søndag 4. oktober 2009

Det skal ikkje vera lett......

Kjøleskapet vårt er sansynlegvis alle interiørekspertars skrekk. Skikkeleg  kjedeleg kvitt, og med ørten duppedittar og bilete. Rett og slett ikkje særleg trendy, men ganske koseleg;)

Oktober 001

Øverst i venstre hjørne kan de skimta eit biletet, teke 04.10.02. Husbonden og eg i vårt fyrste bryllupp (for me har to nemleg;) Og det var ingen enkel sak å koma så langt, for me traff nemleg på  noregs verste byråkrat!

Me ynskte å gifta oss borgarleg, og ha kyrkjeleg velsigning og brylluppsfest året etter, så me tok med oss dei naudsynte papira (trudde me) og rusla opp til sorenskrivaren. Dragen bak skrivepulten kikka på papira og såg med ein gong STORE problemer. Husbonden er Gresk statsborger, fødd i Jerusalem, av Palestinsk mor og oppvaksen på Vestbreidda. Greske statsborgarar treng eit dokument frå den Gresk ortodokse kyrkja som fortel om dei er ugifte eller ikkje. Dette hadde me, men det viste seg at det var for gamalt.....Me tutla heim fekk ordna med ei nytt dokument frå patriarkatet i Jerusalem, og vende attende.

drage 

Då hadde dragen ombestemt seg!!!! Me måtte ha eit dokument frå den Israelske staten sidan han var fødd i Jerusalem, og difor hadde Israelsk identitetsnr. Me rusla heim IGJEN for å sjekka opp i dette, og det viste seg at for å få eit slikt dokument, måtte han reisa til Jerusalem og møta opp PERSONLEG, og venta i MÅNADER på å få det utstedt. Sidan husbonden ikkje er Israelsk statsborger var dette eit dokument han eigentleg ikkje skulle ha behov for, så me vende attende til dragen for å snakka med ho. Då fekk me beskjed om at me trengde eit dokument frå ein domstol i Hebron!!! Det einaste me viste om domstolen i Hebron var at det var kaos i området, og at sidan husbonden ikkje er muslim brydde dei seg katten i om han var gift eller ikkje!!! Når dragen so kasta eit blikk på fødselsattesten min, løfta blikket og sa; "Han er litt gamal den fødselsattesten, ja,ja det står vel ikkje om du er gift eller ikkje på dei nye fødselsattestane heller." Då gav me opp!

bureaucracy

Det var tydleg at dragen ikkje hadde nokon interesse av at me skulle få gifta oss. Heile denne prosessen hadde teke nesten 4! mnd, og eg var mildt sagt fortvila. Sidan eg kjende dei som jobba på kyrkjekontoret ringte eg ned og spurde om dei kune hjelpa oss. Dei var velvilligheten sjølv, og ba oss koma ned med dei papira med hadde. Me so gjorde, dei kikka på papira og sa: "Me kan ikkje sjå noko gale med desse papira. Me sender dei inn, og om ca ei veke vil de få svar. Ei veka seinare, ein fredag, ringer elefonen:  "Hei, det er frå kyrkjekontoret. Papira dykkar er i orden, og det er ingen ting i vegen for at de kan gifta dykk." Jippi!!!! Kan me få det til neste fredag????  Ei litt forfjamsa stemme svarar at Prosten har fri i dag, og at ho må høyra om han er ledig. Mandag får me beskjed om at alt er i orden, me kan gifta oss fredag.

N0250_jpg__[150px] 

Me går rett til gullsmeden og bestiller ringar, og spør om dei kan ha dei klar til fredag, noko dei trur skal gå bra. Samme runde hos blomehandlaren, som ikkje kan skaffe Cala, men Marthaliljer hvis det er greit?" Jada, kva som helst berre me vert gift!!!!" Frisøren har ledig time, og lovar å gjere seg ekstra føre når eg forsiktig seier at eg skal gifta meg den dagen.....Prosten må snakka med biskopen sidan me ikkje ynskjer ein vanleg vigsel med forbøn, sidan me skal ta den delen neste år, berre sjølve vigsla. Dette har dei aldri gjordt før, men jammen er det i orden og. Lukke.

