søndag 19. oktober 2008

Nyervervelsar, og ein snik - kikk på loftsstova

Lovte jo at eg skulle visa kva eg hadde kjøpt hin dagen, og ein skal alltid halda det ein har lova:0) Eg var på Fryd og handla to pakkar med telysestakar, to "sølvfat", og ein liten brikke. Det øverste fatet, med såpa og lipsylen, sette eg på badet. Smykket som ligg på fatet følgde med ein genser eg kjøpte, og er ikkje heilt min stil til å ha rund halsen, men både smykket og organzaposen tok seg fint ut på fatet:)
Det andre fatet sette eg på loftsstova, saman med brikken eg kjøpte. Brikken har eit lite broderi, og blondekant, og passte fint på den "nesten" kvite loftsstova mi. Me er nett ferdige med stova, og sjølv om det er litt som gjenstår, er eg svært nøgd med ho, og ja, sofanen de skimtar i bakgrunnen er raud. Eg hadde lyst på ein sofa med litt farge på, som eit blikkfang mot det kvite. Skal visa dykk heile rommet, med sofa, når eg er ferdig med og mala møblane. Har eit bord og ei hylle som skal verta kvite.
Gyngestolen har eg fått med meg heimante. Den stod i stova vår når eg var liten, og eg synes den er kjempekoseleg. Ikonbiletet i bakgrunnen er eit bilete svigerfar sette att etter eit besøk i fjor. (Han er greskortodoks prest.)
Etter eg hadde vore på Fryd, hadde eg bestemt meg for å kjøpa Hoya på bue til å ha i kjøkenvindauga. Typisk nok var det ingen som hadde Hoya den dagen, så eg enda opp med to eføyar. Ein til kvart vindauga på kjøkenet. Nye potter vart det og. Erfaring tilseier at eføyen får spinnmidd og døyr om ei lita stund, men eg får nyta han så lenge det varer:0) Som de ser har eg ikkje styla kjøkenbenken før eg tok biletet, så her står både tv-kanne og kjøkenrull til pynt;-)

Liftgardinene fekk eg sydd, etter å ha gått i 1 år og leita, utan og finna noko eg likte. No har eg same problem i stova, men eg har sett nokre gardiner som er aktuelle, så kanskje eg kan visa nye stovegardiner snart. No har eg vist fram både inkjøp og litt av loftsstova, så no trur eg, eg tar kveld. Natta;)

1 kommentar:

Jeanette sa...

Så mye fint du har handlet! OG DU den gyngestolen var kjempefin:)))
Ha en super mandag!
KLEM j.