lørdag 29. november 2008

Advent

Då har me endeleg kome til første sundag i advent. Eg ventar alltid med å pynte, lytte til julemusikk og ete diverse juleprodukter til me anten skriv 1. desember eller første sundag i advent. Så i frå og med i morgon, er jula på rask innmarsj i huset her. Dei første teikna har allereide dukka opp. Stjerne og adventsstake i vindauga, lilla løparar på bordet, og sjølvsagt min heimelaga adventsstake på spisebordet. I mange år har eg laga ein adventsstake med, mose, englar julestjerner og lilla lys, men i år hadde eg lyst til å fornye meg litt. Eg har lete meg inspirera av kvite kubbelys, og adventstall, og i år ville eg prøva det. Men eit par englar måtte eg ha med likevel.
Denne stor kvite passa jo godt inn, og den litle Luciaterna måtte eg og ha med. Luciaterna har ein heilt spesiell historie. Ei av niesene mine har Downs syndrom, og eit år, ikkje så mange år etter ho vart fødd, fann mora hennar og eg nokre slike figurar, og me syntes dei hadde typiske Downs trekk ; breie, flate naser, breie hender og litt skrå auge. Me var jo nødt til å ha med oss kvar vår heim;) Sidan den tid har figuren hatt fast plass i adventsdekorasjonen min, og det må vera minst 10 år sidan ho vart innkjøpt.



Tala har eg kjøpt på Kremmerhuset. Eg hadde eigentleg sett meg ut nokre nydeleg tal få Annas rom, men sidan eg ikkje skulle ha noko anna der, og portoen var nesten det dobbelte av prisen for tala, vart det desse i staden. Mosen har eg henta i hagen i ausregn i dag, og sviblane kjøpte eg på Plantasjen, men det var berre så vidt det vart kvite julestjerner på meg. Plantasjen hadde ingen, og berre tilfeldigvis fann eg 2 på Ica maxi, blandt alle dei raude:) I morgon skal første lyset tennas, og så er det berre å venta på jula:)

fredag 28. november 2008

Julekjolen i boks:)

Sjå kor fin!!!!!!! Eg har hatt lyst på ei fin kåpe til frøken dings sidan ho var fødd trur eg, men synes ho har vore for lita fram til no. Men i går slo eg til. På ein av favoritt butikkane mine fann eg denne nydelege kåpa - til halv pris! Eg måtte jo slå til, men kjøpte ho stor, så ho held ei stund. På samme butikken fann eg endeleg julekjolen til frøken dings. Eg har leita ei stund, men har ikkje heilt funne noko eg verkeleg har likt, men denne syntes eg var nydeleg. På blusen er det små rosa og raude hjarter på kragen, små hjarteforma knappar, og ein holsaum på kvar side av knappestolpen.
Jammen fann eg skjorte og genser til storebror og, så då manglar eg berre bukse til storebror, så er juleklærne i boks. Skal ut ein tur i morgon og prøve å finne ei mørkebrun cordfløyelsbukse.



Dei kjem til å verta såååååå fine. Eg gler meg til å sjå antrekka på. Det beste med gårsdagens fangst var at alt var til halv pris:) Eg har nemleg ei grense for kor mykje eg likar å bruke på klær som vert for små alt for fort, så ofte når eg finn noko eg likar, synes eg det er litt for dyrt, men 1000,- kr for kåpe, kjole, bluse, skjorte og genser synes eg var akseptabelt:) Eg fekk og unnagjort ein heil del på gåvelista mi, så no føler eg at ting er under kontroll. Skal ha ein dag i neste veke, og ordne resten når ungane er i barnehagen og eg har fri. I morgon skal eg ut og kjøpe kvite minijulestjerner, kubbelys og litt oasis til adventsstaken min. Skal bli kjekt å byrja og adventspynta:0)