Oktober 003

Snille svigerinno og mammo lurte på om dei ikkje kunne få laga eit lite selskap for oss, sidan me trass alt gifta oss den dagen. Dermed fekk me ein nydeleg seremoni i Stord kyrkje, med ein flott tale av Prosten, og eit flott selskap heime hos mine foreldre, med 19 gjester, og bryllupsmiddag med lammelår, fløytegratinerte poteter og bryllupskake. Ein fantastisk dag, og ein forsmak på den STORE dagen me skulle få 16.08.2003, men det er ein anna historie.

Til dragen har eg berre ein ting å seie: Me vart gift og er det fortsatt 7 år seinare,og beviset heng på kjøleskåpet. Ha!!!!!!

Dei tre midterste bileta er lånt frå Google

11 kommentarer:

Tullik sa...

Det einaste gode ein kan sei om denne sorenskrivardama er jo at det vart ei god historie av det...
Hipp hurra for kjærligheten !!

igi sa...

Fantastisk historie! Godt det endte på en god måte. Kos deg sammen med dine kjære!

Løvetann sa...

He he ein fantastisk historie! Veldig fint bilde av deg og din kjære! Det enda jo godt då men himmel og hav kor mange rare og vanskelige folk ein skal møte på.

Rosa sa...

For ei historie! Dragen var kanskje ein tanke feilplassert? Slike burde jo ikkje ha noko med folk å gjere. Og så er det jo fint å høyre at de vart møtt på ein annan måte på kyrkjekontoret, sidan det er på akurat eit slikt kontor eg held til òg ;). (og så lurar eg kanskje pittelitt på kvifor de så gjerne ville gjere det på denne måten, men det skal du sleppe å legge ut om du ikkje vil.)

Gratulera med bryllaupsdagen iallefall!!

map79 sa...

Reagerer kraftig på hvor vanskelig det ble gjort for dere å gifte dere. Maken til oppførsel. Hadde sendt klage. Det skal vel ikke være nødvendig å komme tilbake så mange ganger og få forskjellige beskjeder? Hun var sikkert en bitter gammel jomfru...

Villa von Krogh sa...

Hei Henriette.
Herre min hatt for en historie! Du vet jo den som venter på noe godt venter ikke forgjeves.

Koselig å titte innom deg. Ønsker deg og din kjære en flott dag.
Klem fra Anine

Felulah sa...

Utruleg kor vankeleg nokre ting skal vere- bra at alle ikkje er slik. Gratulerer med den store dagen!

MINE-BLOMSTER-MINE-BLOM sa...

Fantastisk "NOVELLE" Itte til å tru!!!
Men morsomt fortalt av deg, jeg homret og lo...
Gratulere med" LOVE" TE fra RALFEFARFARS PARADIS.
Det var jo meget passende eller hva.
Ha en forstatt fin kveld :O)
Mine-Blomster

M sa...

Herlighet, det skal ikke være lett gitt!
Det endte godt iallefall!
Klem,M

Edda sa...

Jeg bare sier..er dette virkelig mulig???
Dette må være et molbo land vi lever i......
Men grattis for at dere ble gift:)
ha en kos helg
klemer edda

Living next to me sa...

er det ikke herlig å ha nedkjempet en drage da,
Herlig lovestory fra virkligheten og no et bevis på at drager elsker jobbe på NAv kirkekontor eller sosialen hvor de ikkke hørere hjemme. Transylvanian er et stede de burde emigrere til ,
Eller er det vampyrer, shit det sammen det samme , om de suger blod eller livslyst , ut med de.
Og lykke til med de neste 10 .klem fra en som har 30 år , den 23 , også etter en mannlig sogneprest drage som prøvde nekte oss det.