fredag 3. oktober 2008

Sommerminner




Nokre glimt frå sommarhuset vårt. Her kosar me oss mykje, og i sommar tillot veret at me dekka langbordet ute fleire gonger. Noko som slett ikkje er ein sjølvfølge på vestlandet. Akkurat no er ein større renovering i gong. Me har skifta vindauga i heile huset, og no skal det isolerast og bordkles på eine langsida av huset. Endeleg kan me sitja framføre vindauga når det bles, utan å måtta kle på oss eit ekstra lag med kler. Skal prøva å posta litt før og etter bileter etterkvart som ting skjer. Me har mykje som skal gjerast inne og.Vegger skal rivast, golvbelegg fjernast, og golv malast. Me skal setja opp ferdigmalt panelt over det meste, mala kjøkenet og laga fleire soverom i kjellaren. Vert utsleten berre av å tenkja på det. Sånn er det når ein har eit hus frå tidleg femtital, som det ikkje har vore gjort større utbetringar på. Når alt er gjort skal det feirast:-)

1 kommentar:

Tante Mimmi sa...

he-he ! Så morosamt! Eg er jo nesten med i denne bloggen! (to hus tett i tett)
Velkomen!
Lo når eg leste om deg og softismaskina!
Tellar! Ja...då trykke du på desse tellarane og så havnar du i "telleverden" der du kan velge deg ein! Og så er det ei slik adr (htlm....) eg er ikkje så god på dette (..)og den limer du inn i slik sideelement-greier... puh!
Prøv!
Har du fått blomane i jord??? I mrg skal eg få mine ut av posen! Men...ettter du har henta posten! fnis!