Ellers så er det mest englar som dominerer julepynten hos meg. Desse to bur på salongbordet i jula. Juletreet er pynta med nesten berre glaskuler, og kvar einaste ei av dei har ei historie, og eg kan fortelje kvar og når eg kjøpte dei fleste av dei. Eg elskar fine julekuler, og unner meg eit par nye kvart år, men no byrjar det å verta nok. Guten og snømannen har og sin eigen historie, og får vera med trass knekt arm.......Denne figuren har eg fått av bestemora mi, og eg håpar at eg ein dag kan koma over ein heil slik figur som kan halda denne med selskap.
Desse bileta tok eg i går, og dei får markere starten på eit nytt bloggår. Det vert spanande å sjå kva som skjer i 2009, og eg gler meg til å fylgje dykk vidare, og hente inspirasjon på dei flotte bloggane dykkar:0) Godt nytt bloggår:)
3 kommentarer:
gutten med snømannen var skjønn, virkelig nydelig :D
godt nytt år til deg også!
Jeg liker også å beholde jula litt ut i januar. Er så koselig med alle lysene...
Beholder jula noen dager til jeg og!! Nattaklem
Legg inn en kommentar