron var at det var kaos i området, og at sidan husbonden ikkje er muslim brydde dei seg katten i om han var gift eller ikkje!!! Når dragen so kasta eit blikk på fødselsattesten min, løfta blikket og sa; "Han er litt gamal den fødselsattesten, ja,ja det står vel ikkje om du er gift eller ikkje på dei nye fødselsattestane heller." Då gav me opp!

bureaucracy

Det var tydleg at dragen ikkje hadde nokon interesse av at me skulle få gifta oss. Heile denne prosessen hadde teke nesten 4! mnd, og eg var mildt sagt fortvila. Sidan eg kjende dei som jobba på kyrkjekontoret ringte eg ned og spurde om dei kune hjelpa oss. Dei var velvilligheten sjølv, og ba oss koma ned med dei papira med hadde. Me so gjorde, dei kikka på papira og sa: "Me kan ikkje sjå noko gale med desse papira. Me sender dei inn, og om ca ei veke vil de få svar. Ei veka seinare, ein fredag, ringer elefonen:  "Hei, det er frå kyrkjekontoret. Papira dykkar er i orden, og det er ingen ting i vegen for at de kan gifta dykk." Jippi!!!! Kan me få det til neste fredag????  Ei litt forfjamsa stemme svarar at Prosten har fri i dag, og at ho må høyra om han er ledig. Mandag får me beskjed om at alt er i orden, me kan gifta oss fredag.

N0250_jpg__[150px] 

Me går rett til gullsmeden og bestiller ringar, og spør om dei kan ha dei klar til fredag, noko dei trur skal gå bra. Samme runde hos blomehandlaren, som ikkje kan skaffe Cala, men Marthaliljer hvis det er greit?" Jada, kva som helst berre me vert gift!!!!" Frisøren har ledig time, og lovar å gjere seg ekstra føre når eg forsiktig seier at eg skal gifta meg den dagen.....Prosten må snakka med biskopen sidan me ikkje ynskjer ein vanleg vigsel med forbøn, sidan me skal ta den delen neste år, berre sjølve vigsla. Dette har dei aldri gjordt før, men jammen er det i orden og. Lukke.

Oktober 003

Snille svigerinno og mammo lurte på om dei ikkje kunne få laga eit lite selskap for oss, sidan me trass alt gifta oss den dagen. Dermed fekk me ein nydeleg seremoni i Stord kyrkje, med ein flott tale av Prosten, og eit flott selskap heime hos mine foreldre, med 19 gjester, og bryllupsmiddag med lammelår, fløytegratinerte poteter og bryllupskake. Ein fantastisk dag, og ein forsmak på den STORE dagen me skulle få 16.08.2003, men det er ein anna historie.

Til dragen har eg berre ein ting å seie: Me vart gift og er det fortsatt 7 år seinare,og beviset heng på kjøleskåpet. Ha!!!!!!

Dei tre midterste bileta er lånt frå Google

lørdag 3. oktober 2009

Hurra for meg!!!!

Juni 103

Torsdag var det 1 år sidan eg la ut dette innlegget, og starta blogkarrieren. I løpet av dette året har eg blogga om stort og smått, og vorte "kjent" med mange koselege bloggarar. Dette synes eg fortener ei lita FEIRING:) Alle som legg att ein liten koseleg komentar til dette innlegget er med i trekninga om ein premie, og linkar du på sida di får du jammen meg to lodd i trekninga;)

Hovedpremien er dette:

untitled

Deileg bodyscrub med olivenolje og dødehavssalt, økologisk produsert, og berre med naturlege ingrediensar.Herleg å  skjemme seg sjølv vekk med på sure haustdagar.

Dei som ikkje er fullt så heldige, må nøye seg med noko til bruk i huset.

madrassrens 

  Dette er er eit produkt som eg ikkje klarar meg utan. Ungane har kvar sin recliner i microfiberstoff, og dei sølar og grisar i desse stolane rett som det er. Eg sprayar med denne, ventar litt og vaskar med ei fukta microfiberfille, og stolane er gode som nye. Dersom uhellet skulle vera ute, og dei kastar opp i bilen, brukar eg denne på seta, og lukt og flekkar er ein saga blått. Det samme når det har vore uhell i senga. Sprayen er biologisk nedbrytbar, og vert anbefalt til å rense madrasser og anna, der ein har astma og allergi, då han inneheld microorganismar som fjernar husttøvmidden si avføring, som jo er det som utløyser allergien. To heldige vinnarar får denne i trøystepremie.

Premien vert trekt 1.november. I mellomtida kan de kvila augene på denne strålande blomen medan regnet ausar ned på utsida:)

August 193