torsdag 27. november 2008

November

Hos oss er det skikkeleg Novemberver i dag. Det bles og regnar, og vert liksom aldri heilt lyst, men hos oss er det sommar likevel. Storebror er fortsatt sjuk, og no surrar og går "Vi på Saltkråkan" på DVD spelaren. Kjempekoseleg serie som eg er veldig glad i, og på Saltkråkan er det alltid sol og sommar - nesten i alle fall.
Så sjølv om illustrasjonen over ikkje er heilt betegnande, me manglar katten og storesystera, så er det nesten sånn. Vått, surt og kaldt ute, og varmt og koseleg inne. Illustrasjonane er henta frå ei gamal Elsa Beskow bok eg fekk då eg var liten: "Årets saga". Kjempeflotte illustrasjonar, og artige dikt om årstidene. Og snart er det jul.

Difor, når husbonden kjem heim om ein liten time, overtar han hus og ungar, og så reiser eg og svigerinna mi på julepresanghandel. Lista er klar, og eg håpar å vera ferdig med det meste etterpå. Det vil i så tilfelle vera ny rekord for meg. Eg er alltid seint ute med dei siste innkjøpa før jul, men forhåpentlegvis ikkje i år:) Ha ein fortsatt god dag.


onsdag 26. november 2008

To molly with love...........og ein award!

Dette hjarta er ei sympatierklæring til Molly: http://meandmolly.blogspot.com/ Eg vonar dagen i dag er betre enn dagen i går for deg Molly. Stå på!!!!!! Hjarta kan og vera ei påminning om at me må verta flinkare til å visa at me set pris på kvarandre. Det kan ikkje seiast for ofte:)
Solveig i http://solveig-minverden.blogspot.com/ viser stadig at ho set pris på andre, og denne gongen hamna denne koselege awarden hos meg. Tuuuuuuuusen takk! Eg skal nok gje han vidare, men må berre tenka litt først;) Ha ein flott dag.

tirsdag 25. november 2008

Ut på tur....forts

Neste morgon vakna eg og følte meg ikkje særleg oppegåande, men eg tenkte at ein god dusj, og eit par Paracet ville nok gjera susen, så eg stod opp og åt frukost, og vart med inn på messa saman med husbonden. Ein frå firmaet han jobbar for kom og henta oss, og køyrde oss inn. Etter ein og ein halv time hadde eg fått nok, og fekk meg ein taxi attende til hotellet, krøyp under dyna, og vart der resten av dagen....................Ikkje heilt slik eg hadde tenkt meg det, men eg konkluderte med at det trass alt ikkje var så verst. Eg hadde ingen andre enn meg sjølv å ta hensyn til, roomservice dukka opp med mat og drikke når eg måtte føle for det, og eg hadde med meg ei god bok eg kunne lese i når eg måtte få lyst til det. Bilete ovanfor er lunchen min den dagen. Slett ikkje verst. I løpet av dagen ringte mobilen. Det var frå barnehagen, storebror hadde fått feber, og dei hadde gløymt å få nummeret til besteforeldra, om eg kunne få dei til å henta han...........Det ordna eg sjølvsagt, og sjølv om mammo helst ville tatt seg av guten sin sjølv, var det godt å ikkje trenge å ta hand om andre enn seg sjølv............
På badet hadde dei dette søte stativet med såper, som vart fylt på kvar dag. Syntes det var ganske så fin variant. Har sett litt ymse på ulike hoteller, og sidan dette var sigthseeingen min den dagen var det best å forevige dei;)


Framom toalettet hang det ein telefon.........litt usikker på kva anledningar dei hadde tenkt me skulle bruka den, men det kan jo vera praktisk når ein går tom for dopapir.........


