mandag 30. mars 2009

Dagens kupp!!!!!!!

Me treng nye lampar på hytta, og då eg snubla over desse på Fryd, nedsatt med 80% var det berre og slå til! Me har plutseleg 2 stover, og no har me like lysekruner i begge:)

Mars 337

Og prisen??? Nedsatt frå 1999.- til 399.- pr. stk! Betre kan det vel ikkje bli:0)

søndag 29. mars 2009

Hytta del 4 - Ein snik-kikk på kjøkenet

Slik såg det altså ut før:

Bilder Februar 011

Her var ombygginga allereie byrja, difor litt kaotisk. Eit par innlegg lenger ned, kan du sjå korleis det såg ut for halvanna veke sidan.

Bilde019

Slik ser det ut på kjøkenet no! Vert det ikkje fint???? Me manglar ei dør då eg klarte å plukka ei feil!! Sjølvplukk av kjøken er ikkje lett........Bilete er tatt med mobil, så difor er ikkje kvaliteten heilt topp:)

No lyt me inn ein dag i veka og få på plass vatn, og så byrjar den store jobben med å få alt på plass av møblar, kjørler ol så me er klar til påske. Nett no er heile hytta KAOS!!!!!!!!!!

Ha ei flott veke:0)

fredag 27. mars 2009

Når de sover

Mars 322


Alle er barn når de sover.
Da er det ikke krig i dem.
De åpner hendene og puster
i den stille rytme som himlen har gitt
menneskene.


De spisser munnen som små barn
og åpner hendene halvt alle,
soldat og statsmann, tjenere og herrer.
Stjernene står vakt da og det
er en dis over hvelvene,
noen timer da ingen
skal gjøre hverandre ondt.


Kunne vi bare tale til hverandre da
når hjertene er som halvt åpne blomster.
Ord som gylne bier
skulde trenge inn der:
- Gud, lær mig søvnens sprog.


Rolf Jacobsen

torsdag 26. mars 2009

The one to watch!

 

tangerudbakken

 

Må berre anbefala dette fjernsynsprogrammet. Sjeldan kosar eg meg så mykje som når eg føl denne herlege gjengen i deira kvardag. Var litt redd for at det kunne bli litt ; "Sjå kor rare dei er" program då eg såg reklamen, men det er det absolutt ikkje. Dette er Reality show på sitt beste. Me har mykje å læra av desse herlege menneska, som deler raust av sin kvardag. Her er det ikkje langt mellom komplimenta, og dei legg ikkje fingrane mellom om det er noko dei vil ha sagt. Tenk om me var like rause med god ord og klemmar i kvardagen. Då hadde verda vore ein betre stad. Programmet går mandagar kl 20.30 på TV Norge. Dette er eit "Må sjå" program.

Bilete frå google

tirsdag 24. mars 2009

Berre ein ser etter

Kan ein sjå pollenkorna hos Blåveisen.....

Mars 316

Fluga som varmar seg på den aller fyrste Hestehoven......

Mars 255

Pelsen på "Gåsungane".........

Mars 307

Og den fantastisk vakre støvbæraren til Krokusen.........

Mars 321

Berre ein går nære nok.......

Nyt vårdagen, og hugs å sjå godt etter, så oppdagar du kanskje nokro du ikkje har lagt merke til før....

mandag 23. mars 2009

Den aller fyrste blåveisen............

Mars 236 ..........................veks i hagen min.

Mars 235

Med ynskje om ei god veke:0)

søndag 22. mars 2009

Ein heilt vanleg sundag

I dag har me rett og slett ikkje gjordt noko spesielt. Ungane har kost seg med å teikne og male

Mars 203

Mars 205

Det gjekk jo som det pleier. Takk og lov for tusjar som er ekstra lette å vaska vekk.........................

Mars 207

Me gjekk i kaffibesøk, og då me kom heim og ungane var vel i seng, fyrte ho mor i peisen. Her har det nemleg lynt og tordna, regna og hagla, perfekt for peiskos

Mars 212

Peisen er så absolutt eit favorittmøbel. Han er foreløpig ubehandla, og eg likar så godt den litt røffe, grå betongen mot den litt småromantiske, lyse tapeten. Har konkludert med at han vert verande grå, og etter ei eventuell behandling. (Hvis du lurer på kva den vesle, runde metalldingsen er, så er det ein dørstoppar eg gløymde å fjerna........)

Mars 213

Hytteoppdateringa må utsetjast litt, då ingen av oss hugsa å ta med kamera, men det har skjedd mykje. Stova er ferdig plata, kjøkenet er ferdig plata og klart til ny innreiing. Kanskje kan eg leggja ut bilete av nytt kjøken neste helg!!!!!!

