mandag 15. juni 2009

Hello Kitty!!!! Goodbye Norway...........

No har det vore stille leeeenge på bloggen min. Ein aldri så liten blogtørke rett og slett. Veka har vore travel, mannen vekkreist og eg har lekt vertskap for litt familie frå Amerika. Altså ikkje tid for blog. Det heile toppa seg i helga med bla 20 års "jubileum" for klassen frå barneskulen på laurdag. Ein utruleg koseleg kveld, som ildsjelene som stod bak fortener ein STOOOOOOOOR takk for. Eg håpar at det ikkje vert 10 år til neste samling. Eg kan stille med Hello Kitty kake til dessert, og stå for kaffikoking, hi,hi;) Sundagen gjekk nemleg med til kakebaking til niesa mi på 7, sin bursdag.

Mai 2009 466

Her er kaka som eg rett og slett er litt stolt av . Eg er ikkje nokon bakemester når det gjeld sukkerbrød, men jammen fekk eg det til. Kaka er laga av to store sukkerbrødbotnar, ein firkanta og ein rund, som eg rett og slett skar til for hand. Så fylte eg kaka med vaniljekrem og ferske jordbær, la på marsipanlokk og laga melis icing av eggekvite, sitron og melis som eg piska. Eg likar enkle løysingar, og syntes eg gjorde eit kupp då eg fann jordbærmelis! Ferdig rosa og med god smak, hurra!!! Kaka vart knallgod, og bursdagsbarnet som hadde jentene i klassen på besøk var stråland nøgd:0) No har eg lova frøken dings ei Hello Kitty kake til bursdagen, som er like om hjørnet.

Mai 2009 386

Sidan me har lyst på fleire dagar som den på biletet over, der me bada heile dagen, set me oss på flyet til Mallorca i morgon. 14 dagar med sol og bad, og laaaaangt vekke frå irriterande telefonar frå mannen sin jobb, juhu!!! No håpar eg berre at det skal plinga på telefonen slik at eg kan henta pakken frå H&M, som skulle vore levert i forrige vekke. Ellers må eg ut å kjøpe Hello Kitty badedrakt og ei McQueen badebukse asap!!! I så tilfelle kan eg legge ut for sal 1 stk sommergarderobe for jente str 98 og gut str110, når me kjem heim............

Mai 2009 353

Då håpar eg de får fint ver her oppe i nord, og så skal eg prøve meg på litt mobilblogging frå Mallorca;) Beklagar at eg ikkje får lagt att komentarar til alle dykk gode blogvener før eg fer, men koffertane ropar.Det er nemleg avreise til Stavanger i kveld då flyet lettar 07.00 i morgon tidleg.  Klem frå meg:0)

fredag 5. juni 2009

Nett rot

Handlenett_peon2

Eg er blandt dei som synes at det er ein kjempeflott ting å bruka handlenett i staden for plastikkposar når eg er ute å handlar. Eg har fleire gode variantar i hus. Eit par store svarte frå Coop kjeden, eit stort raudt med påskrifta "Store poser lønner seg" , frå Ica Maxi, (Er litt usikker på om store posar på Ica Maxi lønar seg for meg eller Ica Maxi...........) og eit par mindre stoff nett frå Sykepleierforbundet, Norwex og andre kjekke aktørar. Desse netta har god plass, og rivnar ikkje for den minste ting i tillegg til at dei er miljøvenlege:0) Med andre ord er handlenett tingen.

untitled coop

Det er berre eit problem: Eg må hugsa å ta dei med meg når eg handlar!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!! Legg dei i bilen tenkjer du no. Jada, eg har lagt dei i bilen, og der ligg dei fortsatt når eg står i kassen og skal betala!!! Eg kan jo sjølvsagt kjøpa eit nytt handlenett, som heng attmed kassen, i staden for å kjøpa ein pose, men eg er litt usikker på om det er miljøvenleg å ha ørten handlenett liggande? Dersom alle skal ha så mange handlenett vert det vel ein del utslepp og andre rare ting når dei vert produsert?

handlenett__krysantemum__bomull

Eg trur nemleg det er fleire enn meg som slit med dette problemet. Dyrt vert det og i lengden om ein skal halde på å kjøpe handlenett. Dermed endar eg rett som det er opp med å ta ein pose i staden, men helst ein av det (litt) miljøvenlege slaget dersom det er mogleg. Ein kan sjølvsagt sy handlenett sjølv, og bruke gamle tekstilar om att. Meir meiljøvenleg enn det går det vel ikkje an å verta, men med den tida det tar meg å sy noko som helst, har eg kjøpt maaaaaaaaange posar før eg kan putte ting i eigenprodusert handlenett.