Dette er utsikten frå balkongen vår. Hotellet låg litt oppe i fjellet nord for Athen. Ein nydeleg plass som nesten ingen Taxisjåførar visste kvar var. #%&%¤#"""&&%. Taxisjåførane i Athen er forsovidt eit kapitel for seg sjølv. Anten gadd dei ikkje stoppa i det heile, når me vinka på dei, ellers så visste dei ikkje kvar dette var, eller det var for langt vekke, eller.........Laurdag kreka eg meg ut på eit kjøpesenter for å kjøpe presangar til ungane. Kunne jo ikkje koma heim utan, men eg gav opp ganske snart og ville berre attende til senga på hotellet. Etter å ha prøvd å få taxi i 2!!!!!!!!! timar, kom mannen og henta meg. Då bar det rett til legen, som kikka meg i halsen, rygga bakover og okka og oia seg over alt belegget, og alle streptokokkane som budde i halsen min. Han skreiv ut ymse diverse sortar medisin, og etter å ha lagt att 80! euro på apoteket kunne me vandra ut med ein berepose medisiner.



Etter å ha inntatt ein coctail av piller, var eg med ut på ein utruleg koseleg forretningsmiddag, der me fekk servert t-bein steik og biffar på størrelse med elefantar. Knallgodt, men det var litt begsrensa kor mykje eg fekk ned. Alt i alt ein svært annleis tur enn det me hadde tenkt, men eg angrar ikkje på at me reiste. Som sagt så kunne eg pleia meg sjølv utan å tenkje på nokon andre, og det er jo ein sjeldan luksus for ei småbarnsmor;)
Då me kom heim var batteriet på bilen flatt, så me fekk ikkje start, og dagen derpå starta med at frøken dings spydde i senga, og etterpå var det rett til legen med storebror............Så no er altså 3 av 4 på antibiotika, for frøken dings var ferdig med sin kur i går;) Herretter reknar me med at det berre gåt oppover, så no gler me oss til jul. Neste innlegg skal IKKJE innehalde sjukdom, berre juleforberreiingar - trur eg..........Ha ei god natt:)



Ut på tur, aldri sur:)

Då var det på tide med ein aldri så liten rapport frå det store utland. Som eg nemde i går, så vart ikkje turen til Athen akkurat som planlagt, men alt i alt så var det ikkje så verst. Først var det jo alt styret med å komma seg avgarde. Skal - skal ikkje, skal - skal ikkje.....Dette pågjekk ei stund før me landa onsdags formiddag på SKAL. Då var det berre å hiva seg rundt i ein viss fart, for me hadde ikkje så mange timane å gjera alt på, før ferja gjekk, men me kom oss avgarde utan å gløyma meir enn hårvoksen min. Trass alt ikkje det verste å reisa i frå;) No må eg tilstå at eg har eit snev av flyskrekk, så det var ikkje fritt for at eg var noko nervøs. Eg går alltid rundt og er sikker på at akkurat det flyet eg er med i, kjem til å ramla ner, og at eg ikkje kjem heim att. Oppe i hovudet mitt gjekk dette så lang denne gongen, at eg var litt bekymra for at me ikkje hadde laga noko skriftleg på kven som skulle ta seg av ungane dersom me ikkje kom att. Turen til Amsterdam gjekk greit, men til Athen var det litt turbulens, så då bestemte eg meg for at berre eg kom heim att, skulle eg aldri meir fly!!!!! Har forsovidt ombestemt meg att, for me kom jo trygt heim denne gongen og..............Eg meinar at flykapteinen burde annonsere over høgtaleranlegget kvar gong han skal forandre lyd i motoren. "Dette er kapteinen, nå skal vi legge oss litt lavere, og det vil derfor oppstå en endring i motorlyden, men dette er helt normalt, og skyldes ikke akutt motorsvikt." Då hadde sånne som meg sluppe å studera flyvertinnene for å sjå om dei ser ut som om panikken er i ferd med å innhenta dei, eller om dei berre leitar etter fleire kaffikoppar. I taxien på veg til hotellet slo det meg at faren sikkert var større for at noko skulle skje når sjåføren la inn hotelladressa på GPS`n mens han køyrde på motorvegen, enn når me var ute og flaug, men alt er liksom tryggare når me berre befinn oss på landjorda...... Første dagen koste me oss i Athen. Rusla rundt i gatene, og lot oss facinera av korleis det dukka opp gamle små kyrkjer midt inne i sentrum, mellom høge betongklossar. Framom ein av dei sat denne nydelege gamle kona.
Eg synes ansikt som viser levd liv er så flott. Og denne gamle kona var full av liv, og med glimt i auga. I redsel for eit "oppstilt" bilete dersom eg spurde om lov, sneik eg med til å fotogarfera ho. Har dårlege erfaringar med at folk stivnar, og tek på seg ei maske dersom dei veit at dei vert fotograferte.