Ha ei god veke:)

fredag 20. mars 2009

Min kirsebær draum

Eg nemde så vidt i eit tidlegare innleg at eg kanskje kunne vise kjøkenet mitt, når det berre vart blogifisert, og her er det:)

Mars 189

Som de ser, så er det altså ikkje kvitt;) Eg er veldig glad i kombinasjonen kirsebær og kvitt, så eg valgte lyse vegger og gardiner, og kirsebærbeisa kjøken.

Mars 196

Dette er eit Mørekjøken, noko eg hadde lyst på, men syntes var for dyrt , men me var så heldige å ramla oppi ein sommarkampanje, og fekk eit veldig godt tilbod på det:) Kjøkenet er i beisa bjørk, og er beisa på ein spesiell måte for å gje inntrykk av flammebjørk. Synes det lgir treet liv å ein flott måte.

Mars 192

Dette fruktfatet er frå Ikea, og eg likar det sååååååå godt.Har alltid grønsaker, løk og liknande ståande framme på benken

Mars 188

Synes det er utruleg dekorativt.

Mars 186

Nokre få av kokebøkene mine står framme.

Mars 182

Er det nokon som ser problemet?????? Her er det ein miks mellom Grethe Roede og sjokoladeoppskrifter. Kanskje difor eg stadig skal byrja eit nytt og betre liv ;" på mandag....."

Mars 185

Denne kroken har de jo sett før..........Oooooops, gløymte å bloggifisere vekk veska....... Me hadde ikkje muligheten for eit kjempestort kjøken, så eg skulle nok ønska at denne kroken var litt større.

Mars 200

Ser på biletet at eg må flytta den kvite vasen min vekk frå vitrineskapet. Den er frykteleg dominerande inni der. Det er forøvrig ein av mine favorittvasar. Han fulgte med på kjøpet i ein leilighet eg hadde, og er den ultimate rosevase.

Mars 194

Dette er motsett vegg av kjøkenbordet, og denne kjøpmannsdisken var det fyrste møbelet eg fekk. Den har fulgt meg sidan eg var 16!!! og er ei gåve frå tanta og onkelen min. Fekk ei utfordring frå Det var en gang om å vise mitt favorittmøbel. Har tenkt ein del på det, og konkludert med at huset ikkje er overmøblert;) Det var ikkje lett å finne eit møbel som utpeika seg, men eg trur det må verta denne, mykje pga affeksjonsverdien, men og fordi eg framleis synes den er fin. Har lurt på å mala han, men klarar ikkje å sjå det heilt føre meg, så foreløpig vert han som han er:) Her ser de og vidare inn i stova som får verta eit anna innlegg:)

På sundag kjem det forhåpentlegvis ei hytteoppdatering. Følg med, følg med.

onsdag 18. mars 2009

Hytta del 3 - sa du til påske??????????????

Berre ein oppdatering av framdrifta. Svigerinno og eg reiste inn etter arbeidstid i går og jobba hardt til 22.30 med riving, pussing og maling. Slik ser det ut no, og om nokre veker skal 12 personar feire påske på hytta............

Mars 172

Stova

Mars 179

Mars 173

Kjøkenet

Mars 176

Underteikna får ta ut sine destruktive krefter under rivinga.....Far i nabohuset gjorde ein god jobb då han bygde kjøkenet for vel 50 år sidan;)

Mars 181

Neste oppdatering kjem over helga. Då skal siste rest av kjøkeninreiing vera riven, og stova og i alle fall mesteparten av kjøkenet ferdig plata:0)

Må berre slenga med nokre bilete av mine nydelege fylte snøklokker, og sarte lyseblå krokus. VÅR!!!

Mars 134

Mars 157

Mars 158

tirsdag 17. mars 2009

En husmors bekjennelser - tør du?????