439658616b0e9be86a49e1b52a7c175d_image_360x360

No lurar eg på om det er mogleg å lage ein slags oppbevaringsstad for handlenett på butikkane? Dei gongene ein hugsar å ta med seg handlenett kan ein ta med seg mange og legge i haugen, og så kan ein forsyne seg der når ein gløymer å ta med seg handlenetta inn. Eller kanskje butikkane kan lage ørsmå oppbevaringsboksar, med plass til godt samanrulla handlenett, så kan ein leige seg ein slik boks til alle handlenetta, og hente dei der når ein handlar. Einaste problemet då er at ein må hugse nøkkelen......................

handlenett__sommerfugler__bomull

Har du eit godt forslag til korleis eg kan løysa problemet, vert det tatt i mot med takk.

Ha ein flott dag, eg skal ta med meg handlenetta på helgehandel;)

Alle bilete er henta frå Google. Trykk på bileta så kjem du til sida du der bilete er henta;)

onsdag 3. juni 2009

Valgets kval

 

Kva me skulle gjera i ferien har lenge vore uvisst. Husbonden vil til syden, sol og varme, storebror vil til Danmark med Randres regnskog og Legoland, slik som i fjor, og ho mor veit rett og slett ikkje kva ho vil. Frøken dings har foreløpig ikkje stemmerett;)

Etter mykje om og menn og att og fram har eg plutseleg fått det for meg at me skal til Mallorca. 14 dagar med sol og varme høyrest fantastisk ut, og Mallorca ligg ikkje meir enn 3 timar og 20 min vekke med fly. Eit særs viktig poeng ettersom eg ikkje likar og fly, og dei siste flyturane stort sett har inkludert minst eit sjukt familiemedlem - meg.........Dermed byrja prosessen med å tråla tilgjengelege reisemål på Mallorca etter det ultimate hotellet. I den samanheng er bilete viktig. Og her var det eg gjorde mi oppdaging - reiseoperatørane føl trenden, og let flinke interiørstylistar og fotografar presentere hotellet og omgjevnadane. Ikkje nødvendigvis særleg vellukka!!!!!!!! Bileta er fine, men eg vert jo ikkje særleg klokare. Berre sjå her:

LPACPX11269_4  LPACPX11279_4

Det er tydeleg at badet er heilt tipp topp. Her går det an å henge opp bikinien inni dusjen (eg antar at det er dusjen me ser) og på vasken er det plass til toalettveska og tannglas. Det står ikkje noko i tilbodet om toalettveske og bikini allereie er på plass når me kjem, men eg trur eg vel å ta med min eigen for sikkerhetsskuld.

untitled5

Trappa er jo berre lekker, spesielt med dei fine blanke sandalane med blå såler som matcher trappa. Berre so dumt at eg  ikkje har slike sandalar, og mine svarte vil vel ikkje ha same effekten.....

untitled 2

Eg er i alle fall glad for at dørene tydelegvis kan låsast. Då kan me sova trygt inne på rommet, der det i alle fall er plass til storebror si eventuelle dinosaursamling.

untitled

Det nederste bilete er med, då eg gjerne bur på eit hotell med slik service.....

untitled 4

Då er det berre å velgje seg ut eit hotell, og håpe at romma faktisk liknar på noko av det turopperatøren har prøvd å gje oss eit bilete av;)

Heldigvis finst det skikkelege bilete og;) Me landa på dette  hotellet

untitled I untitled III

untitled IV untitled V

untitled VI untitled VII

sjølv om eg ikkje veit om det er plass til toalettveska på vasken, bikinien i dusjen, om sandalane mine matchar trappa eller om døra kan låsast.........................Hvis alt går som me vil reiser me om ca 14 dagar, juhu:0)

Alle bilete er lånt frå Ving sin katalog.