Denne floristen syntes eg og var så sjarmerande, at eg måtte ha eit bilete av han, der han stod og pusla med rosene sine. Eg elskar blomebutikkane rundt i middelhavslanda. Alle dei flotte fargane, og dei nydelege bukettane. Skulle berre kunna kjøpt med meg heim.




Me hadde oss ein tur i eit "Totto tog" som ungane kallar det. Eit lite dieseldrive turisttog som køyrde oss rundt i gatene i Athen, og opp til Akropolis, medan guiden annonserte severdighetane me passerte. Guiden snakka så utydeleg, og med så sterk aksent, at eg forstod svært lite. Ein gong toget strevde seg opp ein bratt bakke, kunne eg ha sverga på at ho sa : "Du har no lagt på deg 6 kilo." Med tanke på den store, deilige lunchen me hadde ete kunne det forsovidt stemma, men av ein eller anna grunn trur eg det var noko anna ho sa..........Då turen var ferdig var baken øm etter all ristinga, og det føltes som om alle invollane hadde skifta plass minst ein gong.

Tanken var at eg skulle inn til Athen att dagen etter medan husbonden var på messa, og då skulle eg gå på Akropolis, og ta meg ein shoppingrunde. Den gong ei............................Heile dagen hadde eg kjent på sår hals, og vondt i hovudet, men med inntak av Paracet og Ibux med jevne mellomrom gjekk det heilt fint, men i neste innlegg skal eg visa kva eg fekk sett dagen etter. (Fekk nemleg ikkje til å legga inn fleire bilete i dette innlegget)




mandag 24. november 2008

Heime att!


Kikkar eigentleg berre innom for å sei at det er liv i oss enno:) Me hadde ein fin, men noko annleis tur enn den me planla, men det skal eg prøva å få sagt noko om i morgon.............
Tusen takk for dei koselege komentarane som låg og venta, gler meg til å kikka innom hos dåke alle. Har ikkje fått gjort det enno, då dagen i dag har gått med til å tørka spy, og gå til lege. Pr. i dag er 3 av 4 i huset på antibiotika, så alt er som før. Knis.....Kan jo ikkje anna enn å le heller, og tenkjer som så at no har vel me hatt vår dose, så treng eg ikkje bekymra meg for det før jul;) Ha ein fin kveld, me sjåast i morgon.

onsdag 19. november 2008

Då reise me:)


Husbonden var på legevakta i går, og då fekk han ny beksjed: Halsbetennelse, og dermed antibiotika. Resultatet er at han føler seg mykje betre, så me tek sjangsen og set oss på flyet i kveld. Det betyr at eg driv med litt panikkrydding, og pakking av våte kler som eg ikkje har rukke og tørka............Husbonden er avgarde og skiftar dekk på bilen, for det er fare for at det er snø når me kjem att. Værmeldinga for Aten seier sol og 20 grader!!!!!! Fyldig rapport kjem når me er attende. God veka/helg:)

tirsdag 18. november 2008

No heg det i ein tynn tråd.......


