søndag 31. mai 2009

Kveldskos på hytta.


Ein deilig avsluttning på ein perfekt dag. Sol, sommar, grilling og årets første bad. Kan ein ha det betre?

torsdag 28. mai 2009

I morgon, i morgon.............

...............men ikkje i dag,                                                                              nei i dag, nei i dag gjer eg ikkje det slag.                                                       I dag vil eg liggja på ryggjen å sjå,                                                               på Lerka so svinga seg høgt i det blå.                                              Stanley Jacobsen

Mai 2009 247

I grunnen har denne veka vore nett slik. Eg får ikkje gordt "det slag". Har sjølvsag gjordt ein del naudsynte ting som klesvask, golvvask og vasking av bad, men ellers så har eg berre drive dank.

Mai 2009 259

Men litt deilig er det jo med slike dagar. Rein luksus i grunnen å kunne una seg å "sitja på baken å sjå, på bloggar so fine og koslege så" Fritt etter Stanley Jacobsen

Mai 2009 243

I morgon reise me til hytta att. Værmeldinga lovar sol,sol,sol, og eg har svidd av svimlande 650,- kr på solkremar til oss alle. I tillegg har frøken dings og storebror fått nye sandalar. Jammen er det dyrt å byrja på  sommaren;)

Mai 2009 252

Denne koselege karen passar på i steinbedet vårt på hytta. Eg har same blå plante i eit steinbed her heime, og synes den intense fargen er absolutt fantastisk, men eg har gløymt namnet. Nokon som veit????? Alle bileta i dette innlegget er tatt i hagen på hytta. 2 mål tomt fører til litt hagearbeid, men det synes eg berre er kjekt. Drøymer om masse gammeldagse stauder og roser, slik at hagen stort sett tek vare på seg sjølv i framtida.

Mai 2009 244

Dette bedet er på veg til å verte nettopp slik. No blømer Orientvalmue, og ein gul/oransj valmue som eg ikkje hugsar namnet på, så overtar blå Iris og ei nydeleg raudoransj daglilje, før Breiskolm (erteblomst staude utan lukt) kjem i blomst utover sommaren.(Den klatrar på den heller provisoriske nettingen....) Her håpar eg å få på plass fleire stauder etterkvart, slik at me kan plukke inn litt. Ridderspore, Kjempeklokke og prestekrage står høgt på ynskjelista.

Sommerstemning1

Tusen takk for alle koselege helsingar, skal prøve å legge inn nokre spor etter meg rundt forbi før eg tek helg i morgon:) No får eg prøve å gjere litt i alle fall........

Så får knoppen til Orientvalmuen ynskje dykk alle god helg:)

tirsdag 26. mai 2009

Nærbilete frå hytta

 

Denne gongen vert det nokre nærbilete av interiøret. Denne symaskina fekk bestemor for maaaaaaaaange år sidan, og er stadig fullt brukbar. Eg synes den er absolutt nydeleg, og no når hytta vart oppussa fekk symaskina kome fram i lyset, og pynte opp i stova.

Sommerstemning2

Bordet som symaskina står på, er bestemor og bestefar sitt nattbord. Skuffa har ein liten porselensknott. Bordet treng litt oppussing, men det har har i nabohuset lova at han skal hjelpe oss med;)

Sommerstemning3

Denne skjenken har og kome til heider og verdighet att etter oppussinga. Den fekk mor og far i nabohuset frå dødsbuet til ein skipsreiar ein gong på 60 talet. Då mangla plata oppå ein bit, og ryggen sat difor ikkje fast. Far i nabohuset fiksa plata og fekk ryggen på plass. Den gongen var skjenken mørkbeisa, men sidan dei fiksa han opp vart det fargeforskjell på den nye biten og resten, dermed vart skjenken kvitmalt:0)

Mai 2009 231

Til slutt ein kikk inn i det nye soverommet i kjellaren. Eg har diverre ikkje før bilete, men her var det rett og slett ein råkjellar med sementgolv og murvegger, og eit lite vindauga som ikkje kunne opnast. No er det lyst og sommarleg og nesten klart til innflytting - manglar berre elektrisitet;)

Mai 2009 230

Då må de ha ein flott dag vidare, så får me sjå kva som vert foreviga på hytta til helga. Eg skal i allefall ta før bilete av resten av kjellaren;) Klem:0)

mandag 25. mai 2009

Ein smak av sommar

 

Sommerstemning

Her er eit lite glimt av livet på hytta i helga. Den vesle lekehytta vart bygd til syster mi midt på 60 talet, og eg har veldig lyst til å pusse opp litt i sommar...............

