torsdag 30. april 2009

Det er fali det…….

 

Å gå på Plantasjen litt på impuls, det er fali det. Skulle berre sjå kva dei hadde, og plutseleg fann både det eine og det andre vegen opp i handlekorga;)

Henriette 048

Noko som har stått på ynskjelista i eit par år er Oliventre, og i dag slo eg til. Dette flotte treet, og den fine potta passa perfekt på verandaen saman med urtene mine, og det gamle værbitte IKEA bordet. Den kvite zink kanna falt eg pladask for, og putta ho full fart opp i korga medan eg prøvde å unngå å sjå på prisen.

Henriette 060

Medan eg framleis prøvde å lukka augene og skunda meg til kassen, passerte eg ein reol med nyankomne Pelargoniar, og der stod desse nydelege slyngpelargoniane og berre venta på meg.

Henriette 057

Ein av dei berre “ramla” opp i korga mi slik at eg fekk sjekka prisen – kun 39,90 – nesten gratis. Plutseleg var eg den lukkelege eigar av 6 slyngpelargonia. Fire fantastisk vakre mørkerosa/raude og to søte lyserosa. Gjett om eg har flotte verandakassar:)

Henriette 053

I tillegg hadde eg vist med meg heim tre andre “vanlege” pelargonia og………..Plantasjen, det er fali det, men akk så kjekt.

Ha ei flott helg. Eg skal nyta blomane mine:0)

onsdag 29. april 2009

Du er ein blome……

Henriette 021

Du er ein blome i Guds hage,
så fargerik og fin.
Og blant mimosar og syriner
er det denne plassen som er din.
Du ska’kje flyttast eller fjernast,
du e’kje kun til bry.
Du ska’kje kvelast eller skjulast,
men stå i blomst og vere DU.                                                                        Sølvi Helen Hopland         

Henriette 024 

Denne songen har summa i hovudet mitt når eg har vore ute i hagen desse nydelege vårdagane. Kvar gong eg ser på Løvetannen som eg er i ferd med å luka vekk, dukkar desse orda opp. Til og med Løvetann kan vera vakkert, men me lukar han vekk uansett.

Henriette 029

Det er jammen godt ingen av oss, uansett utsjånad, evner eller status, skal lukast vekk, men få lov til å stråla som akkurat den me er:0)

Henriette 042

Har ikkje vært flink til å legga att spor hos dykk i det siste, men denne songen får vera mi helsing til alle dei flotte blomane i bloglandia.    

Ha ei flott veke, eg kjem sterkare attende:0)                                                   

onsdag 22. april 2009

Av og til........

April 2009 040

........må ein berre gripa dagen..........

April 2009 073

.....nyta augneblinken.......

April 2009 410

.......og la humla suse.......

April 2009 413

Ikke for nær

 
Bilder Januar 220
 
Ikke for nær 

Ikke for nær
nei ikke for nær
da skygger vi for hverandre
vi vil leve i solen
men ikke for langt borte
for greinene våre må få stryke
hverandre i kveldsvinden
og i de dype nettene
vil vi føle den andres langsomme åndedrett
i takt med stjernene og skyene som driver vekk
og i det første glitter av morgen
vil jeg høre løvet ditt rasle nær meg
ikke for nær
så vi suger næring av samme jord
for da kan vi aldri bli store
men så tett sammen
at vi kan ta i hverandre
når vi er ensomme
og falle nær hverandre
til slutt

Egil Ulateig

Mars 280

Så vakkert kan den vanskelege balansegongen mellom nærleik og avstand beskrivast. Fantastisk.

tirsdag 21. april 2009

Hoppsann!!!

I forrige veka skein sol frå blå himmel kvar dag, og storebror spurte jamt om det ikkje var tid for å få ut Trampolina. Til slutt fekk han gehør, og ho mor henta alle delene, og gjorde klart til montering. Heldigvis har me gode naboar, og tante mimmi sendte mann og born ut for å hjelpa til. Husbonden og naboen sette alle klutar til, og drog duken på plass

April 2009 235

Medan ungane veksla mellom å "hjelpa til" og spørra om dei kunne hoppa no????

April 2009 238

" Me e heilt klar altså. Har tatt av sko og jakka, og no VIL me hoppa!!!"

April 2009 237

Endeleg!!!!!!

April 2009 242

Trampolinesesongen er herved opna!!!!!!

torsdag 16. april 2009

Før og etter frå hytta - Kjøkenet

Kjøkenet vart og nesten ferdig til påske. Me mangla berre taklister, brannmurlister, eit handtak til ei dør, og ei aldri så lita skapdør........Pluss eit skap som er på veg til å verta konvertert til innebygd hylle.

Bilder Februar 011

Januar 2009

Mars 173

Mars 2009

Mars 177

Mars 2009 - Skapet som har inneholdt plassbygd strykebrett!!!, og som no er i ferd med å verta ei innebygd hylle.

April 2009 141

Ubloggifisert kjøken i April 2009

April 2009 140

April 2009 144

Litt av det som no får stå framme i vitrineskapet. Det er så kjekt å sleppe å gøyme desse fine gamle muggene og bollene bak ei skapdør. Eit lite glimt av påskeserviset vårt ser de og.

April 2009 125

Slik ser serviset ut når bordet er dekka påskemorgon. (sjekk det matchande egget) Dersom nokon har nokre deler av dette serviset frå Firkløveren ståande som de ikkje bruker, så ta gjerne kontakt. Me ynskjer oss meir:)

April 2009 116

Spisestove stolane etter bestemor og bestefar. Synes dei er såååå fine, men dei treng nye trekk, då ikkje alle stolane har like trekk, og dei eldste stolane sprikk i trekket. Så då har me allerede neste prosjekt klart;) Me har 6 slike stolar.

