fredag 30. januar 2009

Eg har sydd!!!!!!!!!!!

For dei som kjenner meg er dette faktisk ganske sensasjonelt. Eg har nemleg knapt rørt ein symaskin sidan ungdomsskulen, og det er så lenge sidan, at deg vel å ikkje tenkje på det.......Men no har det seg slik at i bloglandia vrimlar det av kreative, syglade sjeler, og eg har tenkt stadig oftare: Kor vanskeleg kan det vera??????

Dette kombinert med vissa om at det på loftet stod ein symaskin, som min snille mann kjøpte til meg ein gong, sikkert i håp om at eg skulle hiva meg over han og produsera dei mest fantastiske kreasjonar, fekk det til å klø i fingrane. Som om ikkje det var nok, har det dei siste 3 åra lagt ,ikkje ein Tilda materialpakke, men 2 stykker i "hobbykorga" på same loftet. Av ein eller anna grunn har eg trudd at berre eg kjøpte dei, så vart dei nok på mirakuløst vis ferdige. Dette har ikkje skjedd, så NO var tida inne. Første prosjekt er dette:

Bilder Januar 284

Så no har eg sett meg ned med symaskin, nål og tråd, sydd, brodert og stappa, og kanin nr 1 er nesten ferdig. Litt skeiv og skakk, ulik størrelse på både armar og bein, stripene i kjolen feil veg, og utan hatt! At kanina manglar hatt, er rett og slett fordi eg ikkje fekk til og laga hatten! Ikkje skønar eg korleis det skal gjerast, har prøvd to gonger, men begge mislukka, og til slutt gav eg opp. Då var forsovidt klokka 01.00, og sengetid, men blodtrykket var sikkert ikkje foreneleg med å prøve og sove. Eg var allerede rimeleg heit etter å ha slost med å sy rosene, men dei fekk eg i alle fall i havn til slutt. Her er prøvekanina:

Bilder Januar 281

Eg trøystar meg med at reaksjonen til frøken dings var akkurat som håpa då ho såg kanina i dag tidleg: "Min, Eg vil ha den!" Har eg nok stoff, skal ho få denne til å leika med, så skal eg sy ei ny til Girlanderen, for dette var trass alt gøy:) Og hatten SKAL eg få til, berre vent og sjå.

No skal eg bake Pizzaboller og pakke sekken. I helga skal eg og ungane + svigerinno, (ho har konkludert med at skal ho byrje og bLogge vert blognamnet nettopp svigerinno. Eg seier berre; kom igjen!) og to av ungane på hytta og jobbe. Me held på og pussar opp heile huset (frå 1950) og drøymer om ein skikkeleg sommarhusfølelse. I helga skal me pusse golv, og knuse skap!!! Skal ta masse før bilete, og så håpar eg at det vert masse ettter bilete utover våren.

Ha ei flott helg:0)

mandag 26. januar 2009

Hva lykke er..............

Bilder Januar 272

................Friske ungar.

Ein tur på kafe`med ei god venninne

Ein bukett Ranunklar (ta tre, betal for to, så kan eg gje vekk den siste...)

Bilder Januar 275

Ranunklane som spirer i bedet mitt......

Bilder Januar 267

.......saman med ei Peon eg planta i fjor

Bilder Januar 265

Lukka er her og no

Lukka er kvardagar..........

lørdag 24. januar 2009

Den som maler synder ikke...........

Del 1

Sjuke born over lengre tid, treng aktivisering, og sidan viruset har herja i ei veke her i huset byrja gode råd å verta dyre. Dermed fann ho mor ut at det var tid for å introdusera ein ny aktivitet - maling med vannfargar! Dette har eg nemleg styrt unna ei stund. Utstyr vart innkjøpt i går, og ungane sett i aktivitet ved kjøkenbordet, og suksessen var eit faktum! Det fyrste frøken dings sa i dag morges var: "Kor e malo. Kan eg mala no?" Så etter nokre timars masing ( eg var ikkje klar for maling kl 08.00) ga eg etter, og storebror og frøken dings sette i gong. Eg gjekk litt til og frå, og øyna håp om å kunna drikka ein kopp kaffi i fred, og ro. Men så vart det stilt på kjøkenet - frykteleg stilt - og det ante meg at noko ikkje var heilt som det skulle. Eg ilte inn på kjøkenet, og ganske rett: Storebror hadde testa effekten av å hiva maling på kjøkenveggen med penselen, og her er resultatet:

Bilder Januar 257

Det vil seia, litt av resultatet, då golvet, og kjøkenbenken og vart dekorert. Eg må tilstå at eg vart så forfjamsa, at eg berre sukka og komanderte dei vekk frå kjøkenbordet og beslagla maleutstyret, før eg byrja å skrubbe veggen.

