fredag 24. oktober 2008

Award!!!!......og livets store spørsmål

Tenk at eg har fått ein award ! Tusen takk Anette:) Vart sååå glad då eg opna bloggen, og fann denne awarden. Har lyst til å gi den vidare til Lise i http://lisemorshave.blogspot.com/. Du har ein utruleg koseleg blogg:)
Så over til noko heilt anna.......Far i nabohuset har vore til laserbehandling på eit auga i dag, og eg fekk gleda av å vera sjåfør. Det tyder barnefri og ein tur til nabobyen, og dermed tid til litt shopping. Hadde på førehand bestemt meg for å una meg to dekningar av det nye Greengate servicet. Må tilstå at eg før eg oppdaga bloglandia ikkje visste kva Greengate var.............(er det lov å seie slikt høgt her;) Har lenge vore på utkikk etter nye koppar, då eg faktisk kun har eit kvardagsservice, og eit besteservice, så utvalet her i huset var heller skralt. Eg kikkar alltid leeeenge før eg finn noko eg likar, men dette falt eg pladask for. Så i kveld har eg kost meg med is og kaffi på mitt nye service.

Dette er litt av sofakroken i huset her. Som de ser er det ingen kvit Ektorp i sikte, men derimot ein svart skinnsalong. Sikkert ikkje heilt "up to date", men utruleg praktisk. Her vert det sølt, og leika utan at eg treng engsta meg for flekkar og skit. Eg vaks opp i ein heim der me ungar fekk leika i stova, og der det ikkje var så nøye om det vart sølt litt, og gjett kvar me alltid enda etter skuletid..........Dette har eg lyst å gje vidare til mine ungar. Satsar heller på tilbehør som er lyst og fint, då det er lettare å vaska enn ein sofa........Det var desse fråverande husmorgenene veit de - vasking er IKKJE gøy;)


Det siste biletet får symbolisera dei store spørsmåla i livet - Kvar kjem me frå?
Tenkte eg skulle sleppa unna dette i nokre år til, då storebror trass alt berre er 3,5, men den gong ei..........Etter siste dobesøk for kvelden i går peikar han på testiklane sine og seier:" Kva er det?" Ho mor raudnar litt og prøver å summa seg: "Eh, det er noko me kallar steinar. Alle gutar og mannar har det" "Kva er dei til? " Raudfargen vert litt djupare og eg svarar: "Når du vert stor mann som pappa, er det noko inni dei som kan verta til babyar" Han slår seg til ro med det, sjølv om han synes det høyrest rart ut, og eg pustar letta ut og reknar med me er ferdige med den type spørsmål for ei stund. Den gong ei - i kveld då me skulle lesa ser han på meg og seier : "Du mamma. Når babyane kjem ut av magen til mammaen, kjem dei ut der då? ( Peikar på navelen) " Nei." Svarar eg, og satsar på at det held....."Ja, kjem dei ut der då?" spør han og peikar på halsen. Igjen kjenner eg at eg raudnar og heitnar , trekk pusten djupt og svarar: " Nei dei kjem ut tissen til mammaen" "Æsj!!!!! Kor ekkelt!!!" Kjem det spontant, og så var me heldigvis ferdige for denne gong. Eg synes is og kaffi var vel fortent då ungane var lagde. Burde eigentleg hatt dobbel porsjon spør du meg;)
Ha ei flott helg:0)

6 kommentarer:

Tante Mimmi sa...

Hei nabofrue!
Ja..no slangar me sofaen! Det er godt! Såg du kom heim frå bytur i middagstid! med ørten posar;) Tenkte du hadde vore på langreis!
..so livets spørsmål dukka opp ja! Eg har ei bok du kan låne!!!!
...me hadde ein verre i dag syns eg...eg kan faktisk ikkje setja den på trykk og det frå 9 åringen.. Hallo?! Trudde alt var gjort på den kanten, men nei da...
(Psst! bua er den minste i mils omkrins 10X10 cm, men kanhende den ekspandere til 15x15 om eit par års tid!)
Ja, ja! Kos deg med musene, ikkje send dei bort her! :)

Rosa sa...

hihihi, egskjønar godt at mor raudna litt, ja. Men denne runden må me vel igjennom før eller seinare, og sikkert fleire gonger. Då gjeld det å halde tunga beint i munnen!

Så kjekt med eit påskudd til bytur og handling, og endå kjekkare med nytt servise. Trur ikkje eg heller hadde høyrt om Greengate før blogglandia, og faktisk har eg enno ikkje noko av det merket i hus. Men kven veit?

eg ynskjer meg veldig ektorp, men avtalen med rosamannen er svart skinn, og kombinasjonen er kanskje ikkje så lekker. Enn så lenge har me ein 80/90-tals salong i stoff (veolur?) som faktisk tåler ALT! kanskje me berre skal ha den til ungane er store?

Hm, skravla meg heilt vekk her, når det eg eigentleg skulle var å sei tusen takk for besøket hjå meg!

Håpar du har ein god fredagskveld :)

Lisemoren sa...

Å så hyggelig. Dette er min første award. Ser at det er mange av dem her i blogglandia, og det er jo veldig inspirerende å få en. Hvordan er reglene her. Skal jeg gi den videre til en eller flere ? Kan man bestemme sånt selv. Nå må jeg få litt fortgang i siderullene mine. Jeg prøver stadig, men får det ikke til. Min kjære svoger har lagt inn teller til meg, tror jeg får fri til ham en gang til.

Ellers er det flott at du har fått deg en bytur og noe nytt. Det er ikke enkelt med barnas spørsmål, nei. De spør og spør og spør. Jeg har akkurat hatt en nydelig samtale om dette med homofili og hva det er for noe med 11 og 8 åringene mine. På såørsmål etter et heftig innslag på tv med to menn som var veldig glade i hverandre.

God helg og tusen takk for awarden

Lisemoren sa...

Huff. spørsmål skulle det selvsagt være. Bomma på en tast.

Guttemamma sa...

Artig forplantnigslæretime...!! de søte små spør om det meste!! De Greegate koppene er så flotte, skal ha meg sånne jeg og nå som det snart er gløggtid!! Klem

Solveig sa...

Hei hei:)
Gratulerer med en kjempe fin award:)
Kjempe fint det nye service ditt!
Synes du har det veldig fint på bordet i stua. Skinnsofa er vell perfekt med små barn og i det hele tatt barn i huset:) Så kan du bare vaske av alt!

Hehe, livets store spørsmål! Er ikke lett å få det stilt nei.. Får bare svare som du best og enklest kan da;)

Ha ei fortsatt fin helg:)