mandag 29. desember 2008

God jul!!!!

God jul alle saman.



Her har det vore rimeleg stille, men det er fordi eg rett og slett har hatt juleferie. Me har hatt besøk, og vore i besøk, og prøvd å nyta jula fullt ut. Dermed har blogging faktisk vorte nerprioritert, og tid saman med mann, born og familie har hatt fyrsteprioritet;) Men no kikkar eg innom i full fart, for å ynskje God Jul!!!! Eg kjem kanskje til å legge ut nokre fleire bilete frå julehuset, men eg lovar ingen ting. Mor i nabohuset fyller 80, 01.01.09, det skal me feira stort, og me døttre og svigerdøtre har tatt på oss rolla som festarrangørar, så litt travlet vert det vel fram mot den STORE dagen.



Desse bileta er av litt av julekrubba mi. Den er innkjøpt i Jerusalem, men handlaga i Betlehem, der mannen min kjem frå, og eg er kjempeglad i ho. Eg har hatt varierande utgåver av Oliventres krubber opp gjennom åra, men stallen her er heilt unik, og eg har faktisk ikkje sett andre i akkurat denne varianten.

Ungane synes forøvrig det er kjempekjekt å leka med figurane......Bileta har eg tatt med julegåva frå husbonden; eit Pentax speilreflekskamera. Akkurat det som stod øverst på ynskjelista:0)Tuuuuusen takk kjære:) Eg har hatt Pentax speilrefleks før, og no kan eg faktisk bruke dei gamle objektiva og blitsen min på det nye kameraet. Men det er langt att før eg kan bruke alle funksjonane på kameraet, og utnytte det fullt ut. Ein annan ting er at eg er litt usikker på om eg kan ynskje meg anna enn sokkar og smågodt til jul og bursdag i mange år framover......billeg er det jo ikkje med eit slikt kamera, og det ligg i eit heilt anna prisskikte enn det me ligg på til vanleg...........Men eg må tilstå at eg er overmåte nøgd, og gler meg villt og hemningslaust til å utforske kameraet:0)

Då håpar eg de kosar dykk i romjula, og lovar å koma sterkare attende, med kommentarar på dei flotte innlegga dykkar. Juleklem frå oss i To hus tett i tett:0)


lørdag 20. desember 2008

Det nærmar seg.......

Jula rykker satdig nærare, og det er lett å føle at ting veks ein litt over hovudet. Men i år har eg rett og slett bestemt meg for ikkje å la meg stresse!
Kvar gong tanken på alt eg SKULLE ha gjort dukkar opp, nektar eg å gi etter, og ser på alt eg faktisk HAR gjort. Som for eksempel å pynte inngongspartiet;) I tillegg tenker eg at om ikkje alle kakene er i boks (bokstaveleg tala) så vert me sikkert mette likevel. Det er jo ikkje det jula handlar om......



Me har lett for å klaga over kor travelt me har det før jul, og kor mykje me MÅ gjera før der er jul, men det meste vel me jo heilt sjølv....Så som sagt, i år nektar eg å la meg stresse. Kanskje bakar eg litt til, på mandag skal eg vaska så mykje som eg rekk medan ungane er i barnehagen, og resten får vera som det er;) I år skal eg NYTA jula, med eller utan sju sortar og støv i krokane;) Pakkane er nesten i boks, og dei få som er att ordnar eg i dag eller på mandag. Med juletre, dukar og julepynt på plass, senkar nok julefreden seg når pinnekjøtt lukta sprer seg på julaftan. Når far i nabohuset les juleevangeliet, og me alle syng første verset av ; Mitt hjerte alltid vanker, etterpå. Då skal eg la freden senka seg, og huske at det er det som er JUL

Mitt hjerte alltid vanker
i Jesu føderum
Der samles mine tanker.
som i sin hovedsum.
Der er min lengsel hjemme,
der har min tro sin skatt.
Jeg kan deg aldri glemme,
velsignet julenatt.

torsdag 18. desember 2008

Nissefest

I barnehagen er det nissefest i dag. Sidan nisseutstyret her i huset er på eit absolutt lavmål, måtte ho mor ut å handla, og tildeldigvis snubla eg over desse koseleg draktane til 29.- på Rema. Jippi!!!!

