mandag 27. oktober 2008

Bokmerker........og ei vedkjenning...

Etter eir par dagar der hovudet ikkje har vore heilt i funksjon( ein del vil sei at det ikkje er noko nytt...) Er eg no oppegåande att. Bortsett frå å hosta hvis eg prøver å seie meir enn 3 setningar samanhengande er formen slett ikkje verst. Dette har eg feira med å ta ei aldri så liten shoppingtur og kjøpt inn utstyr til å laga bokmerker.
Eg kjøpte eit bokmerke for ei tid tilbake, og fann ut at eit slikt kunne eg no klara å laga sjølv. I kveld har eg sett meg ned og laga to ulike variantar, og eg vart slett ikkje så lite nøgd med resulatet:)


Hjarta som eg har brukt her, er eigentleg ein øyredobb frå H&M. Eg synes dei passa fint som bokmerke, og til 19.50 for paret var det billeg moro:)


Endeleg kan eg og legga ut bilete av noko eg har laga sjølv. Eg satsar på at det ikkje vert siste gongen eg klarar å vera aldri så lite kreativ;)


Ellers så har eg ei vedkjenning.........Eg har tjuvstarta på jula........Eg er eigentleg ganske streng med meg sjølv, og har ein avtale med svigerinna mi: Julemarsipan, julemusikk og julebrus er ikkje lov før 1.desember, eller 1. søndag i advent, men i går sprakk eg. Eg har drukke julebrus. Den beste som er : Lerum. Eg lovar dyrt og heilagt at det skal ikkje skje igjen før tida er inne.......men det var utruleg godt;)




5 kommentarer:

Anonym sa...

Dette har vi snakka om før....mange gonger....sånn ca kvart år når adventstida nærmar seg! Det er IKKJE lov med julegodt før advent, og i alle fall ikkje LERUM sin julebrus. ....men julemarsipanen eg fekk frå deg på "byturen" i går var fantastisk god, skjønar ikkje heilt kor den er blitt av eg..... Hmmmm
Men eg skal vera flink og halda meg, ikkje julebrus før 1.søndag i advent, og det er ikkje før 30. nov i år....
Svigerinno

Tante Mimmi sa...

Å, så fine bokmerke! Det blir flotte julegåver i år!
Takk for drøsen i dag- eg inviterar meg sjølv til en "kort-aften" m noko attåt i kafen!;)

♥ H@rmoni ♥ sa...

Så flotte bokmerker du har laget! Fine dataljer og bra når du ka bruke billige øredobber fra H& M!
:O) Du får gå tilbake til vannvogna og vente til desember! :O)

Guttemamma sa...

...hi-hi, jeg har drukket gløgg alt..! Du, så utrolig fine de bokmerkene er, for en strålende ide!! fortsatt god bedring!! Klem

Kristines verden sa...

Takk for hyggelig kommentar inne hos meg. Så flotte bokmerker, er det lov å adoptere ideen? Kunne vært fint å gi bort sammen med ei bok....Ha en fin kveld, klem