mandag 10. mai 2010

Kom Mai du skjønne MILDE!!!!!

 

På laurdag kjøpte eg litt blomar til verandaen, slik at uteplassen min kunne byrja å likna på bileta  i innlegget under. I dag vakna eg til DETTE:

Mai10 001

Nokon har gløymt å skru opp termostaten!!!!

Mai10 007

Ja, ja, eg slapp i alle fall å slå plenen i dag, og i rein protest kjøpte eg litt meir blomar - dog nokre som tåler litt frost........

Ha ei god natt♥

torsdag 6. mai 2010

Uteplassen min

NIB har ein komkuranse gåande, der me vert utfordra til å vise fram uteplassen vår. Desse bileta er frå min uteplass på verandaen. Her er det deilig å nyyyyte late sommarkveldar.

August 059

Her vart fjorårets siste jordbær fortært ein sein augustkveld i fjor.

August 065

August 040

Når sola skin er det deilig å sitte i solveggen med ein kopp kaffi. Ungane har fått sin eigen plass med stolar, bord og pararsoll. Stor stas:0) Under taket heng jordbæra, og bakom den største lykta står det både Mynte, timian og rosmarin:0)

August 044 August 055

Eg håpar på mange kaffipausar på verandaen i år og. Velkommen om du skulle få lyst på ein pause;0)

Stemningsrapport


Ikkje så værst å gå tur i desse omgjevnadane