torsdag 8. september 2011

Mens me ventar………

 

……..har eg strikka litt. Eg har snart tilbrakt mesteparten av 3 mnd i sofakroken. Treng ikkje ligge heile tida, men må ta det veldig med ro. Dermed har eg for fyrste gong i mitt liv strikka eit heilt sett!!!!

div

Eg er i grunnen ganske stolt av meg sjølv……..Diverre vert det ei stund før me kan ta det i bruk. Eg har strikka  str 3-6 mnd for å vera sikker på at eg skulle verta ferdig. No visar det seg at knøttet skal ut seinast om ca 3 veker, nærare 4 veker før termin, så då tar det nok ei stund før han veks inn i dette settet. Eg må tilstå at eg gler meg til alt er over. Guten veks og har det berre bra, men etter ein støkk for 14 dagar sidan, der eg vart sendt med blålys til næraste større sjukehus, og måtte  vera klar til KS, kjenner eg at det har vore nok spenning for ei stund. I dag kan eg krysse av for 34 fullgåtte veker, så no er det ikkje krise om han kjem. I morgon er det kontroll, og fastsetting av dato for KS. Spennande.

Første skuledag 017

Sidan sist har storebror vorte skulegut. Etter ein heller laber start har skulen no vorte ganske ok. Rart å tenke på kor stor han har blitt.

Ha ei flott veke:)