Då var me heima att etter at frk. dings har fått fjerna mandlane, og alt gjekk som ein draum:) Godt å ha det unnagjordt.
Gårsdagen vart altså tilbrakt på sykehuset, og lange sykehusdagar er eit ypperleg påskot til å anskaffe nye tilskot på bladfronten. Som de veit held eg på med å fornye ungane sine rom, og er på jakt etter gode idear heile tida, så då eg såg at Foreldre og Barn hadde eit interiørekstra om barnerom, kjøpte eg eit eksemplar.
Gjett om eg vart skuffa då eg oppdaga at interiørekstraet var ein blåkopi av dette bladet:
Bileta under skulle vera bevis nok. Det øverste bladet på bileta er Rom 1.2.3, og det nederste Foreldre og Barn
Ikkje mykje ny inspirasjon å henta der.........Rett og slett skikkeleg irriterande. Begge blada er gitt ut av Hjemmet Mortensen, så dei sparar både tid og pengar på å publisere artiklane i fleire av blada sine, men eg synes det hadde vore rettare og berre lagt ved bilaget frå Rom 1.2.3 som ein bonus, så hadde eg spart 69.-kr.
Jammen flaks at Narvesen har 25% på utenlandske blad, slik at eg kunne trøste meg med Drømhem & Tredgård;)
Ha ein fin kveld:0)