Det var stor stas å få ikle seg nissedrakt for å gå i barnehagen, og eg måtte jo berre forevige nissane, mens draktane enno var heile og reine..........Heilt utan å vera forutinntatt må eg sei at dette må vera dei to søtaste nissane eg nokon gong har sett;)

Eg har rett og slett vurdert å setje meg ned for å laga "romjulskort", for eg innser at julekorttoget nok har gått.......men eg må jo dele sjarmtrolla mine med flest mogleg;)


Det har vore stilt inne hos meg nokre dagar, men det har vore aldri så lite travelt.....Mandag nytte eg ein fantastisk julekonsert med Carola, der det var julestemning, og julebodskap i massevis, og i går feira eg min 35. bursdag. Eg er framleis så barnsleg at seg synes bursdag er kjekt, så eg nytta høve til å feira! Så i dag har eg dumpa ned i ein stol, og kosar meg med kaffi og kakerestar.....nam......Ha ein flott dag:0)

søndag 14. desember 2008

Himmlen i min favn

I morgon skal eg på julekonsert med Carola. Eg gler meg noko vanvittig!!!! For meg er den første jule cd`en til Carola synonymt med julestemning. Då eg fekk den som bursdagspresang, fekk eg han overrakt nettopp i Betlehem, framføre fødseleskyrkja der han var innspelt. Når eg høyrer Carola synga den fantastiske vuggesangen; "Himlen i min favn", der Maria undrar seg over kven dette barnet ho held i armane sine verkeleg er, då er eg i Betlehem, under stjernehimmelen. I morgon skal eg pakke ein haug av lommetørkler, og gjere meg klar til å nyte julestemningen live:)

fredag 12. desember 2008

Tutteslutt, pepperkakeby og stovegardiner

Då har eg våga meg inn i blogglandia att. Har gløtta så vidt innom dei foregåande dagane, men skunda meg ut att, i redsel for å verta sitjande fast. Av ein eller anna rar grunn vert ofte dei 5 minutta eg skulle bruka her inne til både 10, 20, og 120 om eg ikkje passar meg, og i desse førjulstider er det mykje som skal gjerast......I dag har eg for eksempel rydda i kjøkenskuffer og skap. Utruleg kjedeleg, men det måtte gjerast, og eg er sååååå fornøgd med å kunna opna skapdørene utan å vera redd for å få noko i hovudet. Så fornøgd, at eg har feira med å henga opp dei nye liftgardinene i stova;)


På onsdag var me jo i Bergen og gav tutten til Gullfiskane. Storebror er over gjennomsnittleg interesert i alt som lever i sjøen/vatnet, så det å kunna gje fiskane tutten syntes han var ganske kult. Me fotograferte, applauderte og roste han opp i skyene, og det rare er at det har gått nesten smertefritt. Han har fellt eit par tårer, og seier av og til at han savnar tutten, men det er det. Hadde eg visst det skulle gått så greit skulle me gjort dette for leeeeenge sidan:)


Pingvinane vart det store høgdepunktet den dagen, og frøken dings sytes det var fantastisk spanande å sjå dei symja forbi.



Etter akvariet tok me turen til pepperkakebyen. Eg har ikkje sett den tidlegare, og eg er storleg imponert. Er du i nærleiken anbefaler eg absolutt eit besøk. Ungane storkoste seg, og var spesielt imponert over toga som køyrde rundt. Er det nokon som kan forklare kvifor tog liksom høyrer jula til forresten??????




