søndag 5. oktober 2008

Søndagsmiddag

I dag har me hatt haustens fyrste lammelår på menyen. Eg trur lammelår må vera noko av det beste eg veit. Diverre er ikkje husbonden heilt enig på dette punktet, og det er utruleg kjedeleg å laga god mat til folk som ikkje veit å setja pris på han (maten altså). Difor hadde eg invitert ei vennine og hennar to barn på besøk + at svigerinna mi og mannen hennar er på besøk hos oss for tida. Så i dag skulle eg metta 5 vaksne og fire ungar. Vart litt svett når eg såg på steika, for eg syntes kanskje eg hadde kjøpt ei litt lita steik.........
Her er steika klar til å setjast i ovnen. Gnidd inn med smør, salt, pepar, rosmarin, persille og kvitløk, og proppa full i persille og kvitløk inni. Lagt på ei seng av tomater, diverse sortar løk, paprika, gulerot og champignon. Mmmmmmmmmmmmmmmmm..............Resultatet vart strålande, men det rakk eg ikkje å ta bilete av, for då stod 4 ungar og skreik på mat og 5 vaksne sat klar ved bordet og sikla. Ho mor hadde nemleg feilberekna tida på dei fløytegratinerte potetene........Desto bedre smakte det då me endeleg kunne setja tenna i kjøtet. Til dessert hadde vennina mi frå Tyskland laga varm Apfelstrudel som me hadde is og kaffi attåt. Himmelsk!!!! Trur ikkje eg vert svolten att før i morgon kveld. Steika hadde eg gnidd inn med Læsø sydesalt. Me var på dagstur til Læsø i ferien i sommar. Har ei veninne som har sommar hus på Læsø, og ho tok oss med til saltsyderiet. Der stod desse stor korgene med salt på kanten av "sydekara", og eg måtte berre ta bilete av dei, eg synest dei var kjempefine. .
Eg var så heldeg å verta kjent med ei jente som er glasblåsar, og jobba som assistent for ein ganske kjent glaskunstner i Ålborg. Ho var så snill å gje meg eit saltkar som ho hadde laga, så det står no og prydar kjøkkenbenken min fyllt med Læsø sydesalt. Synes saltposen er så fin, at den får stå framme den og:-) Eg fekk forresten lov til å prøve meg som glasblåsar, og laga ei koboltblå "kule" til å henga i vinduga, men eg er litt usikker på om det kan forsvarast å visa den fram. Skal tenka på det til ein anna gong.

6 kommentarer:

BO sa...

Hmmmm...kven er du? :-)
Vart veldig nyskjerring nå...

Uansett, steika såg veldig god ut! Men...eg er einig ned din mann, lammekjøt gir meg ikkje vatn i munnen. Det luktar sånn fjos...

Uansett, eg trur at dette smakte absolutt heilt himmelsk!

Ha ein kjekke kveld! Skal ned til låglandet i morgon. Ikkje snø meir her nå. Høyrer at den regnar vekk...

henrieta sa...

Eg er mamma til to søte små i samme barnehage som deg.Har ein mann som lagar mat du kan få levert i firkanta esker eller folieinnpakka rullar, og med firmalogo frå eit interiørmagasin(thi, hi).

Lam smakar ikkje fjos!! Det gjer derimot sau. Noko eg har prøvd å overbevisa husbonden om......

BO sa...

Heheheheeheheh! Det var deg ja! Det var det eg trudde, men så kunne eg jo ikkje heilt veta det! Hadde lyst å spørra kva språk du snakka med mannen din...heheheheh!
Kjekt at du bloggar! Gler meg til å følga den vidare. Skal linka deg, viss du ynskjer det.
Ha ei god natt! Me har tatt haustferie i morgon, med eit innlagt IKEAbesøk på heimturen. Mi lykke, mannen min sitt ....... (fyll inn sjølv). Eg kryssar fingarane for ein slag familieharmoni også etter IKEAbesøket...hheehehehe.

henrieta sa...

Må berre linka meg. (Morosamt
verb....)Tenkte eg skulle installera ein teljar, men skjønar ingen ting. Får nøya meg med å telja sauer foreløpig......

Lykke til med IKEA og familiefreden. Er vel dei ferraste som har ein mann som min, som elskar kjøkkenavd. på IKEA - eg vert lei først....

Anette sa...

Nei, så gøy med en hilsen fra deg! Skal legge deg i listen min og følge med! Du er da jammen flink du og! :-) Nysgjerrig, hvor fant du meg? Vi nye får hjelpe hverandre opp!
Må tilbake til Greys....
Anette

Den gode feen sa...

Nam, trur jammen eg skal steike lammelåret vårt i dag, og ikkje vente til søndag som planlagt :) Kjekk blogg du har , velkommen i bloggverda forresten :)