fredag 20. mars 2009

Min kirsebær draum

Eg nemde så vidt i eit tidlegare innleg at eg kanskje kunne vise kjøkenet mitt, når det berre vart blogifisert, og her er det:)

Mars 189

Som de ser, så er det altså ikkje kvitt;) Eg er veldig glad i kombinasjonen kirsebær og kvitt, så eg valgte lyse vegger og gardiner, og kirsebærbeisa kjøken.

Mars 196

Dette er eit Mørekjøken, noko eg hadde lyst på, men syntes var for dyrt , men me var så heldige å ramla oppi ein sommarkampanje, og fekk eit veldig godt tilbod på det:) Kjøkenet er i beisa bjørk, og er beisa på ein spesiell måte for å gje inntrykk av flammebjørk. Synes det lgir treet liv å ein flott måte.

Mars 192

Dette fruktfatet er frå Ikea, og eg likar det sååååååå godt.Har alltid grønsaker, løk og liknande ståande framme på benken

Mars 188

Synes det er utruleg dekorativt.

Mars 186

Nokre få av kokebøkene mine står framme.

Mars 182

Er det nokon som ser problemet?????? Her er det ein miks mellom Grethe Roede og sjokoladeoppskrifter. Kanskje difor eg stadig skal byrja eit nytt og betre liv ;" på mandag....."

Mars 185

Denne kroken har de jo sett før..........Oooooops, gløymte å bloggifisere vekk veska....... Me hadde ikkje muligheten for eit kjempestort kjøken, så eg skulle nok ønska at denne kroken var litt større.

Mars 200

Ser på biletet at eg må flytta den kvite vasen min vekk frå vitrineskapet. Den er frykteleg dominerande inni der. Det er forøvrig ein av mine favorittvasar. Han fulgte med på kjøpet i ein leilighet eg hadde, og er den ultimate rosevase.

Mars 194

Dette er motsett vegg av kjøkenbordet, og denne kjøpmannsdisken var det fyrste møbelet eg fekk. Den har fulgt meg sidan eg var 16!!! og er ei gåve frå tanta og onkelen min. Fekk ei utfordring frå Det var en gang om å vise mitt favorittmøbel. Har tenkt ein del på det, og konkludert med at huset ikkje er overmøblert;) Det var ikkje lett å finne eit møbel som utpeika seg, men eg trur det må verta denne, mykje pga affeksjonsverdien, men og fordi eg framleis synes den er fin. Har lurt på å mala han, men klarar ikkje å sjå det heilt føre meg, så foreløpig vert han som han er:) Her ser de og vidare inn i stova som får verta eit anna innlegg:)

På sundag kjem det forhåpentlegvis ei hytteoppdatering. Følg med, følg med.

7 kommentarer:

Guttemamma sa...

Et flott og eksklusivt kjøkken!! Må le av det du sier om den hvite vasen, etter at jeg begynte å ta bilder av mye i huset ser jeg virkelig ting som må flyttes...god klem

Tante Mimmi sa...

tut-tut!
Takk for turen!
Deeeeilig å le! Og i dag er eg ...mørbanka!
...nei, fortelja...nei...for det er så skummelt og så tenkte eg att eg kunne jo trekke meg..men...no har eg komt ut av skåpet- og då må eg!
ik!
See you!

Tante Mimmi sa...

Men..korleis har du makta å rydde og fikse slik i dag????
Er du ikkje trøtt???
natta!

Tante Mimmi sa...

stappa heile merakkelt inni skåpet!|Kan du ta med han autopiloten over????

Tante Mimmi sa...

oy!
Gløymte å legga meg!
Raaaangling! hm!

Ada sa...

Flott kjøkken! Fint med kombinasjonen med kirsebær og lyst på veggen.
Eg må og le av det du sier med den hvite vasen som må flyttast....kjenne meg igjen..:-)Glede meg te å se stuen....
klem Ada :-)

Lisemoren sa...

Nydelig kjøkken, også så ryddig og fint som du har gjort det. Jeg liker så godt slike store gode benkeplater, godt med litt albuerom når man jobber, eller som meg har to barn som har "vokst opp" på kjøkkenbenken. Jeg liker også veldig godt kirsebær, og har kombinert det med hvitt kjøkken. Kjekt å få se ditt : )