April 2009 115

Nydelege detaljar på stolryggen.

April 2009 142

Gyngestolen var ei gåve til Bestemor på hennar 50 års dag, og ho ville no ha vore nesten 110, så han byrjar å verte nokre år. Målet er å få trekt han om, og male han. Han tek litt stor plass, så nett no bur han her på kjøkenet, men ein vakker dag skal han flytte ned i kjellaren i det som no er vaskekjellar, men då skal vera "hall/allrom" Har nemleg full kjellar som skal verta forandra frå arbeidskjellar/vaskekjellar/bod, til 3 soverom/hall/vaskerom/bad. Bad og nesten 1 soverom er ferdig, men resten tek nok litt tid......Bak stolen ser de den komande innebygde hylla.

April 2009 139

Då Fryd gjekk konk vart det eit par småting til hytta, bla denne knaggen og matchande serveringsbrett.

April 2009 138

Her ser det at me berre vart nesten ferdige. Skapdør og knott må hentast på Ikea, og litt meir listing må til, men alt i alt synes eg me har vore flinke!!!!!!

Ha ein flott dag:)

tirsdag 14. april 2009

Og vinnaren er...............

Rosa med den koselige bloggen Rosa univers. Trekkinga vart gjort på den enkle måten, svigerinno fekk mld via SMS om å gje meg eit tal mello 1 og 15, (ein hadde lagt att to koseleg komentarar;) og vinnaren vart altså nr 7 - Rosa!!!!! Og gevinsten er:

April 2009 222

To unike mikrofiberklutar frå Norwex i vårens fargar, sidan me trass alt er i April. Ein klut til vask evt støvtørring, og ein poleringsklut til bruk etter vask, for ei skinande blank overflate. Dette er jo ikkje noko som ser spesielt fint ut, og dei er verken Shabby Chic eller prega av nostalgiske motiv, men utruleg effektive og miljøvennlege!!!!!! Med desse er vinusvasken unnagjort på 2 minutt, utan bruk av noko anna enn klut og vatn!

April 2009 208

Her er kjøkenvindauga mitt før bruk av klutan i dag, kyssemerke på innsida, og eit tjukt lag av sand, salt og skit på utsida. Vel halvtanna minutt seinare, etter vask innvendig og utvendig, såg det slik ut:

April 2009 210

Kjapt og effektivt, ingen kemikalier. Klutane er og supre på TV skjermar, glasbord, keramiske platetoppar, speglar, vaskar, osv........Klikk på linken lenger oppe og les om du er interesert:) Norwex har og supre, økologiske hudpleieprodukter, og vert foreløpig kun seld på homeparties, og snart via ny nettbutikk. Så då håpar eg berre at vinnaren vert fornøgd:)

Er du interesert i å vite meir, eller om du bur i Sunnhordlandsdistriktet og har lyst å ha eit homeparty, kan du ta kontakt med meg på henrieta@online.no så kjem eg gjerne på besøk:)

Frk. Snøkvit


Posted by Picasa


Dette er mitt bidrag til Moseplassens Frøken Vår konkuranse.



Ingen ting gir meg meir vårfølelse enn Kvitveisen. Når den blømer er det ikkje noko å lure på; Våren er her!!!!

mandag 13. april 2009

Litt før og etter frå hytta - Stova

Då var påsken over for i år, og eg har nett kome heim att frå ein deileg påskeferie. Det har vore ein del jobbing, men og ein heil del kos. Me har i alle fall nytt den stor stova me har fått, og det nye kjøkenet, og synes det har vore verdt strevet:0) Her kjem dei første glimta av resultatet:

Bilder Februar 036

Januar 2009

April 2009 131

April 2009

April 2009 133

Bortsett frå taklister, og litt av brannmurlist er alt ferdig her.

April 2009 134

Senga som står i stova, kjøpte bestemor og bestefra då min far var liten, så den nærmar seg 80 år. Den vart innkjøpt saman med skjenken som de ser i bakgrunnen, og eit spisesove sett som no står på kjøkenet , men dei skal de få sjå seinare. Skjenken har nydelege utskjæringar, men nærbiletet av dei får koma i neste omgong.

Bilder Februar 029

Januar 2009

April 2009 136

April 2009

Litt ulik vinkel på bileta, men de ser i alle fall at det har skjedd noko;)

Fortsatt sjangs til å vera med i trekkinga i morgon. Legg att kommentar på forrige innlegg, så kan ein kjempekjekk gevinst verta din:)

torsdag 2. april 2009

God påske, og ei aldri så lita feiring

April 2009 037

I morgon reiser eg på hytta, og vert vekke til over påske. Me har mykje på hytta, men ikkje breibånd, og mobildekninga er ikkje veldig god, så det er tvilsomt om de vert innlegg frå meg i påsken. Kanskje prøver eg meg på litt mobilblogging. Har jo myyyykje å visa fram frå hytta, men no vil eg venta til de kan sjå det ferdige resultatet. Den som ventar på noko godt osv....

April 2009 027

Eg har runda 10.000 besøkande på bloggen min. Utruleg!!! Eg vert reint audmjuk med tanke på at så mange gidd å lesa det eg finn for godt å dela. I bloglandia må slikt feirast, så når påsken er ferdig lovar eg utloddning:) Gevinsten er hemmeleg heilt til trekninga er foretatt, men eg lovar at det er noko ALLE bør ha i huset, og som fort vert uunværleg;) Vil du ha eit lodd i trekninga legg du att komentar på dette innlegget. Trekninga vert høgtidleg foretatt 3. påskedag. Ha ei strålande påskefeiring:)

April 2009 035

Påskeklem frå meg:0)