lørdag 21. mai 2011

Flisespikkeri

 

Lova  for ein halv evighet sidan at eg skulle visa dykk flisene til Leiligheten i Beit Jala, så her kjem eit lite glimt av flisene til hovedbadet.

Leilighet BJ1-1

Har ein draum om at leiligheten skal verta ein blanding av midtausten og noreg, litt tradisjonelt og litt gamaldags. På badegolvet vert det difor store beige fliser, der ein del vil vera mosaikk fliser. Me har valgt store rektangulære kvite fliser til veggene, men ein vegg vert mørkegrå fliser med svart mønster i høgglans. Det er dei flisene som er bakgrunnen på kollasjen. Badekaret vart sjølvsagt med løveføter og kranerog dusj vert i god gamaldags utføring.

Leilighet BJ2-1

Servantskapet vert som på biletet over, berre i kvitt, i dobbel utgave med to servantar. Det vert heil plate oppå, og servanten står oppå plata. Altså som på biletet, berre heilt annleis;)

Det skal seiast at flisene til heile leiligheten vart vald på 2 timar, så eg håpar me ikkje angrar. Må og nevna at dei syntes at den norske dama var litt rar. Kvifor i all verda skulle me ha mosaikkfliser på badet, og ikkje i gangen? Det er jo ingen som ser dei på badet!!! Og ein heil vegg med svarte fliser???? Må nevnast at 90% av alle bad der nede er fullstendig BEIGE med litt innslag av gull og glitter. Sa du kulturkræsj???

Skal sjå om eg får somla meg til å visa dykk tankane om kjøkenet. Kan kanskje trenga litt innspel;)

Ha ei flott helg:0)

fredag 20. mai 2011

Favoritt!!!

Akkurat no er det dette som gjeld:

Mai 2011 066

Frisk frukt med Vaniljekesam….mmmmmmmmmmmmm….. For anledningen til og med i rødt, kvitt og blått;)

Gler meg til å nyta herligheten til semifinalen i Norske talenter.

God helg:0)

tirsdag 10. mai 2011

Borte, borte, tittei…………

 

imagesCA7M78ES

                                                                                 Bilde lånt frå Google

Då kikkar eg forsiktig inn i bloglandia att. Har vore vekke leeeeeeeeenge, utan særleg anna årsak enn total blogsperre. Faktisk så ille at eg knapt nok har lese andre sine bloggar. Men i det siste har eg kjent på lysten til å blogge att, og om eg kanskje ikkje oppdaterer veeeeldig ofte så håpar eg å kikke innom i ny og ne;) Tusen takk til Guttemamma som til og med har etterlyst meg. Så koseleg at nokon faktisk har savna meg.

Her har det skjedd litt sia sist. Ny sofa er på plass, og stova vart såååå fin:0) Berre sjå:

Jul 2010 - Mai 2011 245

Alle i familien er storfornøgde med nyanskaffelsen, som storebror sa; Me har mjuk sofa!!! Fort gløymde me at det faktisk tok 5 mnd frå me bestillte til sofaen ankom, men den som ventar på noko godt……..

Ellers så har storebror fylt 6, og vore på bli kjent dagar på skulen, og møtt både lærar og klassen han skal gå i. STOR stas! Frk. dings teller ned til sin 5 års dag i Juli, og begge to er svært opptatt av familiens nyaste tilskot, som foreløpig befinn seg i mamma sin mage, og er venta å gjera sin entre i Oktober;)

Då er statusrapport avgitt, og så håpar eg sjølvsagt å vera attende før de anar;)

Ha ei flott veke:0)