Omtrent slik såg husbonden ut då han vakna i går morges. Det vil seie, når det vart lyst nok til at eg kunne sjå han. Eg vakna i 4 tida av at heile senga rista pga frostbyene til sengekameraten min. Rusla opp på kjøkenet og fann to Paracet til han og sovna att. Då det vart tid for å stå opp viste febermålet 40, så han vart sendt rett til legen. Me lever jotrass alt i håpet om ein tur............Ingen trøyst å få hos doktormannen - virus - influensa, må berre ta tida til hjelp.....høyrt det før?????? Men me ville jo berre ha litt antibiotika og ynskje om god tur:(
No påstår husbonden at han er betre i dag, men når eg gløttar bort på sofanen, der han ligg strekk ut under pleddet er eg ikkje heilt overbevist. Har ikkje avbestillt billettane enno, men har vel instilt meg på at det vert resultatet, men det er som kjent von i hangande snøre, så me ventar litt til. Storebror skal til øyre, nase hals spesialist på Haukeland i dag, så me får ta ein oppsumering av helsetilstanden i heimen når me kjem heim att. Ha ein flott dag:0)

søndag 16. november 2008

Familiesøndag

I dag har me hatt skikkelig familiesøndag. Mor i nabohuset inviterete heile gjengen på hjorte - og elg - steik. Det vil sei at me var 19 stykker med smått og stort, utruleg koseleg:) No er det jo sånn at mor i nabohuset er ikkje heilt ung lenger, og sjølv om ho er kjempesprek til å fylle 80 1.januar, er jo ikkje middag til 19 noko å kimsa av, så dessert og kaffimat gjek me saman om. Svigerinna mi laga ei ENORM skål med dronning Mauds pudding, og nydeleg kake, og eg hadde lova å laga sjokoladekjeks til å ha attåt isen. Men i går kom storbror over dette heftet som fulgte med då me handla vintersko, og etter at eg hadde lest titlane høgt ville han lage "Anna Banana kake"
Av og til er ho mor snill og gjer som ho får beskjed om, og eg laga "Anna Banana kake" til kaffien. Frøken dings - som heldigvis var feberfri i dag - og storebror stilte som kjøkkenhjelp og rørte saman kakerøra, og resultatet vart slett ikkje verst. I tillegg laga eg sjokoladkjeks som planlagt. Har funne oppskrifta på ein blogg som eg diverre ikkje hugsar namnet på , men dei er knallgode. Lagar deigen klar på førehand, og legg dei på plate og steiker dei rett før servering. Serverast varme med vaniljeis - mmmmmmmmmm.

Som nevnt ovanfor er frøken dings heldegvis mykje betre i dag. Takk og lov for Penicillin. Frå å vera glovarm og slakk i går kveld - sov ho til 10.00 og vakna feberfri! i dag. Ho er framleis slakk og tek lett til tårene, men likevel myyyyyykje betre:) No vågar eg å tru at det vert tur til Athen likevel. Billettane er bestillt, og takka vera mi snille svigerinne, reiser me onsdag ettermiddag, i staden for torsdag morgon, og får heile torsdag for oss sjølve før messa startar. Veit ikkje heilt korleis eg skal få gitt uttrykk for kor stor pris eg set på ho. Kikkar ho innom her (og det hender) får ho i allefall ein ide:) Ha ei flott veke!


lørdag 15. november 2008

Så var det på`an igjen........

Eg er ikkje så flink med oppdateringar, og det å leggje att komentarar for tida, men det har sin naturlege forklaring; frøken dings er sjuk att. Stakar litle prinsessa har hatt 40 i feber i nokre dagar, så i ettermiddag ringde eg til legevakta. Heldigvis har me ei legevakt som fungerar godt, så me kom til med ein gong. Så kjapt faktisk at då sjukepleiaren i telefonen sa eg berre kunne koma bort med ho, vart eg heilt forvirra, og måtte spørja om ho meinte no med ein gong.....Er ikkje van med at det går så fort:) Det viste seg at tøtta hadde hovne mandlar og CRP på 109, så då fekk me Penicillin, og forhåpentlivis kan me sjå betring utpå dagen i morgon. Det er ikkje noko kjekt når feberen ligg i overkant av 40, då vert sjølv sjukepleier mammaer bekymra....