Del 2

Ei stund seinare byrja masinga om å få mala att. Ein skulle jo tru at ho mor hadde lert etter forrige forsøk, men nei da! Etter litt intens masing gav eg etter for maset, og lot dei få prøve igjen, og storebror lovde dyrt og heilagt at dei berre skulle mala på papiret! Eg gjekk litt til og frå igjen ( kor dum kan ein bli?) og brått vart det mistenkeleg stilt. Eg spratt opp og ut på kjøkenet ( for ordens skuld, er det ca 4 steg vekke, gjennom ei open glasdør) og der satt dei, og gliste, tydeleg skuldige , men godt nøgde med seg sjølve.

Bilder Januar 263

Bilder Januar 264

Denne gongen vart ho mor noko arg, og eg må nok tilstå at eg muligens heva stemma eit lite hakk ( jada, eg må innrømma at eg vart litt sint), og vaskinga av andleta var kanskje litt hardare enn ho vanlegvis er, men eg kunne ikkje anna enn å smila litt for meg sjølv, og hadde heldigvis åndsnærvær nok til å ta eit bilete. I ettertid ser eg det komiske i det heile, men malesakene vart beslaglagt for resten av dagen. No har eg kjøpt inn Nabbiperler, så får eg håpe dei ikkje kan finne på for mykje ugagn med dei. Men så er det sitatet som stod frampå eit nyhetsbrev frå barnehagen : "Ikke putt erter i nesen, sa mor før hun gikk. Det hadde vi aldri tenkt på, så det gjorde vi." Det verkar sikkert med perler og..............

torsdag 22. januar 2009

Snørr, tårer og litt kveldskos

Den siste veka har heimen her minna meir om barneavd, på eit sjukehus enn noko anna. Frøken dings fekk feber laurdag, og har sidan lagt mellom 37,0 og 40,3 i feber.......Mandag fulgte storebror opp med feber, og vann kampen om høgaste temperatur natt til onsdag med 40,6. Dermed bar det ein tur til legen for han, og sidan han skal fjerna mandlane 3.februar vart han innvilga Penicillin for øyrebetenelse, og er no på rask betring,. Eg hadde bestemt meg for å ta frøken dings med til legen saman med storebror, men sidan ho var feberfri den morgonen droppa eg det. Dette feira ho med 39,9 same kveld, feberfri i dagmorges og 39 i kveld. I morgon vert det legebesøk på ho og..............

Bilder Januar 252

Dermed går dagane i trøsting, medisinering, aktivisering, megling og meir trøysting. Så då eg fekk ein tur ut på handel i ettermiddag innvilga eg meg eit hageblad. No skal eg legge føtene opp, drøyme om vår, drikke te og sjå kven som vert Masterchef, i finalen, i Masterchef goes large på BBC lifestyle. Det synes eg faktisk er vel fortent;)

onsdag 21. januar 2009

Litt award filosofering.....................

En_klem_i_fra_meg

For å prøve å unngå og støte nokon med dette innlegget opnar eg med å gje vidare denne klemmen som eg fekk av Jeanette69.  Klemmar er alltid kjekke å få, og nett no varma han litt ekstra då eg er heima med sjuke ungar på 5 dagen.........Tusen takk:)Versågod, ta han med deg om du treng ein klem, og gje han vidare til nokon andre som kan trenge ein klem:)

Så til saken: Eg har nemleg tenkt ei god stund på dette med Awardar. Eg vert alltid så glad når nokon gir meg ein award, men samstundes kjenner eg at eg vert litt stressa. Awardane skal jo gjeast vidare, og ofte til maaaange, og eg kjenner eg stressar litt med at eg må få lagt ut eit innlegg  så det ikkje verkar som om eg ikkje bryr meg - for det gjer eg!!!!! Men eg ynskjer at når eg gjer ein award, så skal mottakaren få ei kjennsle av at eg set ekstra stor pris på akkurat DEN bloggen, og då vert det ikkje det same å gje han til 7, 8 eller9 andre samstundes. I tillegg synes eg det er kjekkast å gje han vidare til nokon som kanskje ikkje har same awarden frå før, men når alle skal gje vidare til så mange, ender det fort med at same awarden vert gitt til same person både 3 og 4 gonger. Og det er vel fortent!!!!! MEN då synes ikkje eg det er så stas å gje han til den personen sjølv om eg i utgangspunktet hadde tenkt det.  Eg har dermed fatta ei beslutning! ( dette høyrdes svært alvorleg ut, hi,hi) :

Eg kjem herved til å gje framtidige awardar (heretter kalla utmerkingar) vidare til 1. blogg, og utfordre vedkomande til å gje han vidare til berre 1 anna. På den måten synes eg det vert det litt meir spesielt å få ei utmerking. ( det kan jo vera at eg har trakka så mange på tærne at eg ikkje får fleire utmerkingar, men det får stå sin prøve;) Det kan og henda det tek litt tid før ei utmerking vert sendt vidar, då slikt av og til krev nøye ettertanke;)

Då gjenstår det og takka for 2 utmerkingar eg har motteke for ei tid sida. Begge skal eigentleg gjeast vidare til fleire blogar, men eg vågar meg til å inføre mine nye retningsliner, og gjer dei berre til 1 blog. Først denne frå Malimo. Tusen takk. Eg har ikkje gløymt han;)

award fra sn%C3%B8storm[1]

Den skal gjeast vidare til 1 blogg som ikkje er opptat av utmerkingar, men om å stifte nye bekjentskap, og den gjer eg til blomster i hagen. Ein kjempekoseleg blogg som er vel verdt eit besøk, og som er ganske fersk i blogglandia. Gler meg til å fylgje deg vidare:)

Denne utmerkinga

Kreativ_Blogger_Award[1][1]

fekk eg frå Lisemor med bloggen Lisemorshave. Heller ikkje denne er gløymt, og vert herved gitt vidare til ein blogg eg nett har oppdaga, og som eg synes er kjempeflott, nemleg Dentinista. Måten tekstane vert skrive på er så flott, og skapar ein heilt spesiell stemning over dei mest kvardagslege ting. Gje han vidare til 1 blog.

Då er det tid for å ta meg av mine søte små, og så håpar eg at eg ikkje har tråkka for mange på tærne, for det var ikkje intensjonen. Legg gjerne att ein kommentar på kva DU tenkjer om dette.

Ha ein flott dag:)

mandag 19. januar 2009

Det var ein gong......

Hos oss har gongen, eller entreen, vore eit forsømt kapittel. Ikkje heilt bra kanskje, med tanke på at det er det fyrste folk møter når dei kjem inn......Men no har eg hatt litt tid og overskot, og fornya gongen litt.

Bilder Januar 132

Eg har kjøpt eit nytt speil på Skeidar. Dette har eg sett på ei stund, og no fekk det lov å bli med meg heim. Før hadde me eit smalt, høgt speil, med trekvit ramme, frå IKEA. Etter 11 år har det no fått gå av med pensjon.

Bilder Januar 230

I denne kroken har det ikkje vore anna enn enn ungane sine knaggar, og det har liksom mangla noko. No var denne benken på salg, og sidan eg har hatt lyst på ein benk her slo eg til. Knaggane over har eg kjøpt på Kremmerhuset for nokre månader sidan. Hos oss har nemleg gjestene vore nøydde til å legge klærne på ein stol når dei kom på besøk, men no kan dei få henga dei opp:) Ungane sine knaggar fekk plass under sikringsskapet . Her er både storebror og frøken dings, og ei strålande solsikke ;)

Bilder Januar 238

Bilder Januar 234Bilder Januar 241

Putene i benken er juleputer kjøpt til halv pris av halv pris. Dermed vart prisen 124,50 for 2, istaden for 249 for ei. Salg er kjekt:) Synes ikkje dei er meir julete enn at dei kan få vera framme enno.

Bilder Januar 237

Eg har til og med somla meg til å henga opp eit par bilete. Desse bileta er eigentleg postkort frå Canada, som eg har fått av ei venninne då ho budde der eit år. Eg spanderte ein del på å få dei innramma sidan eg likte dei så god, og no kjem dei til sin rett som velkomst i gongen vår:) Dei er laga av ein Innuit kunstnar og tittlane er " Friends", øverst ,og " Learning" nederst.

Bilder Januar 134

Då kan eg endeleg seia velkommen inn til oss:0)

Bilder Januar 242

torsdag 15. januar 2009

Forandring fryder

No har eg endeleg fått gjordt noko eg har tenkt på leeeeenge. Det er utruleg kor lang tid eg kan bruke på å gå frå tanke til handling, men når eg då set i gong går det unna!!!

Bilder Januar 003

Denne hylla fekk eg ein gong frå ein bokklubb. Eg trur det må vera 11 år sidan. Eg hadde ho hengande på kjøkenet i min fyrste leilighet, men sidan har ho vorte liggande nedpakka. Syntes liksom ikkje at mørkeblått, og mørkegrønt var så lekkert lenger.....Men no fann eg ut at tida var inne! Fram med malerpensel og kvitmaling, og mal i vei. Det gjekk så fort at eg nesten gløymte å ta eit før bilete. Og no:

Bilder Januar 143

har hylla vorte kvit og heng på kjøkenet mitt:)

Bilder Januar 161

På toppen står ei gamal kaffikvern som Bestemor har brukt, og som eg endeleg kan visa fram:) No gjeld det berre å finna dei "rette" tinga til resten av hylla. Mens eg tenker på det, skal eg mala nokre barnemøblar, eit bord og diverse andre ting:)

Ha ein flott dag:)

onsdag 14. januar 2009

Vist skal våren koma

Når vinteren er på det mørkaste, regnet silar ned ute, og det følest som om våren er ei æva vekke, då er det deilig å lage litt vår inne:)

Bilder Januar 153

Bilder Januar 151

Bilder Januar 138

Bilder Januar 139

Bilder Januar 108

Bilder Januar 112

Hortensia og to ulike sortar Primula skapar vår i heimen min, og snart - snart stikk Snøklokker og Krokus hovudet opp ute.

Vist skal våren koma.........

søndag 11. januar 2009

4 år, allerede????

I går var det ein stor dag her i huset. Storebror har endeleg nådd den høge alder av 4 år ( er det mogleg????), og feira med barneselskap. Stor stas og høgt lydnivå, men utruleg koseleg, og hovudpersonen sjølv var storfornøgd. Ein av hovudatraksjonane var sjørøverkaka, som mammo og tanto koste seg med å kreera kvelden før.

Bilder Januar 052

Bilder Januar 054

Bilder Januar 093

Her var det snakk om å la fantasien få fritt spelerom. Mot slutten av prosessen fann me ut me måtte eta ein is, slik at me fekk ein planke. Alle sjørøvarar med respekt for seg sjølv, gir mytteristar ordre om å ; Gå planken og hopp i havet.

Bilder Januar 058

Som de kunne sjå av bileta ovanfor vrimla det av krokodillar og liknande i havet, og dei har allereie samla seg rund mytteristane som har måtta hoppa i havet. Havet vart forøvrig kreert av ein blå plastpose, då geleen som skulle verta hav var meir rødlilla enn blå............

Bilder Januar 073

Eg hadde lyst til å prøva meg på å lage slike søte muffins som eg har sett rundt forbi, og jammen klarte me det og.

Bilder Januar 076

Bilder Januar 080

Bilder Januar 087

Ein stor dag for ein liten (stor) gut

fredag 9. januar 2009

Akkurat det eg ønska meg!

Til bursdagen min var ynskjelista mi ganske enkel. Alle som spurde fekk same svar: Gåvekort på Galleri Giga. Galleri Giga er eit lokalt galleri som sel både keramikk, glaskunst og bilete. Eg elskar å sjå på det som er der inne, og det er mykje eg kunne tenkja meg å ta med heim.

No var eg så heldig å få akkurat det eg ønska meg, og i dag var eg inne og kjøpte meg eit bilete eg har sett på: “Badeengler” av Tone Eleshe

Bilder Januar 040Bilder Januar 035

Er det ikkje flott??? Til og med storebror synes det var kjempeflott. Han gjekk inn i stova då han kom heim frå barnehagen, og eit øyeblikk etter kom han stormande inn på kjøkenet: “Mamma! Bildet, da bildet er kjempefint. Mamma eg lika da bildet, da e kjempefint!!” Snakk om god smak:0) Ein anna sak er at han påstod at det var tre Suppegjøkar som satt der! (Kva no det er....;) Eg løfta han opp så han kunne sjå at det var tre englar, og då kom det lettare sjokkert: “ Mamma, da e berre ein av dei som har trusa på!”

Eg nyt synet av det på veggen, og synes eg har vore kjempeheldig. Enno har eg litt til gode på Giga, og går berre og kosar meg med å tenkje ut kva eg skal bruke pengane på……Kanskje ein av dei nyyyyydelege koppane til Sarah Reed……Følg med…..

tirsdag 6. januar 2009

Bambi på isen


Bilete frå Google

I går kveld dalte snøen sakte ned under gatelyset utanfor, og la eit vakkert kvitt teppe over det meste, og i dag vakna me til pøsregn og IS på alle sidevegar. Eg lista meg avgarde i barnehagen med ungane, handla litt og lista meg heimover. No bur me i ein slik liten side veg. Eit lite stykke opp ein bakke, og inn til høgre. Hovudvegen hadde vorte køyrt bar, men då eg svinga inn vegen til oss var saka ei heilt anna. Eg kom meg opp til avkøyrsla vår, men der var det full stopp! Det vil seia at eg ikkje kom framover, men bakover gjekk bilen heilt på eige initiativ........Eg heiv bilen i fri (har automatgir), trakka bremsa i bånn, og drog opp handbrekket det eg makta, og der stod eg. Våga mest ikkje pusta, og i alle fall ikkje lea på meg. Far i nabohuset vart komandert ut med grus (sand hadde me ikkje) og strødde rundt bilen. Eg er litt usikker på om eg då var mest redd for å skli vidare bakover med bilen, og inn gjennom gjerdet vårt, eller at far i nabohuset skulle detta på klinkisen. Menn på 80 og speilis er som regel ikkje å anbefala med tanke på lårhalsar og andre bein.....Heldigvis datt han ikkje, men grusen hjalp ikkje på framdrifta heller, men etterkvart klarte eg å gli kontrolert bakover til litt bar veg, og vidare ned att i hovudvegen. Der køyrde eg godt ut i vegkanten og parkerte, og der står bilen no. I ettermiddag skal det verta kaldare og snø!!!!!!!! Trur eg må henta ungane tidleg i dag.



Etter denne skjelsettjande opplevinga måtte eg lage meg ein kopp kaffi, og setje meg ned til nevane slutta og skjelve. Då var det godt å finne denne frøkatalogen i posten. Den lovar varmare tider og vår!!!!!! Eg skal kosa meg med den i kveld når snøen dalar ned over isrestane.......No skal eg gå på loftet og ta fatt på ein del maleprosjekter. Eg skal leggja ut bilete etterkvart:)

Ha ein fin dag;0)

fredag 2. januar 2009

Gratulerer med dagen!!

Den utruleg spreke 80 års jubilanten, med mine to englebarn på fanget, opnar gåva frå nokre av oss syskjen; Ei digital ramme me kan sende bilete direkte til. Kjempeartig:)

Ei god venninne av meg laga ei vanvittig god, og flott kransekake. Tuuuusen takk:)

Eit av borda, dekka med engleservise og engleserviettar i gull. Både mor i nabohuset, eg og svigerinna mi samlar på dette nydeleg servicet, som no diverre er ute av produksjon.




Nokre glimt av forbereiingar og nokre av dei mange kakene.



Denne kaka er med i innlegget berre fordi eg er litt stolt av ho, kniis. Nyttårsafta hadde ungdommane på bedehuset nyttårsfest med pinnekjøtt, underhaldning, midnattsmesse, og masse gode kaker. Svigerinna mi og eg vart utfordra til å laga nyttårskaka, og dette vart resultatet. Allt unnateke sølvkulene er sjølvlaga:) Fyllet var vaniljekrem og blåbær, og ja, ho smaka like godt som ho ser ut;)