Eg nemde så vidt i eit tidlegare innleg at eg kanskje kunne vise kjøkenet mitt, når det berre vart blogifisert, og her er det:)
Som de ser, så er det altså ikkje kvitt;) Eg er veldig glad i kombinasjonen kirsebær og kvitt, så eg valgte lyse vegger og gardiner, og kirsebærbeisa kjøken.
Dette er eit Mørekjøken, noko eg hadde lyst på, men syntes var for dyrt , men me var så heldige å ramla oppi ein sommarkampanje, og fekk eit veldig godt tilbod på det:) Kjøkenet er i beisa bjørk, og er beisa på ein spesiell måte for å gje inntrykk av flammebjørk. Synes det lgir treet liv å ein flott måte.
Dette fruktfatet er frå Ikea, og eg likar det sååååååå godt.Har alltid grønsaker, løk og liknande ståande framme på benken
Synes det er utruleg dekorativt.
Nokre få av kokebøkene mine står framme.
Er det nokon som ser problemet?????? Her er det ein miks mellom Grethe Roede og sjokoladeoppskrifter. Kanskje difor eg stadig skal byrja eit nytt og betre liv ;" på mandag....."
Denne kroken har de jo sett før..........Oooooops, gløymte å bloggifisere vekk veska....... Me hadde ikkje muligheten for eit kjempestort kjøken, så eg skulle nok ønska at denne kroken var litt større.
Ser på biletet at eg må flytta den kvite vasen min vekk frå vitrineskapet. Den er frykteleg dominerande inni der. Det er forøvrig ein av mine favorittvasar. Han fulgte med på kjøpet i ein leilighet eg hadde, og er den ultimate rosevase.
Dette er motsett vegg av kjøkenbordet, og denne kjøpmannsdisken var det fyrste møbelet eg fekk. Den har fulgt meg sidan eg var 16!!! og er ei gåve frå tanta og onkelen min. Fekk ei utfordring frå Det var en gang om å vise mitt favorittmøbel. Har tenkt ein del på det, og konkludert med at huset ikkje er overmøblert;) Det var ikkje lett å finne eit møbel som utpeika seg, men eg trur det må verta denne, mykje pga affeksjonsverdien, men og fordi eg framleis synes den er fin. Har lurt på å mala han, men klarar ikkje å sjå det heilt føre meg, så foreløpig vert han som han er:) Her ser de og vidare inn i stova som får verta eit anna innlegg:)
På sundag kjem det forhåpentlegvis ei hytteoppdatering. Følg med, følg med.