mandag 27. oktober 2008

Eg er her enno;)


Den siste veka er det ikkje mykje de har høyrt frå meg her inne. Må berre unskulda at eg ikkje har vært særleg aktiv med å legge ut nye innlegg, eller legge att komentarar rundt forbi, men eg har rett og slett ikkje hatt overskot til meir enn ungane. Vart skikkeleg slått ut eit par dagar, og har hatt ein aldri så liten bloggtørke........Men forhåpentlegvis er det forbigåande;) Håpar de ber over med meg ei lita stund, for snart vert alt så mykje betre......;) Biletet er eit trykk av ein av mine yndlingskunstnarar Olga G Nilssen, og vart kjøpt på galleriet hennar på flekkerøya i ferien vår i fjor. Biletet heiter"Toneskaparen". Eg håpar det ein dag får selskap av fleire av hennar bilete. Ha ein fin sundagskveld, og ei flott veke:)

Bokmerker........og ei vedkjenning...

Etter eir par dagar der hovudet ikkje har vore heilt i funksjon( ein del vil sei at det ikkje er noko nytt...) Er eg no oppegåande att. Bortsett frå å hosta hvis eg prøver å seie meir enn 3 setningar samanhengande er formen slett ikkje verst. Dette har eg feira med å ta ei aldri så liten shoppingtur og kjøpt inn utstyr til å laga bokmerker.
Eg kjøpte eit bokmerke for ei tid tilbake, og fann ut at eit slikt kunne eg no klara å laga sjølv. I kveld har eg sett meg ned og laga to ulike variantar, og eg vart slett ikkje så lite nøgd med resulatet:)


Hjarta som eg har brukt her, er eigentleg ein øyredobb frå H&M. Eg synes dei passa fint som bokmerke, og til 19.50 for paret var det billeg moro:)


Endeleg kan eg og legga ut bilete av noko eg har laga sjølv. Eg satsar på at det ikkje vert siste gongen eg klarar å vera aldri så lite kreativ;)


Ellers så har eg ei vedkjenning.........Eg har tjuvstarta på jula........Eg er eigentleg ganske streng med meg sjølv, og har ein avtale med svigerinna mi: Julemarsipan, julemusikk og julebrus er ikkje lov før 1.desember, eller 1. søndag i advent, men i går sprakk eg. Eg har drukke julebrus. Den beste som er : Lerum. Eg lovar dyrt og heilagt at det skal ikkje skje igjen før tida er inne.......men det var utruleg godt;)




Min tur.........


Dette biletet seier vel det meste om ståa her i dag. Vakna i dagmorges heiv innpå to Paracet og litt nasespray, og tenkte det skulle ordna seg. Gjekk opp trappa eit par gonger, pusta som ein kval, og fann ut at det var berre ein ting å gjer: Sende ungane i barnehagen, mannen på jobb og krype opp i godstolen med pc`n, lesestoff, litt munngodt og ein pakke Kleenex. Så her sit eg. Dett i dasa, dett i pappen og ikkje heilt god sjølv heller. Anna var vel ikkje å venta etter 14 dagar som levande lommetørkle. Ja,ja. Får nyta det å ha huset heilt for meg sjølv nokre timar. Det er jo litt luksus det og;) Aldri så gale at det ikkje er godt for noko:)
Ha ein fin mandag:)

søndag 26. oktober 2008

Mållaus......


Tenk eg har fått to awardar på to dagar. Eg vert reint mållaus:) Tusen takk Solveig.:0) Om nokon kan kallast positiv bloggar må det vel vera deg. Du finn jo alltid noko positivt midt oppi det heile. Takk igjen. Eg leverer umiddelbart denne vidare til Anette i http://guttemammas.blogspot.com. Du har ein kjempekoseleg blogg, og eg synes alltid det er like kjekt og kikka innom hos deg. Du må ha nokon av dei skjønnaste gutane eg har høyrt om:0) Den neste eg sender denne vidare til er http://minevakretanker.blogspot.com/. Du er omtrent like fersk som meg i bloggeverden, og eg gler meg alltid til å kikka innom hos deg:)
Her i huset er formen til ungane stadig stigande, noko eg er kjempeglad for. 14 dagar med meir eller mindre sjuke ungar held!!!!!! Formen til oss vaksne i huset er derimot stadig synkande.........Kjenner eg tetnar til i heile toppetasjen, så eg håpar berre eg kjem meg på jobb i morgon. Trur eg får la dette vera alt for i kveld, og innta horisontalen. Ha ein fortsatt god sundag:-)

lørdag 25. oktober 2008

Endeleg!!!!