Til slutt har eg våga meg til å leggja ut to bilete frå sofakroken vår. Som de ser har eg fått liftgardiner på plass, og er kjempenøgd med det. Dei raude putene kjøpte eg på Skeidar til 50%. Eg såg på dei i sommar, men syntes dei var litt dyre, men no slo eg til. No til jul passar dei jo godt inn, og når eg har lyst på lysare puter flyttar dei opp i den raude sovesofaen på loftsstova. Dei kvite putene de skimtar har eg arva etter ei tante, og har gamle handbroderte putetrekk:) Eg syntes sofakroken vart akkurat passe julete med dei raude putene, djup lilla løpar, kvit asalea og ei skål mandariner. Vil ikkje ta det heilt ut før jula kjem;)


Som de ser av bileta har me akvarium. Det er jo ganske dominerande i stova, men eg synes det er kjempeflott. Me har eit 350.l hjørneakvarium som akkurat no er neste punkt på vaskelista mi. Men å innreie akvarium vert nesten som å innreie eit rom, utruleg kjekt å skape nye landskap. Kanskje det vert eit innlegg ein gong;) Eg skal legge ut fleire bilete frå stova vår når eg har fått opp dei nye gardinene i "spisestovedelen", som faktisk ser ut som ein del av stova etter at kontoret endeleg kom på plass, og når eg har fått flytta pianoet mitt over frå naboen. Det har eg venta på i 3 år, og no skal det endeleg skje:) Ha ei god natt:0)




onsdag 10. desember 2008

Adventsenglar


Fann ein artig konkuranse hos http://moseplassen.blogspot.com/, via Lisemorshage, så no tenkte eg at eg skulle hiva meg med. Eg melder herved adventsstaken min, frå no av døypt; adventsenglar, på konkuransen;) Sidan eg allereie har eit innlegg med adventsstaken, og presentasjon av den, kan de kikka der;)
Ha ein flott dag. Me skal til Bergen, og akvariet der storebror skal donera tutten til gullfiskane:)

søndag 7. desember 2008

Når en pepperkakebaker, baker.........

Då har startskotet gått for julebaksten her i huset. Både store og små koste seg med pepperkake baking i går. Undervegs vart baksten behørig godkjent av dei små bakarane, og julemusikken sørga for at den store bakaren kjende julestemninga så smått koma sigande. Neste laurdag skal bakersvennane bake julemenn:)






Pepparkake formene frå min barndom kom til heder og verdighet att. Litt nostalgi høyrer med til jula.





To boksar i havn. Takk til den som fann opp ferdig deig;) Då gjenstår berre resten;) Ha ei flott veka.


Fleire koselege awardar har funne vegen til meg, og det set eg alltid pris på. Det er så utruleg koseleg, og overraskande, at nokon faktisk set pris på alle strøtankane og kvardagsbetraktningane eg skriblar ned. Tuuuusen takk skal de ha:)


Denne awarden fekk eg for ei stund sidan hos Solveig i http://solveig-minverden.com/ og no gjer eg han vidare til fru Pettersen, den glade familie http://bergsbygdaveien.blogspot.com/. Ein blogg eg nett har oppdaga, men som eg synes er kjempefin og fortener ein award.


Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold!"Disse bloggerne er usedvanlig sjarmerende og søte,og formålet er å finne og å være venner.De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet,vil enda flere vennskap ha forplantet seg.Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse!Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere,som igjen må velge seg åtte nye.Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres.
Denne fekk eg frå Guttemammas, som eg nemde ovanfor, og eg må velge ut 8 som eg vil gje han vidare til og det må då verta:
http://lisemorshave.blogspot.com/
http://jeanette69.blogspot.com/
http://nettelitas.blogspot.com/
http://denhemmeligehagen-ingridmarie.blogspot.com/
http://detblahjertet.com/
http://tantemimmi.blogspot.com/
http://rosaunivers.blogspot.com/
http://posidriv.blogspot.com/
Alle desse flotte bloggane er verdt eit besøk,



Denne har eg fått av Lise i http://lisemorshave.blogspot.com, og den vil eg gjerne gje vidare til ein av dei første bloggarane eg kom i kontakt med, og ein blog eg alltid gler meg til å kikke innom, nemleg Anette i:
htpp://guttemammas.blogspot.com.

lørdag 6. desember 2008

Ventetid...............

Nå tenner vi lyset.
Hva venter vi på?
Hva fyller oss alle med glede?
Vi venter på Jesus, Han komer fra Gud
med fred til oss alle her nede.