Desse bileta vart tatt i sommar, utanfor naustet vårt på sommarhuset. Gjett om me koste oss der når temperaturen på land låg rundt 30, og det steig til over 22 i sjøen. Kven tenkte på syden då;) Godt å sjå tilbake på slike dagar når vinden slit i huset og det regnar vanrett, slik som i kveld. Ellers så er det meste som før hos to hus tett i tett. Musa gneg som ho skulle hatt betaling, og me har sjuke ungar, så hvis det går ei stund til neste oppdatering, kan de berre lese nokre blogginnlegg frå Oktober, det stemmer sikkert fortsatt;) På mandag ringer eg skadedyrfirmaet att........................................................Ha ei flott helg:0)

tirsdag 11. november 2008

Bestefar si kipe.

Denne kipa kjem i frå barndomsheimen til mor mi. For ei stund sidan skulle huset selgjast, og me fekk lov til å hente ting som me ville ha. Denne kipa stod i arbeidskjellaren, full av ved, og noko forsømd, men eg synes ho er kjempefin.

Då me fann ho mangla ho eit handtak, men far i nabohuset har igjen vist sine kunster, og har laga eit nytt handtak. I kveld kom han med kipa, med nytt handtak og ferdig mott behandla (2 dagar i frysen...)
Kanskje bestefar har bore høy i denne kipa, eller kanskje ho vart nytta til å bera mat til fjells når dei var med kyrne på beite. Bestefar ville vore 126! om han hadde levd enno, så her snakkar me om "gamle dagar". Eg må hugsa å spørja mamma kva dei brukte kipa til. Hvis nokon lurar, så var besteforeldra mine gamle då dei fekk mamma, og mamma var 45! då ho fekk meg - difor denne store aldersskeivheten. Eg er jo berre barnet på 34 år og 11 mnd.............
Kipa skal få plass på loftsstova mi, kanskje med puter og pledd oppi. På loftsstova skal alle dei gamle skattana mine få plass. Eg er glad i ting med historie, og har fleire ting eg skal visa dykk etterkvart.

Å, kor eg gler meg!!!!

Gjett kven som reiser til Athen neste helg:) Du gjetta rett. Neste Torsdag set husbonden og eg oss på flyet med nasen mot Athen. Gjett om eg gler meg. Husbonden skal på ei stor messe i forbindelse med jobben, og så spurte dei om ikkje han ville ha kona med........Messa er om storkjøkkenutstyr, og restaurant innreiing, så eg har ikkje tenkt å tilbringa dagane der, men her:

Eg skal pakka eit par gode bøker, gode sko og kamera, og begi meg ut i Athen sine gater på jakt etter koselege kafear med god kaffi, og gode kaker, og selvfølgeleg butikkar med spanande innhald. Eg gler meg!!! Det er første gongen husbonden og eg reiser åleine sidan storebror vart fødd for snart 4 år sidan, så det skal verta kjekt. Vert nok ikkje så mykje tid til romantisk storbyferie, men laurdag ettermiddag /kveld tek husbonden seg fri og då skal me kosa oss. Dessuten vert det eit par middagar med dei greske kollegaane hans, og dei eg har møtt av dei er kjempekoselege.
Ellers er det jo himmel på jord å kunna sove så lenge eg vil:)
Må berre seie tuuuuusen takk til mi snille svigerinne, og mor og far i nabohuset som stiller opp som barnevakter slik at me kan reisa. Lovar å kjøpa noko fint til dykk på turen. De er fantastiske:)

lørdag 8. november 2008

God Helg


Her kjem eit lite innlegg i full fart. Denne helga er det mykje som skjer, så blogginga vert det så som så med, men eg kikkar innom her og der for det;) Akkurat no sit eg med PC`n på fanget og høyrer på Kvitt eller dobbelt før eg skal i gong med å laga Tortilla til husbonden kjem heim. Han jobbar til 9 i kveld, så då vert det sein kvelds. Men då skal me kosa me oss med Den store reisen, Med hjarta på rette staden og Løvebakken, god mat og sjokolade;) til dessert. Her er det storebror som "bakar" kake til farsdagen, og det er klart at ein må ha utstyret i orden, også på hovudet når ein bakar:) Ha ei flott helg:)

torsdag 6. november 2008

Heldige meg:)

