Her har det vore rimeleg stille, men det er fordi eg rett og slett har hatt juleferie. Me har hatt besøk, og vore i besøk, og prøvd å nyta jula fullt ut. Dermed har blogging faktisk vorte nerprioritert, og tid saman med mann, born og familie har hatt fyrsteprioritet;) Men no kikkar eg innom i full fart, for å ynskje God Jul!!!! Eg kjem kanskje til å legge ut nokre fleire bilete frå julehuset, men eg lovar ingen ting. Mor i nabohuset fyller 80, 01.01.09, det skal me feira stort, og me døttre og svigerdøtre har tatt på oss rolla som festarrangørar, så litt travlet vert det vel fram mot den STORE dagen.
Desse bileta er av litt av julekrubba mi. Den er innkjøpt i Jerusalem, men handlaga i Betlehem, der mannen min kjem frå, og eg er kjempeglad i ho. Eg har hatt varierande utgåver av Oliventres krubber opp gjennom åra, men stallen her er heilt unik, og eg har faktisk ikkje sett andre i akkurat denne varianten.
Ungane synes forøvrig det er kjempekjekt å leka med figurane......Bileta har eg tatt med julegåva frå husbonden; eit Pentax speilreflekskamera. Akkurat det som stod øverst på ynskjelista:0)Tuuuuusen takk kjære:) Eg har hatt Pentax speilrefleks før, og no kan eg faktisk bruke dei gamle objektiva og blitsen min på det nye kameraet. Men det er langt att før eg kan bruke alle funksjonane på kameraet, og utnytte det fullt ut. Ein annan ting er at eg er litt usikker på om eg kan ynskje meg anna enn sokkar og smågodt til jul og bursdag i mange år framover......billeg er det jo ikkje med eit slikt kamera, og det ligg i eit heilt anna prisskikte enn det me ligg på til vanleg...........Men eg må tilstå at eg er overmåte nøgd, og gler meg villt og hemningslaust til å utforske kameraet:0)
Då håpar eg de kosar dykk i romjula, og lovar å koma sterkare attende, med kommentarar på dei flotte innlegga dykkar. Juleklem frå oss i To hus tett i tett:0)