Vi venter, venter, nå kommer Han snart.
Vi venter, venter, er det så rart?
Vi venter, venter når julen er nær.
Vi venter, venter for snart er Han her.
Geir Hegersrøm



Me er midt i ventetida, og mens ungane synes tida sneglar seg avgarde fram mot jul, synes eg dagane rasar av garde i eit voldsomt tempo. Resultatet for min del, er at eg brått har fått ein voldsom ryddetrong. Me har i lengre tid hatt eit rom som skal verta kontor, og i påvente av at dette skal verta ferdig, har stova fungert som kontor. Ikkje særleg koseleg, og hin dagen fann eg ut at NO var tida inne. Eg sette i gong, og etter 2 dagar med intens rydding, har me fått kontor, og eg har fått stova mi att:) Fantastisk kjekt:) I dag er det pepperkakebaking på programmet. Hvis eg finn att kameraet kjem det nok eit bilete eller to. Tusen takk for awardane som har ramla inn i mitt "fråvær". Skal få eit heilt eige innlegg seinare;) Ha ein flott laurdag!

tirsdag 2. desember 2008

Draumen om eit pepparkakehus....

Tenk om pepperkakehuset mitt hadde sett slik ut...............Har sett at det er mange flinke pepperkakebakere i blogglandia, og eg har så lyst på eit skikkeleg fint pepperkake hus. Og det er ikkje det at eg ikkje har prøvd!!!!!! For nokre år sidan, såg eg eit nydeleg pepperkakehus i Allers. Det fulgte med oppskrift, og malar, så eg tenkte : Kor vanskeleg kan det vera?????? Dette kan eg klara! I dei dagar budde eg heime hjå foreldra mine ( no har eg jo flytta laaaangt vekk. Heilt på hi sida av veggen, hi,hi ), og ein dag dei skulle på bytur, og eg hadde fri rigga eg meg til. Pepperkakedeigen vart laga, malane skorne ut, og eg sette i gong. Deigen vart seig og fin, og eg kjevla lukkeleg medan julemusikken tona ut i rommet. Dette var då ingen sak tenkte eg, la på malane og skar ut. Då var det berre å løfta dei over på bakeplata. Svupp sa det i det eg letta dei opp frå bordet, og dei fine, beine veggene var brått skeive, og mykje mindre enn dei var i stad. Eg beit tenna saman og fortsette. For kvar del eg letta frå bordplata, var det mindre og mindre som minna om eit pepperkakehus.
Blodtrykket steig til svimlande høgder, og deigem stod i fare for å enda i veggen opp til fleire gonger. Julemusikken vart mindre og mindre koseleg etterkvart som temperaturen steig i rommet. Til slutt var det lite som minna om julestemning på kjøkenet : &%¤#"&&%¤%#### pepperkaker!!!!!
Til slutt gav eg opp å prøve å få beine vegger og tak. Her var det berre å bite tennene saman og prøve å redde stumpane. Likna det på ein vegg fekk det halda!! Delene vart steikte, huset limt saman, og pynta etter alle kunstens reglar, utan at det hjalp særleg på sluttresultatet. Huset var ubeskriveleg skeivt og stygt. Eg sette det på eit brett ut i gangen og tok fatt på oppryddinga. Seinare på dagen kom niesa mi innom, ho var vel då ca 6 år, og den brutalt ærlege komentaren hennar var: "Da e da styggaste pepperkakehuset eg har sett! Kim e da so har laga da????" Tanto måtte jo berre innrømma at det var ho som var syndaren. Huset havna på loftet til det var tid for å hiva det. Etter dette har pepperakehusa hos meg vorte innkjøpt frå Rema, og så legg me heller hjarte og sjel i pyntinga. Men kanskje ein gong skal eg prøve igjen. Må berre sørge for at ungane er ute av huset, for eg garanterer ikkje for barnevenleg atmosfære under prosessen;)
Ha ein flott dag, og kos dykk med juleforbereiingane:0)
Bileta har eg lånt frå google.