I helga var mannen min ein tur til Tyskland. Han er frå Vestbreidda, og mange av venene hans heimante bur i Tyskland. År om anna har dei ei samling på ein leirstad i Gnadental i Tyskland, saman med koner og barn. Me fann ut at det vart for dyrt for oss å reise heile gjengen, men det var ingen grunn til at ikkje han kunne ta turen nerover. Det er trass alt ikkje så ofte dei møtest. Før han reiste spurte ha om det var noko eg hadde lyst på frå Taxfree. Eg bestilte nokre kremar, og som den sjokomanen eg er; ei eske Godiva sjokolade. Mmmmmmmmmmmm.
Som den snille mannen han er kom han heim att med betillinga innfridd, og ikkje nok med det; Eit nydeleg sett med smykke og øyredobbar i sølv med små diamantar:) Er ikkje eg heldig????



Her er innhaldet i Godiva eska. Eg elskar skikkeleg konfekt, av typen der du berre treng ein bit attåt kaffikoppen. Denne skal eg kosa meg med leeeeeeenge. No må eg berrre få tak i ein pose Blå Java kaffibønner som eg kan mala og ha på presskanna mi. Blå Java og ordentleg konfektsjokolade - fantastisk!
Ps: Han kom i tillegg heim med ei 750g eske med Neuhaus konfekt og, men den skal han og få lov å eta av.............

mandag 3. november 2008

Møt Frantichek

I denne vogga har begge ungane mine sove då dei var små. Ja,ja, mindre enn dei er no i alle fall, eg synes jo dei er små enno eg ;) Eg har ikkje malt vogga, for eg synes liksom at ho passa til å vera trekvit. Ho er handlaga av ein mann i nabolaget, og var ei gåve frå foreldra mine då eldstemann vart fødd. No står ho til pynt på loftsstova, med kvitt damaskdynetrekk og oppi bur Frantichek.
Frantichek kjem frå Praha, og vart med meg heim då eg var på studietur der for noko som følest som ein halv evighet sidan. Han er ein felespelande landstrykar, med glimt i auga, men er no sjukemeld pga ei knekt hand. Har ein avtale med han far i nabohuset som skal lappa han saman. Frantichek fekk namnet sitt av ein ung jødisk mann som vart internert i Theresienstadt under 2. verdenskrig, og døydde der. Namnet fann eg i holocaustminnesmerket i det jødiske museet i Praha. Eg bestemte meg for å finna ein person som var jamnaldrande med meg då han døydde, og det vart altså 24 år gamle Frantichek. Eg tenkte at dersom eg gav denne karen namnet hans, ville i alle fall eg hugse Frantichek, som døydde utan anna grunn enn at han var jøde. No er det kanskje nokon fleire som hugsar han.

Treig!


Hjelp!!! Bloggen min finn ikkje fram i kalenderen!!! La inn innlegg i går som havna på 27.oktober. Hmmmmm. Rett nok er eg treig av meg, men det får vera grenser. Eg veit stort sett kva dag det er, og har ikkje opplevd å ligga bakpå med 6 dagar. Sånn reint bortsett frå med alt husarbeidet då. Det ligg vel rett som det er rot som burde vore rydda for ikkje berre 6 dagar, men 6 veker sidan. Minst! Bloggen har slitt litt med hukomelsen, og får ikkje alltid til å hurtiglagre når eg legg inn nye innlegg - Kan det ver ein samanheng?? Ikkje veit eg, men eg vonar det står 3.november på dette innlegget. Nokon som har opplevd det samme?? (Det er 3. november i dag???)