Eg lovde nokre interiørglimt, men det vert neste innlegg. No må eg til å gjera litt. Eg har nemleg "sløst" vekk formiddagen min her:

Mai 2009 310

Eg har gleda meg slik til å nyyyyte den fine uteplassen min, og i dag var været på mi side;) Eg lovar å stikke innom til dykk alle i løpet av morgondagen, no ropar klesvasken, vaskinga og middagen........Ha ein flott dag vidare:0)

onsdag 20. mai 2009

Langhelg:0)

Då var bilen pakka og klar (nesten) til hyttetur.

Mai 2009 215

Som de ser er det mest vesentlege med, hi,hi. Har vore innom plantasjen og kjøpt Spanske margerittar, og ein heil del stauder til beda. Me har nemleg to laaaange bed som går opp mot huset, og no treng dei påfyll. Biletet skal opp på det nye kjøkenet, og lykta skal lyse opp ute på bordet i lange, varme somarnetter;)

Mai 2009 010

Då ynskjer førken dings og storebror alle ei flott langhelg:) Me sjåast på sundag - kanskje med ferske interiørbilete frå hytta...

tirsdag 19. mai 2009

Pauseinnslag;)

Brått vart det visst ein liten bloggepause. Mannen reisete til Athen i jobbsamanheng, og vart vekke til natt til 17.mai. Då måtte ho mor trø til for å få alt i orden til feiringa, så blogging rakk eg rett og slett ikkje. Men no er alt i gjenge att - nesten........

Mai 2009 213

Storebror er heime frå barnehagen i dag, med feber og vondt i magen. Dermed vert det ikkje mykje eigen tid for ho mor, men etter å ha lese diverse bøker, og spelt "Se hva jeg kan" - og tapt for 4 åringen, er eg no innvilga ein liten pause, medan Sauen Shawn underheld srotebror. Då nyttar eg høve til å bla i nye blad, og innta litt vitaminer;

Mai 2009 210

Jordbær, banan og appelsin smothie/milkshake. Ferske jordbær, nypressa appelsin, ei halv banan, litt skumma melk, og litt vanilje lettis toppa med ein dæsj kanel - mmmmmmmm.

Mai 2009 120

Mai 2009 167

Mai 2009 190

Mai 2009 200

Eg kan ellers nemna at 17.mai vart feira som seg hør og bør. Bunaden passa med litt hjelp av dei tidlegare nemde damene, men det var god å få han av og putta beina i vatn då dagen var omme;)

Mai 2009 205

søndag 10. mai 2009

Oi!!!!!!!!!

Her sit eg ein fredeleg sundagskveld og anar fred og ingen fare, då det brått plingar i mobiltelefonen. SMS frå naboen, tantemimmi. Så koseleg tenkte eg. Kanskje ho er klar for ein kopp kaffi i måro, så kan ho hjelp meg med å bli kvitt litt av den vanvittig gode rabarbrapaien eg laga i dag.

"Hei. Sjekk bloggen! Eg fekk sjokk" stod det. Skummelt tenkte eg. Eg er nemleg ekspert på katastrofetenking, så eg rekna med alle bileta var sletta, eller at nokon hadde lagt att ein skikkeleg ekkel komentar. Stor var gleda, og overraskinga då eg oppdaga at eg hadde VUNNE!!!!!!!!! Ein nydeleg kjole frå Dundelina

mai_09_107_thumb[7]

Eg som ikkje har vunne meir enn eit par serviettar dei siste x-antall år!!! Å kor eg gler meg til å ta kjolen på frøken dings:) Gjett om ho vert fin!!! Så kan ho og minsten til tantemimmi (som er fotomodellen på dette nydelege bilete eg har lånt frå tantemimmi) hoppa på trampolinen i Dundelina kjolane sine.

image_460 Bilete lånt frå minimikki   Tuuuuuuusen takk tantemimmi!!!!!! Du er herved invitert til å feira med rabarbrapai i morgon:0)

fredag 8. mai 2009

Ny blogbutikk - og den er litt min.....

Ja no vart du nysgjerrig;) Eg kan diverre ikkje skilte med ein lekker interiørbutikk, ei heller ein gjenbruksbutikk.......Til gjengjeld er butikken både miljøvennleg og økologisk;)

