mandag 19. november 2012

Dagen derpå

Det er dagen i dag. I går hadde me nemleg barnedåp med ikkje mindre enn 50 gjester! Dagen i dag har dermed gått med til å ta meg inn att.

Dagen starta lett kaotisk. Sjølv om prosessen med å få alle klar starta 2 timar før me skulle ut døra kom me til kyrkja 2 minuttar før gudstenesta. Sidan me var einaste dåpsfylgje den dagen, var dei litt nervøse for om me kom…..At den litle storebroren kasta opp i bilen på veg til kyrkja gjorde ikkje saken betre. Takk og lov for at svigerinna stod parat til å overta guten, og fekk på han reine klede, medan me trødde hovedpersonen inn i dåpskjolen. Det er vel ikkje heilt usannsynleg at me såg litt forkava ut når me kom inn i prosesjonen. Veslesyster skreik av full hals, og med maten trygt forvart innafor bringeduk og bunadskjorte på ein hardangerbunad, var matinntak før gudstenesta var over, heilt uaktuelt. Ho roa seg heldigvis når eg gjekk att og fram med ho, så eg fekk med meg mesteparten av gudstenesta ståande litt bak i kyrkja. Men roen senka seg, og me hadde ei flott stund i kyrkja. Eg hadde spurt ei veninne om å synge “ Lite barn som kommer “ og “ Sov du lille, sov nå godt, nå er du døpt ditt hår er vått “ Nydelege sangar og eg skulle gjerne lagt ut video, men er ikkje heilt sikker på om ho er lysten på å verta lagt ut på youtube.

IMGP7595

Hovedpersonen sjølv sov seg gjennom mesteparten av dagen, og oppførte seg stort sett eksemplarisk. Eg har innsett at med 4 ungar, der 2 stk er under 15 mnd, er cluet å delegere. Eg delegerte dermed vekk all kakebaking, og laga ikkje ei einaste kake. Masse nyyyyyydeleg gode kaker, og eg kan berre sei tusen tkk til alle som baka til oss. Dåpskaka bestillte me frå ei som bakar kaker på fritida, og som berre er heilt fantastisk. Eg har lånt eit bilete av kaka vår frå facebok sida hennar

531024_443016702427890_990029630_n

Har de sett noko så nydeleg? God var ho og, så bur de i nærleiken og treng kake, er det berre å bestille. Kikk gjerne på facebook sida hennar : Magnhilds temakaker, og la deg imponere. ( Nei, eg er ikkje sponsa, berre fornøgd kunde )

IMGP7481

Her ser de litt av det festpynta bordet. Nokså enkelt, men eg synest det vart veldig bra.

I dag var det verkeleg dagen derpå. Eg har rett og slett ikkje orka å gjera meir enn akkurat det nødvendigaste, så dagen i dag har stort sett bestått av å ete kakerestar og drikke kaffi mellom bleieskifta. Då eg haldt på å sovna sittande i sofaen, med kopp og asjett i handa, fann eg ut det var på tide å setta tinga frå meg på bordet og legga hovudet nedpå litt. Eg rakk akkurat 5 minutt før veslesyster vakna. Akk, ei småbarnsmor sin kvardag, hi,hi. No skal eg tusle meg i seng og satse på at eg er vaknare i morgon. God natt: