No har eg endeleg fått gjordt noko eg har tenkt på leeeeenge. Det er utruleg kor lang tid eg kan bruke på å gå frå tanke til handling, men når eg då set i gong går det unna!!!
Denne hylla fekk eg ein gong frå ein bokklubb. Eg trur det må vera 11 år sidan. Eg hadde ho hengande på kjøkenet i min fyrste leilighet, men sidan har ho vorte liggande nedpakka. Syntes liksom ikkje at mørkeblått, og mørkegrønt var så lekkert lenger.....Men no fann eg ut at tida var inne! Fram med malerpensel og kvitmaling, og mal i vei. Det gjekk så fort at eg nesten gløymte å ta eit før bilete. Og no:
har hylla vorte kvit og heng på kjøkenet mitt:)
På toppen står ei gamal kaffikvern som Bestemor har brukt, og som eg endeleg kan visa fram:) No gjeld det berre å finna dei "rette" tinga til resten av hylla. Mens eg tenker på det, skal eg mala nokre barnemøblar, eit bord og diverse andre ting:)
Ha ein flott dag:)