April_2009_234

Eg er nemleg miljøkonsulent for Norwex. Dvs at eg har homeparties der eg sel microfiberprodukter til reingjering, og økologiske hudpleie produkter. Med desse reingjeringsprodukta nyttar du ikkje såpe, kun vatn. No har Norwex opna nettbutikk, og der kan du handle hos den enkelte miljøkonsulent, dvs at du kan gå inn og handle hos meg:) Dette synes eg er litt spanande, så i tida framover dukkar det nok opp eit og anna reingjeringstips på bloggen min, og produkta kan du finna her. Vil du handle hos meg klikkar du på registrere oppe i venstre hjørna. Du vil då få opp eit kunderegistreringsskjema der det fyrste du må gjera er å velge deg ein miljøkonsulent. Klikk på rullegardina og velg Vestlandet, då dukkar det opp ei ny rullegardin, og der vel du Vyzantios Henriette S, og dermed handlar du hos meg!!!!! Jippi!!!! ( og der forsvann den siste illusjonen om å vera anonoym...)

atibac_Mini_Starter_Pack

Dersom du lurar på om dette er noko særleg, så kan eg sei at eg i utgangspunktet ikkje likar husarbeid, så alt som kan gjere det lettare er supert. Med våtmoppen min vaskar eg alle golva i fyrsteetasjen på 15 min, kun ved hjelp av vatn! Vindusvasken er like enkel, berre klikk her og sjå. Tenk på alle kemikalia du sparar naturen for, og alle pengane du tenar på å ikkje kjøpe såpe:)

Supre hudpleieprodukter har dei og, men dei skal eg sei meir om ein anna gong. Klikk deg inn på Norwex og sjå.

Då var dagens reklame unnagjort for i dag.

Ha ei strålande helg. Helgevasken tok eg med microfiber og vatn tidlegare i dag, så no skal eg belønne meg sjølv med is og jordbær:0)

Fridom

 

frigjXringsdagen

Mine foreldre er så gamle at dei var tenåringar under krigen.  Onkelen min var med i motstandsrørsla, og sat i tysk fangenskap ein periode. Kva han opplevde veit me ikkje så mykje om, for han ville aldri snakke om det, men mareritta plaga han til den dagen han døyde. Når foreldra mine fortel om frigjeringa, og  den gleda dei følte då, gjev det meg tårer i augo, og er nok ein medverkande årsak til at eg likar å markera 8. mai. Ikkje på noko storslått måte, men eg brukar å heise flagget, dvs henge ut balkongflagget, og eg synes det er litt trist å sjå alle dei nakne flaggstengene rund om kring. Me har så mykje å vera taknemlige for, og eg synes det å flagge er ein fin måte å markere fridomen vår på.

norsk_flagg_stang

Kanskje ein anna  årsak til at eg markerer denne dagen, er at eg er gift med ein mann frå Betlehem. Heller ikkje for han er fridom ein sjølvsagt ting. Då eg budde i Jerusalem opplevde eg at han stundom måtte avlyse møta våre pga at det var skyting i Betlehemsområdet. Eg fekk sjølv oppleve at "grensene" vart stengt og me måtte bli i Betlehem pga skyting, medan Israelerane skaut rakettar frå helikopter 1km vekke. Ikkje spesielt kjekt. Men eg har og Israelske vener, og har fått erfare på kroppen at ein konflikt alltid har to sider. Å høyre smellet, og kikke ut hotellvindauga og sjå politi og ambulansar samle seg der ein sjølvmordsbombar har sprengt seg sjølv i lufta, eller sitte på bussen og lure på kva personen i nabosetet har i pakken sin;" kan det vere ei bombe", er ikkje  kjekt.......

Mars 317

Dette saman med historien mamma fortel om soldaten som kom inn på kjøkenet deira, opna lommeboka, tok fram bilete av familien sin, medan han grinande sa; "Nict mehr, tot" har lert meg at ein krig er uønska av dei fleste, og innerst inne ynskjer alle berre ein ting: Eit liv i fridom for seg og familien. Difor: Heis flagget i dag, og vis på den måten at du set pris på den dyrebare, og dyrt kjøpte fridomen vår.

(Eg skulle gjerne sagt at flagget no vaia på verandaen vår, men 5 min etter at eg hadde hengt det ut var det borte vekk. Heile opphenget hadde blese ned.........)

Bilete nr 1 og 2 frå Google

onsdag 6. mai 2009

Mmmmmmmm……………..

I dag har eg gjordt noko eg har tenkt kvart år at eg skulle gjera, men aldri somla meg til, nemleg hausta Rabarbra. I eit bortgøymt hjørna bak garasjen står denne flotte Rabarbraplanten

Henriette 015

Her foreviga etter at eg har hausta Rabarbraen. Planten står i enden av “ruskedungen” som me kallar han, og er den staden me kastar graset når me slår plenen, og diverse anna hage og komposteringsavfall endar og her. Ideelle forhold for Rabarbra.

Henriette 016

Dei enorme Rabarbrabladene vart kasta på staden, og berre stenglane fekk bli med inn.