I 3 år har me vore einige om at me har for lite lys på kjøkenet. Me har downligths over kjøkenbenken, og lys under overskapa, men når me kjem til spiseplassen vår vert det brått mykje mørkare. I 3 år har me vore einige om at me treng lys over kjøkenbordet. I 6 mnd har me vore einige om kva lysekruna me skal ha...............
I 5 dagar har lysekruna hengt over bordet vårt. Jippi!!!!! Endeleg kan me sjå kva me et til middag:) Her i huset går ting ofte etter ttt prinsipet. Ting Tar Tid i heimen vår, men den so ventar på noko godt osv........


Eg er i alle fall kjempeglad for at lysekruna er på plass, og gler meg over synet kvar gong eg kjem inn døra til kjøkenet:) Eg var spent på korleis ho ville passe inn, men er kjempenøgd med resultatet. Eg er ikkje blandt dei som pleier å kjøpa noko nytt til heimen i ett sett, så nett no har eg nesten dårleg samvet; Ny lysekrune, nye stovegardiner, nye koppar............Eg lovar; det skal ikkje verta ein vane. Eg trøystar meg med at me forsåvidt ikkje har investert noko særleg i slikt sidan me flytta inn for 3 år sidan, og at desse tinga kompenserar for at det er heilt uaktuelt å skifta sofa o.l. før ungane er store;)

Er ho ikkje fin?????? Synest ho er akkurat passe pynta for vert kjøken. Ikkje for mykje, og ikkje for lite:0)
I går fekk eg min fyrste award, og eg gav han velfortent vidare til Lisemor, men har tenkt på to andre som og skal få han. To som er ansvarleg for at eg enda i bloglandia:
BO http://www.bodil-bo.blogspot.com/. Du har sikkert ørten awardar frå før, men denne får du fordi din nyyyyydelege blog var den fyrste eg var innom i bloglandia, og eg ventar alltid i spaning på kva du legg ut neste gong. Den andre er tante mimmi http://tantemimmi.blogspot.com/. Kjære nabo, din blog var den som gav meg puffet til å starta min eigen blogg. Kunne du , kunne kanskje eg og.........sjølv om eg har innsett at det er mykje du kan, som ikkje eg kan;) Lukke til med butikken.
Då seier eg godnatt.........
Ps: Musa lever enno......Malimo - i dag ligg det fårepølsa i fella.....






fredag 24. oktober 2008

Award!!!!......og livets store spørsmål

Tenk at eg har fått ein award ! Tusen takk Anette:) Vart sååå glad då eg opna bloggen, og fann denne awarden. Har lyst til å gi den vidare til Lise i http://lisemorshave.blogspot.com/. Du har ein utruleg koseleg blogg:)
Så over til noko heilt anna.......Far i nabohuset har vore til laserbehandling på eit auga i dag, og eg fekk gleda av å vera sjåfør. Det tyder barnefri og ein tur til nabobyen, og dermed tid til litt shopping. Hadde på førehand bestemt meg for å una meg to dekningar av det nye Greengate servicet. Må tilstå at eg før eg oppdaga bloglandia ikkje visste kva Greengate var.............(er det lov å seie slikt høgt her;) Har lenge vore på utkikk etter nye koppar, då eg faktisk kun har eit kvardagsservice, og eit besteservice, så utvalet her i huset var heller skralt. Eg kikkar alltid leeeenge før eg finn noko eg likar, men dette falt eg pladask for. Så i kveld har eg kost meg med is og kaffi på mitt nye service.

Dette er litt av sofakroken i huset her. Som de ser er det ingen kvit Ektorp i sikte, men derimot ein svart skinnsalong. Sikkert ikkje heilt "up to date", men utruleg praktisk. Her vert det sølt, og leika utan at eg treng engsta meg for flekkar og skit. Eg vaks opp i ein heim der me ungar fekk leika i stova, og der det ikkje var så nøye om det vart sølt litt, og gjett kvar me alltid enda etter skuletid..........Dette har eg lyst å gje vidare til mine ungar. Satsar heller på tilbehør som er lyst og fint, då det er lettare å vaska enn ein sofa........Det var desse fråverande husmorgenene veit de - vasking er IKKJE gøy;)


Det siste biletet får symbolisera dei store spørsmåla i livet - Kvar kjem me frå?
Tenkte eg skulle sleppa unna dette i nokre år til, då storebror trass alt berre er 3,5, men den gong ei..........Etter siste dobesøk for kvelden i går peikar han på testiklane sine og seier:" Kva er det?" Ho mor raudnar litt og prøver å summa seg: "Eh, det er noko me kallar steinar. Alle gutar og mannar har det" "Kva er dei til? " Raudfargen vert litt djupare og eg svarar: "Når du vert stor mann som pappa, er det noko inni dei som kan verta til babyar" Han slår seg til ro med det, sjølv om han synes det høyrest rart ut, og eg pustar letta ut og reknar med me er ferdige med den type spørsmål for ei stund. Den gong ei - i kveld då me skulle lesa ser han på meg og seier : "Du mamma. Når babyane kjem ut av magen til mammaen, kjem dei ut der då? ( Peikar på navelen) " Nei." Svarar eg, og satsar på at det held....."Ja, kjem dei ut der då?" spør han og peikar på halsen. Igjen kjenner eg at eg raudnar og heitnar , trekk pusten djupt og svarar: " Nei dei kjem ut tissen til mammaen" "Æsj!!!!! Kor ekkelt!!!" Kjem det spontant, og så var me heldigvis ferdige for denne gong. Eg synes is og kaffi var vel fortent då ungane var lagde. Burde eigentleg hatt dobbel porsjon spør du meg;)
Ha ei flott helg:0)

onsdag 22. oktober 2008

Mitt blå vindauga

Sidan det meste av energien min om dagen går med til to sjuke ungar, og ei irriterande mus, er det litt tomt i bloggdelen av hjernen.............Tenkte difor at eg skulle visa dykk bilete av det blå vindauga mitt. Dette er nokre ting som eg fekk då eg enno var tenåring. Dei har fulgt meg sidan, og eg likar den kobolt blå fargen i glaset. Dette er faktisk dei einaste tinga eg har i denne fargen når eg tenkjer meg om.
I sommar fekk samlinga eit nytt medlem.......Som eg sa i eit tidlegare innlegg fekk eg vera med å blåsa ei glaskule, og her heng ho i vindauga mitt. Litt vindskeiv, men "sjølvgjort er velgjort." No har eg etter 6mnds leiting og tenking endeleg kjøpt nye stovegardiner, så då veit eg ikkje heilt kva som skjer med kula mi, for då vert det liftgardin her. Dei gamle gardinene kosta 40kr stk på KID då me flytta inn i huset, og ungane har brukt dei både til å gøyma seg i, og tørka fjeset i, så det er på tide med utskifting. Når dei nye gardinene er på plass skal de få sjå resultatet:0)

Då er tida inne for å krypa under dyna. Med både mus og born som er vakne på natta må ein nytta dei timane med søvn ein kan få;) Natta:0)

tirsdag 21. oktober 2008

Me har fått besøk............


...........og eg har IKKJE invitert............... Mus er jo forsåvidt søte, men eg har aldri hatt lyst på mus som kjæledyr, men no har altså hr eller fru husmus flytta inn hos oss. Høyrte at ho pilte att og fram over hovudet på meg i vaskekjellaren i går, så travelt har ho det. Kva ho styrer med er eg litt usikker på, men det innebærer ein del gnaging. Spesielt under oppvaskemaskinen på kjøkenet er det eit eller anna som fristar. Ho gneg som om ho skulle fått betalt for det, men eg har IKKJE hverken invitert eller betalt ho for å dukka opp i mitt hus........

I natt då frøken dings hadde bestemt seg for å gjera alt anna enn det ho burde gjera, nemleg sova, jobba frøken husmus iherdig inne i veggen. Eg kunne formeleg kjenna at blodtrykket steig til uante høgder av fleire grunnar......So no syng eg saman med Herborg Kråkevik: "Her i mitt hus, kan eg finna både glasskår og mus.." Jada, det kan eg heilt sikkert.


Krigen er i gong. Eg har sett ikkje mindre enn 4 musefeller fullstappa med svidd flesk i sokkelen under oppvaskemaskina. Mus er jo konstant svoltne, så før eller seinare må vel duften av flesket lokka musa inn i fella. Til alle dyrevernarar som no synes eg er frykteleg stygg med musa, kan eg lova deg at normalt sett er eg ein dyreven, men inne i mitt hus vil eg ikkje ha leigebuarar av denne sorten. Når eg hentar ungane i barnehagen i dag, skal eg slå til på tilbodet om ein kattunge. Har jobba iherdig for å overbevisa husbonden om at ein katt er koseleg. Trur dette var argumentet som skulle til, då kattar trass alt har mus på menyen. I krig og kjærleik er alt tillete. Eg snakka med skadedyrbekjemparen i går, og han kunne i allefall trøysta meg med at dersom det sprang fort over hovudet på meg var det mus og ikkje rotter. Hurra.
Bileta er lånt frå : www.musefeller.no www.timetosow.com

mandag 20. oktober 2008

Kosestund

Her ser de kva eg og storebror kosar oss med om kvelden. Etter at frøken dings er i seng, er det tid for vår litle kosestund. Då hentar me fram den store boka om Knerten, kryp opp i godstolen og kosar oss med Anne Cath. Vestly sine koselege historiar om lillebror og Knerten. Det er såååå kjekt no når han har vorte stor nok til at me kan kosa oss med bøker som består av meir enn 3 setningar på kvar side. Eg er ein lesehest sjølv, og håpar at ungane mine skal få same gleda over bøker som eg har hatt.
Må tilstå at eg er litt tvilande til barneoppdraginga i desse bøkene, men det er kanskje meg det er noko i vegen med. Oppdaga no når eg las for storebror, at lillebror berre er 4 år gamal, og når då mor let han vera heime åleine, med eit glas vatn og eit eple på nattbordet då han var sjuk, synes eg kanskje det var å dra det litt langt. Ser ikkje for meg at eg kan stola nok på storebror om nokre månader til å la han vera åleine heime. Hadde vel heller ikkje klart å gå i frå ein liten tass med høg feber. Men, men alt går jo bra til slutt, og det er jo berre ei barnebok:0)
Me kosar oss i alle fall med denne lesestunda på kvelden. Den er gull verdt på dagar som av og til kan verta travle for både liten og stor. Når storebror kryp godt inn i armkroken, og krøllar seg saman, klar for dagens kapittel, er det ei lukkestund for ho mor. Ha ein flott dag. Her bles kulingen rundt hushjørna, og regnet høljar ned. Skikkeleg haust og stearinlys ver.

søndag 19. oktober 2008

Nyervervelsar, og ein snik - kikk på loftsstova

Lovte jo at eg skulle visa kva eg hadde kjøpt hin dagen, og ein skal alltid halda det ein har lova:0) Eg var på Fryd og handla to pakkar med telysestakar, to "sølvfat", og ein liten brikke. Det øverste fatet, med såpa og lipsylen, sette eg på badet. Smykket som ligg på fatet følgde med ein genser eg kjøpte, og er ikkje heilt min stil til å ha rund halsen, men både smykket og organzaposen tok seg fint ut på fatet:)
Det andre fatet sette eg på loftsstova, saman med brikken eg kjøpte. Brikken har eit lite broderi, og blondekant, og passte fint på den "nesten" kvite loftsstova mi. Me er nett ferdige med stova, og sjølv om det er litt som gjenstår, er eg svært nøgd med ho, og ja, sofanen de skimtar i bakgrunnen er raud. Eg hadde lyst på ein sofa med litt farge på, som eit blikkfang mot det kvite. Skal visa dykk heile rommet, med sofa, når eg er ferdig med og mala møblane. Har eit bord og ei hylle som skal verta kvite.
Gyngestolen har eg fått med meg heimante. Den stod i stova vår når eg var liten, og eg synes den er kjempekoseleg. Ikonbiletet i bakgrunnen er eit bilete svigerfar sette att etter eit besøk i fjor. (Han er greskortodoks prest.)
Etter eg hadde vore på Fryd, hadde eg bestemt meg for å kjøpa Hoya på bue til å ha i kjøkenvindauga. Typisk nok var det ingen som hadde Hoya den dagen, så eg enda opp med to eføyar. Ein til kvart vindauga på kjøkenet. Nye potter vart det og. Erfaring tilseier at eføyen får spinnmidd og døyr om ei lita stund, men eg får nyta han så lenge det varer:0) Som de ser har eg ikkje styla kjøkenbenken før eg tok biletet, så her står både tv-kanne og kjøkenrull til pynt;-)

Liftgardinene fekk eg sydd, etter å ha gått i 1 år og leita, utan og finna noko eg likte. No har eg same problem i stova, men eg har sett nokre gardiner som er aktuelle, så kanskje eg kan visa nye stovegardiner snart. No har eg vist fram både inkjøp og litt av loftsstova, så no trur eg, eg tar kveld. Natta;)

fredag 17. oktober 2008

Morgonstemning på verandaen

Skulle eigentleg legge ut litt bilder av dei fine tinga eg kjøpte i går, men naturen er mykje finare en det me kan kjøpa........
Desse bileta tok eg i dagmorges då sola var på veg opp, før eg kjørte ungane i barnehagen. Det er enno litt blomar att på slyngpelargoniaen min, og i morgonsola med dråpar etter regnet i natt vert plantene reine kunstverka.


Ha ein flott haustdag. Her skin sola, og i ettermiddag kjem kulingen.........


torsdag 16. oktober 2008

Pakke:-)

I dag var det min tur til å henta pakke på posten. Eg var innom netbutikken http://www.sweetmemories.no/ ein kveld, og forelska meg i ein knappeboks av alle ting. Veit ikkje om det er fleire enn meg som har ein haug med knappar i diverse variantar liggande rundt om kring. Alle klær kjem jo med ekstra knappar, men den dagen eg har bruk for dei veit, eg aldri kvar dei er. Når eg såg denne koselege knappeboksen måtte eg berre hiva meg rundt og bestilla. Endeleg skal alle knappane mine få ein heim:0)
I tilleg til knappeboksen bestilte eg ei fiolsåpe i gamaldags boks. Hadde tenkt å gi ho vekk i julepresang, men ho er så fin, at det kan vera eg må bestilla ei ny. Eg og vil ha;) Ikkje berre fekk eg boksen og såpa eg hadde bestilt, men ei koseleg gave i tillegg. Ein nydeleg boks med lepsyl.
No er knappane på plass i boksen og såpa og lepsylen ligg til pynt på badet, saman med noko anna fint, eg skal visa dykk seinare. Eg har nemleg vore på shopping i dag............Fekk pengar att på skatten, og gjekk hen og "snopte" litt etter treninga i dag. (Så fekk eg sagt at eg hadde trent, og. Leeeenge sidan sist). Tusen takk til Monja Helene på Sweet Memories for koseleg gave. Kjem nok innom nettbutikken seinare og. Var ein nåleboks, og eit førstehjelpsskrin som ropte på meg der inne.................

mandag 13. oktober 2008

Boller og blom

I dag har eg og ungane vore heima. Storebror har hatt feber, og frøken dings brukte store deler av natta på å kvitta seg med maten ho hadde inntatt dagen før. Men for begge to har forsåvidt formen vore stigande utover dagen. Mor i nabohuset pleier alltid å sei at den verste tida når ein har sjuke ungar, er når dei er nesten friske att. For sjuke til å få vera ute, og til å gå i barnehagen, men så friske at det er kjedeleg å vera inne. Mor i nabohuset har rett. Eg insåg forholdsvis tidleg på dagen at eg måtte finna på noko, så eg foreslo å baka vanilje bollar, og forslaget vart motatt med jubel. Dei som kjenner meg, veit at desperasjonen må ha vert forholdsvis stor, for gjærbakst er ikkje det kjekkaste eg veit, men kva gjer ein ikkje;-) Storebror og frøken dings kappast om å røre så mjølet skvatt, og frøken dings foretok stadige prøvesmakinar av deigen. Resultatet - Nydelege boller og glade ungar, så då gjekk alt etter oppskrifta;-)
Eg sådde tidleg i vår ein slyngplante som skulle bløma med store blå klokker. Eg sette ein av plantene på trappa, og gledde meg til å få eit vell av blomar til å ynskja velkomen med. Dengang ei. Ikkje ein blom har dukka opp, men seint på sommaren dukka det opp noko som eg rekna med var ein knopp, men ingen ting meir skjedde. Så, endeleg var ting i ferd med å skje. Blomen var innen rekkevidde. Då var ulukka ute, blomen vart riven av. Då var det berre ein ting å gjere - reddast det som reddast kan - blomen vart sett i vatn, og så får me sjå. Kanskje utviklar han seg inne i varmen. Den som lever får sjå..........
Sjølv om det ikkje minnar mykje om ei stor blå klokke, synest eg faktisk blomen var fin likevel. Vasen blomen står i, er ein vase eg forelska meg i, i Jerusalem for mange år sidan. Den er handlaga/munnblåst glas sett ned i Jerusalemsstein. Eg synes han er utruleg elegant, og brukar han ofte til ei enkelt rose, eller ein anemone. Vakkert.

søndag 12. oktober 2008

Sjå så fin fisk eg har!

Eg ser jo stadig eksempel på kor kreative folk er her i blogglandia, og eg må med skam bekjenna at eg er ikkje blandt dei. Eg er tilgjengjeld frykteleg god på å stela inspirasjon hos andre , og eg har sett mykje her inne som eg har lyst å prøva meg på.........SÅ, for å kompensera for min manglande kreativitet legg eg ut bilete av ein tunika som venninna mi har laga til frøken dings. Han er laga av ein ullfleece stoff, og ho har designa han sjølv, og frøkna elskar fisken sin. Ho har laga fleire ulike modellar, og den under har ho laga til dottera si. Ho har og laga nydelege babysko, og kule vendbare huer i same stoffet. Eg vert så imponert av slike folk:-)
Då er det vel på tide å finna senga, og få skjønhetssøvnen. God natt.

Morgonstund

No har eg nytt ei fredeleg morgonstund, med ein kopp kaffi, nydeleg Belgisk sjokolade, svenske viser på cd - spelaren og PC`en i fanget. Utruleg deilig. Mine søte små har eg lånt vekk til nabohuset for anledningen. Kaffien på bilete er ein Cappuchino frå kaffibaren, her i huset må eg nøya meg med vanleg traktekaffi. Eg øver stadig på å laga mønster i kaffiskummet, foreløpig er eg ikkje så god, men berre vent, snart vert det hjerter, blad og trær i kaffien. Men god er kaffien i alle fall. Set mi æra i å servera SKIKKELEG kaffi.
Her er ungane foreviga ei tidleg morgonstund i feriehuset me leigde i Danmark i sommar. Då hadde dei gått til angrep på støvsugaren i eit tappert forsøk på å ta livet av "dragen".

Frøken dings hadde iført seg støvlar for anledningen. Veit aldri når golvet står under vatn.....Men i dag har eg altså fått ei lita stund for meg sjølv. Er så heldig at eg har verdens beste foreldre i nabohuset, og av og til låner dei ungane på søndagsmorgonen, sånn at me kan sova litt ekstra (eller blogga litt......) Rein luksus:0) Foreløpig ser det ut som om me er over det verste av feber og slikt, så eg kryssar fingrane for at stormen er over for denne gong. Ha ein flott søndag:-)

lørdag 11. oktober 2008

Din engel meg bevare........

Dette er min "skytsengel". Eg hadde hatt lyst på ein slik engel lenge då eg fekk han til bursdagen min for eit par år sidan. Eg synes dei er kjempefine, og min har fått plass på peishylla i stova. Der er han forøvrig godt forankra, for eit eller anna har skjedd når me har fyrt, og no verkar det som om han er limt fast i hylla, så der står han nok ei stund til.

Eg ber kveldsbøn med ungane mine, og då ber me ei gamal bøn, som eg har med meg heimante;
Nu lukker seg mitt øye,
Gud Fader i det høye
i varetekt meg ta,
fra synd, fra sorg, fra fare
Din engel meg bevare
som ledet har min fot i dag
Synes det er ein fin avslutning på dagen, sjølv om ein del av orda nok er litt uforståelige for ungane.

Mine to søte små har forøvrig vore sjuke i dag begge to. Frøken dings har hatt litt feber, og avlevert middagen på golvet, medan storebror har hatt øyreverk og ein heil del feber. No har roen senka seg, og me håpar på betre tider i morgon.

Ha ein god lørdagskveld:-)

torsdag 9. oktober 2008

Ettermiddagskos

I dag var ein sånn dag, der me kom skeivt ut frå starten av. Det verka som om alle hadde stått opp med feil fot, og det vart mykje styr og stress for å koma seg ut dørene til rett tid. Resultatet vart at ho mor gjekk rundt med dårleg samvit og lurte på korleis me kunne få ein betre avslutning på dagen.
Svaret vart Eplepai!!!! Storebror elskar eplepai som han seier, og me andre synest ikkje det er så verst me heller;-) Så når barnehagedagen var over og yndlingsmiddagen til ungane fortært (Kvitløksfiskekaker og makaroni) fekk storbror vera med og baka eplepai. Som de ser vart nokre epler fortært undervegs. Eplene kom frå det store, gamle epletreet i hagen på hytta, så det var jo litt ekstra stas. Frøken dings var nøgd med å slikka vaniljekremen av slikkepotten, og me alle var fornøgde når me kunne kosa oss med varm eplepai og vaniljeis. Skikkeleg sunn kvelds!
Sidan mine husmorgener ikkje er spesielt oppegåande er oppskrifta svært enkel. Her i huset likar me kjappe, enkle og GODE kaker, og denne kaka er ein sikker vinnar. Sidan avslutninga av dagen vart utruleg mykje bedre enn starten, og alle var nøge når kvelden kom, legg eg ut oppskrifta her i tilfelle andre skulle ha bruk for litt kvardagskos:-) Oppskrifta har eg fått av ei veninne, så kaka vert herved oppkalla etter henne:

LENES EPLEPAI:
125g smør
125g sukker
200g kveitemjøl
1 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver

Rør sukker og smør kvitt. Ha i mjøl, bakepulver og vaniljesukker og kna saman. Deigen vert litt tørr. Kna ut i paiform. Ha ein pakke vaniljekrem over. Rasp 3 - 4 epler over og strø sukker og kanel på toppen.
Steik nederst i ovnen på 180 grade i ca 40 min.
Nytes varm med is eller krem.

Bon apetitt

tirsdag 7. oktober 2008

Bursdagspresangen til frøken dings

Her ser de eit av mine beste kjøp. Frøken dings fylte 2 i sommar, og eg gjekk lenge og lurte på kva me skulle kjøpa til ho. Ho likar å leke med dukkehus, så ho mor tenkte at eit dukkehus måtte vera perfekt. MEN sida tutta berre fylte 2, måtte det vera eit dukkehus som tålte litt, og eg forelska meg i eit slikt dukkehus frå LeToyvan. Då var det berre eit men att, og det var minst like stort. Dukkehuset, utan noko innhald, kosta rundt 1200.- kr, og det synest eg er litt i meste laget for ein bursdagspresang til ein 2 åring. Dermed vart planen lagt på is, og eg byrja å tenke på andre alternativer. Så, etter å ha henta mi fantastiske sjølvlaga glaskule på glasblåseriet i Ålborg, snubla eg over ein nydeleg barnekledebutikk, med 40% på alt. Her MÅTTE eg jo berre inn. Når eg kom inn i butikken viste det seg at dei selde nydelege treleker som og var til 40% - og no skjønar du kanskje teikninga..........................


Ganske rett. I ein krok stod dette dukkehuset til 40%, og ikkje nok med det; dukkehuset var i utgangspunktet prisa til nett i overkant av 700.- kr!!!!!!!!! Eg innhenta husbonden, som av forståelege grunnar var plasert på ein fortausrestaurant for å eta is med våre søte små (ungar på 3,5 og 2 passar dårleg inn på eit glasblåseri), og sa at dette huset MÅ me berre ha. Som den eksemplariske husbond han er, sa han seg sjølvsagt enig. Det var berre eit problem - vårt forråd av danske kontantar var ikkje mykje å skryta over nett der og då, og butikken tok ikkje kort. Me vrengte lommer og lommebøker, og kom opp med nok til huset, to sett møblar, og dukker. Prisen - 798.- kr!!!!!! Eg har framleis ikkje kome over kor heldige me var, og frøken dings elskar dukkehuset sitt. No drøymer eg om bilen med retrocampingvogn som høyrer til. Me får sjå til jul........