mandag 13. oktober 2008

Boller og blom

I dag har eg og ungane vore heima. Storebror har hatt feber, og frøken dings brukte store deler av natta på å kvitta seg med maten ho hadde inntatt dagen før. Men for begge to har forsåvidt formen vore stigande utover dagen. Mor i nabohuset pleier alltid å sei at den verste tida når ein har sjuke ungar, er når dei er nesten friske att. For sjuke til å få vera ute, og til å gå i barnehagen, men så friske at det er kjedeleg å vera inne. Mor i nabohuset har rett. Eg insåg forholdsvis tidleg på dagen at eg måtte finna på noko, så eg foreslo å baka vanilje bollar, og forslaget vart motatt med jubel. Dei som kjenner meg, veit at desperasjonen må ha vert forholdsvis stor, for gjærbakst er ikkje det kjekkaste eg veit, men kva gjer ein ikkje;-) Storebror og frøken dings kappast om å røre så mjølet skvatt, og frøken dings foretok stadige prøvesmakinar av deigen. Resultatet - Nydelege boller og glade ungar, så då gjekk alt etter oppskrifta;-)
Eg sådde tidleg i vår ein slyngplante som skulle bløma med store blå klokker. Eg sette ein av plantene på trappa, og gledde meg til å få eit vell av blomar til å ynskja velkomen med. Dengang ei. Ikkje ein blom har dukka opp, men seint på sommaren dukka det opp noko som eg rekna med var ein knopp, men ingen ting meir skjedde. Så, endeleg var ting i ferd med å skje. Blomen var innen rekkevidde. Då var ulukka ute, blomen vart riven av. Då var det berre ein ting å gjere - reddast det som reddast kan - blomen vart sett i vatn, og så får me sjå. Kanskje utviklar han seg inne i varmen. Den som lever får sjå..........
Sjølv om det ikkje minnar mykje om ei stor blå klokke, synest eg faktisk blomen var fin likevel. Vasen blomen står i, er ein vase eg forelska meg i, i Jerusalem for mange år sidan. Den er handlaga/munnblåst glas sett ned i Jerusalemsstein. Eg synes han er utruleg elegant, og brukar han ofte til ei enkelt rose, eller ein anemone. Vakkert.

9 kommentarer:

Anette sa...

For en utrolig fin og spesiell vase, så gøy å ha noe ikke andre har! Ellers så kjenner jeg meg igjen i det du skriver om halvsyke barn, den gode nyheten er at nå de blir større er det faktisk ganske koselig å være hjemme med de. Vår 9åring synes det er fantastisk å ha mamma for seg selv en hel dag, da leser vi, spiller brettspill som er gøy for meg og (!), og film er jeg ganske liberal med nå de er syke. Sist så vi Brødrene Løvehhjerte, og da koste jeg meg og! Håper dine små håpefulle er bedre og at ikke det er du som kaster opp i dag...

Tante Mimmi sa...

Hei! Er dåke sjuke og! Trur det er noko som går... her og har dei levert i retur...og sylta som berre juling!
- og me store går berre rundt å ventar på at me skal bli dei heldige vinnarane! Men...me har jo ikkje tid! Bryllaup til helga, då må me væra frisk og opplagt!:)
Bollane såg jo heilt utruleg gode ut! Trur me og må bake..!
Nydlege kjolar under! Gledar meg til maaaaassse tid!

ingridmarie sa...

Hei Henrieta! Så koselig å lese det du skriv! Eg kjenner meg sånn igjen, eg har og to små i barnehage og det vert fort nokre basiller med heim-og dei deler jo på alt! Men kos å vere heime med dei,viss dei ikkje er altfor sjuke då ;) Eg ser vi er nesten like ferske her i blogglandia vi to! Eg la mitt første blogginnlegg ut den 4.oktober :) Riktig god bedring til de små!! Varm helsing frå ingrimarie:)

Solveig sa...

Hei:)
Takk for koslig hilsen hos meg!
Hehe, visste ikke hva Green Gate var før jeg heller,så der er vi to:)
Så dumt med to syke små da! Men bra de kom seg:) Så søte de var!
Gjærbakst er ikke din favoritt nei, da er vi ikke like der;) Jeg er en baketulling.. Men greit når ungene blir så glad da:) Mm, så veldig godt ut,og det var det sikkert og.

God natt og ønsker dere alle en fin onsdag:)

Anette sa...

Artig, da har vi kanskje lik smak. De var helt nydelige, flott håndverk og jeg har allerede lagt inn betilling på et par til. Er så fine at jeg ikke vet om jeg skal gi de bort eller ha de selv...Klem tilbake

Mine Vakre Tanker sa...

Hei, hei. Takk for koselig kommentar. Det var kjempe hyggelig. I like måte, flott blogg du har. Syke barn, ja uff. Nå er deg jeg som er syk. Min datter har hodt seg lenge. Hun er faktisk 2 år i dag, stor jente. Det første halvåret i barnehagen var litt ekstra forkjølelse til stede. Typisk. Jeg linker deg i mine populære blogger. Håper det er greit. Klems

Tove sa...

Her var det jammen ein blogg etter min smak - på nynorsk og greier!!! Legg deg sporenstreks i bloggrollen slik at eg finn attende til deg!

Nettelita sa...

Hei, og takk for hilsen hos meg! Gøy og oppdage nye blogger! :)
Det er aldri noe gøy når de små ikke er helt i form nei.. Har jo min lille på åtte mnd som holder på med tennene nå! Han som vanligvis sover 12 timer i strekk om natta, kan nå klare seg fint med 6 timer.. Gjeeesp.. Men det går heldigvis over!
Legger deg til i blogglista mi også!
Så får dere ha en god helg, med forhåpentligvis friske barn! :)

Bak en Sky sa...

Så hyggelig blogg du har!!Har kikket litt nedover her nå. Tror jeg stjeler oppskriften på den eplekaken. Den så veldig god ut!;)

Thanks!
KLem fra Ingunn