Henriette 013

Som ein bloggar med respekt for seg sjølv, burde eg jo ha plukka Rabarbraen i ei yndig, kvitmalt korg, medan eg sjølv var ikledd kvit, vintage blondekjole og Noah Noah sandalar. Men eg har diverre verken korg eller vintagekjole, og det hadde nett HAGLA kraftig, så det vart slagstøvlar, genser og Kiwi pose i staden…..Her har eg faktisk rensa halvparten av Rabarbraen allerede, så det skjønar at det var ein del å ta av;)

Henriette 014

Skalet på Rabarbraen kan ver fint det og…….

Henriette 012

Ingen ting slår ein god Rabarbrapai. Etter å ha rensa Rabarbra i 1 time syntes eg at det var tid for litt belønning, så eg stal Ikea paiforma til frk dings, akkurat passelig til 1 person, og miksa ein full fart pai.

Henriette 022

Hakka rabarba, tømte sukker blanda med litt potetmjøl over. Dryssa eit litt tjukt lag kveitemjøl på toppen, litt meir sukker (unnskuld Grethe Rodhe, skal gjera det betre neste veke……)og nokre klattar med smør, og inn nederst i ovnen på 200 grader i ca 15 min, og VOILA:

Henriette 023

Nydeleg pai, servert med eit par kuler Dream vaniljeis, og pynta med mynte, eller Nana som mannen min seier – BON APPETITT.

(Jada, eg veit det er 17 mai snart, og at Trinny og Susanna ikkje kan gjere heile jobben, men ein må jo kosa seg litt og………)

tirsdag 5. mai 2009

Ny favoritt

Eg innrømmer det med ein gong, og utan å protestere; Eg er avhengig av interiør og hageblad. Kor mange som kan hamne i handlekorga i løpet av ein mnd. er noko eg helst ikkje vil gå inn på, men det vert eit par…………No har eg funne ein ny favoritt. Eit blad som handlar om både hus og hage, nemleg dette:

Henriette 003

“Drømhem og tradgård”. Eit nydeleg blad som verkeleg gjev meg sommarfornemmelsar, og masse gode idear både for interiør og hage.

Henriette 007

Dette bladet har hovedfokus på uteplassen, og det passar jo bra i desse tider. Eg har kost meg med å bla gjennom, og nyte bileta, og no ska eg ta fram kaffikoppen og prøve å lese litt svensk;) Kjempeflott blad , løp og kjøp;)

(Nei eg er ikkje sponsa, men om nokon i dette bladet forvillar seg innom bloggen min, vil eg berre gjere merksam på at eg kan kjøpast, hi,hi)

Ha ein flott ettermiddag:0)

lørdag 2. mai 2009

Sannhetens øyeblikk....

Etter å ha humra og ledd over emmeline sitt  innlegg om bunadspolitiet, innsåg eg at tida var inne. Det var tid for å opne dei stengde skapdørane, stikke handa inn og ta ut noko av det kjæraste eg eig - bunaden!

hardangerbunaden                                                 Biletet er henta frå Dagbladet, og er diverre ikkje av meg og husbonden;)

Dette burde jo ha vore årets høgdepunkt, og eit etterlengta vårteikn. Eg er nemleg svært glad i Hardangerbunaden min, og elskar å gå i den. Mai, vår og tid for å ikle seg bunaden, Jippi!!!!! Det er berre det, at inne i dette skapet skjer det mystiske ting. KLÆR VERT MINDRE!!!!!!! I år hadde eg ei svært reell frykt for at dette hadde skjedd med bunaden min. I fjor hadde eg nemleg nett gjordt ein skikkeleg innsats i forkant av bikinisesongen, og bunaden hadde faktisk vorte FOR STOR inni skapet. Eg avla eit høgtidleg løfte om at bunaden skulle syast inn, og ALDRI meir leggast ut att!!!! Eg innser no at det er mogleg at dette vart gjort i gledesrus, og kanskje i fravær av realisme.

slanking

Det er ei stund sidan eg innsåg at dersom eg skulle ha bunad på 17. mai, måtte noko gjerast. Anten måtte eg , A: Kjøpe ny bunad, B: Sy ut att bunaden eller C: Ta skeia i ei anna hand, dvs leggje skeia vekk og sette lokket på isboksen. Sidan både A og B var heller uaktuelle, har internett Grethe fått eit nytt medlem og Hennig Olsen is hatt nedgong i issalget på Vestlandet, men var dette nok???????

1_5729339!img5729292

I dag var sannhetens øyeblikk inne, og bunaden kom på. Inn med magen, ( Det er berre det at då kjem pupene fram, ikkje særleg gunstig...) hold pusten og start med å lukka hektene. Då innser eg det! