lørdag 24. januar 2009

Den som maler synder ikke...........

Del 1

Sjuke born over lengre tid, treng aktivisering, og sidan viruset har herja i ei veke her i huset byrja gode råd å verta dyre. Dermed fann ho mor ut at det var tid for å introdusera ein ny aktivitet - maling med vannfargar! Dette har eg nemleg styrt unna ei stund. Utstyr vart innkjøpt i går, og ungane sett i aktivitet ved kjøkenbordet, og suksessen var eit faktum! Det fyrste frøken dings sa i dag morges var: "Kor e malo. Kan eg mala no?" Så etter nokre timars masing ( eg var ikkje klar for maling kl 08.00) ga eg etter, og storebror og frøken dings sette i gong. Eg gjekk litt til og frå, og øyna håp om å kunna drikka ein kopp kaffi i fred, og ro. Men så vart det stilt på kjøkenet - frykteleg stilt - og det ante meg at noko ikkje var heilt som det skulle. Eg ilte inn på kjøkenet, og ganske rett: Storebror hadde testa effekten av å hiva maling på kjøkenveggen med penselen, og her er resultatet:

Bilder Januar 257

Det vil seia, litt av resultatet, då golvet, og kjøkenbenken og vart dekorert. Eg må tilstå at eg vart så forfjamsa, at eg berre sukka og komanderte dei vekk frå kjøkenbordet og beslagla maleutstyret, før eg byrja å skrubbe veggen.

Del 2

Ei stund seinare byrja masinga om å få mala att. Ein skulle jo tru at ho mor hadde lert etter forrige forsøk, men nei da! Etter litt intens masing gav eg etter for maset, og lot dei få prøve igjen, og storebror lovde dyrt og heilagt at dei berre skulle mala på papiret! Eg gjekk litt til og frå igjen ( kor dum kan ein bli?) og brått vart det mistenkeleg stilt. Eg spratt opp og ut på kjøkenet ( for ordens skuld, er det ca 4 steg vekke, gjennom ei open glasdør) og der satt dei, og gliste, tydeleg skuldige , men godt nøgde med seg sjølve.

Bilder Januar 263

Bilder Januar 264

Denne gongen vart ho mor noko arg, og eg må nok tilstå at eg muligens heva stemma eit lite hakk ( jada, eg må innrømma at eg vart litt sint), og vaskinga av andleta var kanskje litt hardare enn ho vanlegvis er, men eg kunne ikkje anna enn å smila litt for meg sjølv, og hadde heldigvis åndsnærvær nok til å ta eit bilete. I ettertid ser eg det komiske i det heile, men malesakene vart beslaglagt for resten av dagen. No har eg kjøpt inn Nabbiperler, så får eg håpe dei ikkje kan finne på for mykje ugagn med dei. Men så er det sitatet som stod frampå eit nyhetsbrev frå barnehagen : "Ikke putt erter i nesen, sa mor før hun gikk. Det hadde vi aldri tenkt på, så det gjorde vi." Det verkar sikkert med perler og..............

15 kommentarer:

Guttemamma sa...

Hva med palstelina..?? Smiler av innlegget ditt og da!! Klem

Guttemamma sa...

Plastelina heter det ja

Anonym sa...

For ein nydeleg blogg du har. Trur eg ikkje har vore innom til deg før. Mors bønn på sida di var berre utruleg rørande. Vi må hugse at det er vi som er vaksne og dei som er små. Ikkje alltid lett det. Ha ei flott og vonaleg frisk helg!
mvh sig

Lisemoren sa...

Ha,ha. De var jo skikkelig flotte blitt da, med krigsmaling. Håper du snart får litt tid til deg selv igjen. Du høres jo ganske tålmodig ut : )

Anonym sa...

Forresten: Vonar det er ok at eg kopierar Mors bønn ?

mvh sig

Petunia sa...

Koselig blogg du har!!!

Rosa sa...

hihihi, eg måtte le litt av sitatet frå ei bok, for det var min fyrste tanke då eg las om perler. Kjedeleg når malinga dekorerer veggar og golv, men heldigvis er det vannmaling (og så får ein jo håpe at ikkje fargestoffet er så kraftig). Dei såg unekteleg skjønne ut med ansiktsmalinga si :)

Tusen takk for alle koslege helsingar hjå meg! Ang distress ink, så er det jo mange fargar, ja. Eg har brukt ein som heiter "frayed burlap", som gjev ein slags mellombrun/lysebrun farge. No held den på å verte oppbrukt (men går an å kjøpe refill-flasker, har eg funne ut), så eg kjøpte ein til, og denne er noko mørkare og gjev difor kraftigare effekt når du brukar den til kantar osv. Den heiter "walnut stain". Den som kallast "old paper" burde jo vere ein vinnar, men den syns eg var veldig grønn, og ikkje spesiellt fin. Det er nok smak og behag, som mykje anna :)

nattinatt!

Tante Mimmi sa...

He he! Så det var sånn det enda! ja, ja,ja! så Artigt då! Kreativiteten blømer! Kan jo gå julebukk til naboen og innhente noko c-vitaminer!;)
God betring!

Tante Mimmi sa...

Å, det var godt for deg!
Redd at du skulle begynna å gå på veggane- mellom malingsflekkane!
Unni har budd her ja! Tvillingsyster?...da veit eg ikkje noko om. Ho var/er veninne med mi veninne! :)

Guttemamma sa...

...det tok noen timer altså!! Så fin siden din er nå!! KLem

Fru Vad sa...

Hei:)Artig historie, smilte godt når eg las den:) Og fine og "uskyldige" unger, hihi:)

Fru Petersen sa...

Nååå, se på blikket til veslemor da! Skjønner godt at du måtte smile litt, selv om det også ble nokså varmt i topplokket ditt! Her hadde det nok kokt over.... All ære til deg som klarte å huske på å ta bilder til og med! Men med de dådyrøynene der er det fort å glemme hvor shteikanes sinna man egentlig er ;) vanvittig skjønne troll! :)
Takk for alle de hyggelig kommentarene fra deg!

Fru Petersen sa...

ja og du, så fin den hylla ble! Veldig veldig sjarmerende altså! :)

Solveig sa...

Hei hei;)
Små luringer dette ja!
Men så søøøte:)
Smart med maling,men de fant da på noe enda "smartere" de da:P

Ønkser deg ei super uke:)

Solveig sa...

Har noe til deg hos meg;)