I bloglandia viser me gjerne fram det finaste me har. Me Blogifisere romma våre og legg dei ut på nett. Me kosar oss med å vise fram våre augneblink (for det er vel ofte det, det er???) av interiørperfeksjon............men me veit vel alle at det ikkje er verkelegheita. Eller er det berre hos meg at ting er litt annleis ved nærare ettersyn??????? Eg likar å ha det ryddig rundt meg, men får det ikkje alltid til. Resultatet er at eg stundom må panikrydde når uanmeldte gjester gjer si entre`. Då har eg eit par skap som står lageleg til og inn i dei stappar eg det som måtte ligga i nærleiken. Her har du eit eksempel:

Bilder Januar 242

Her er entreen slik eg likar han. No ser det ikkja alltid slik ut når to ungar har kome heim frå barnehagen, og lekt gøymsel inne i skapet. (Føles forresten frykteleg rart og stå og sei: "No må du koma ut av skapet!!! Kom ut av skapet med ein gong!!!! Gir liksom litt rare assosasjonar, hi,hi.) Sannheta om skapet vert då at innsida ikkje står heilt i stil med utsida.......I alle fall ikkje om eg har måtta rydda FORT fordi me brått fekk gjester. Då vert det slik:

Mars 126

Mars 129

Mars 128

Mars 131

Hyllene heng på halv åtte etter at små rumper har parkert der, skoene er slengt inn, posar og sekker og ellers det som måtte vera naudsynt å gøyma for eit godt fyrsteinntrykk er gøymt her inne.

No har eg vist deg mitt skap. Har du eit slikt skap, og tør du visa det???? Utfordringa er herved gitt til alle som kikkar innom. Ta han om du tør;)

Ha ein flott dag. Eg skal rydda skapet mitt før eg reiser til hytta,pussar golv og riv nokre kjøkenskap:0)

mandag 16. mars 2009

Sjå!!!!!!!!

Nokre av dykk hugsar kanskje dette bilete frå hytta vår, frå dette innlegget.

Bilder Februar 036

No ser det slik ut!!!!!!!!:

P3140342

Her var veggen:

Bilder Februar 030

Og no:

P3130338

På venstre sida av far i nabohuset ser de denne veggen:

P3130340

Som vart strippa, platekledd, og no ser slik ut:

P3140343

Den nydelege "fond" stripa er brannmur, og skal malast. No er det "berre" og få pussa og malt litt golv i denne delen av stova, og plata veggene:

P3130339

P3140344

P3140346

Så skal kjøkeninnreiinga rivast, og heldigvis har me nokon som skal montera han for oss:) Me håpar å få kjøpt ein del dører på Finn, slik at me kan fornya dei og. Blant anna har me veldig lyst på ein del glasdører, då det ikkje er vinauga i gangen, og berre eit vindauga mot vest på køkenet, så me ynskjer oss lys:)

Trur de me vert ferdige til påske?????? Me trur nemleg det(minus listing altså...) Hytta har alltid vore den plassen der me brukar det me har, då ingen har hatt råd til å bruke mykje pengar der, men no var det ein del som MÅTTE gjerast, og dermed vart me enige om å investera litt. Det er berre SÅÅÅÅÅÅ kjekt å sjå kor fint det vert:)

Fortsettelse fylgjer!

torsdag 12. mars 2009

Heilt utan dybde;)

Dette vert eit innlegg heilt uta noko særleg dybde. Men eg MÅ berre visa fram dei nyyyyyyydelege Sarah Reed koppane eg har kjøpt meg. Nokre av dykk hugsar kanskje at eg fekk gåvekort på eit lokalt kunstgalleri til bursdagen min, og høgt på ynskjelista hadde eg rosekoppar av Sarah Reed. Eg har venta på at akkurat dei koppane skulle koma inn, og på mandag var dei der!!!! Jippi!!! No drikk eg kaffi og te av verdas finaste koppar:) Berre sjå:

Mars 091

Mars 084

Ikkje nok med at dei er vakre utanpå, men og inni er dei små kunstverk.

Mars 086

Og for å toppa det heile kjøpte eg meg ei Lisbeth Dahl tesil med rosa "diamant" til å ha teen i. Var det nokon som sa "grunn"????

Mars 105

Vakkert er det i alle fall:) Og når koppane ikkje er i bruk pyntar dei opp på den fine hylla på kjøkenet mitt. Kanskje nokre av dykk hugsar hylla frå dette innlegget. Då visste eg ikkje kva eg skulle ha i ho, men det ordna seg etterkvart;) No ser ho slik ut:

Mars 072

Mars 071

Så fekk de ein gløtt inn på kjøkenet og;) Kanskje eg viser fram den nydelege kirsebærfarga bjørkeinnreiinga ein dag og. Må berre bloggifiserast fyrst, hi,hi. Er så glad i kjøkenet mitt, og ville ikkje ha bytta det ut, sjølv om eg synes kvite kjøken er fint. Var forresten på IKEA og henta eit heilt kjøken på sjølvplukk på tirsdag, men det er ei anna historie. Hytta skal få nytt kvitt Ståt kjøken frå IKEA til påske. Før og etter bilete kjem når alt er på plass:)

Ha ein flott dag:0)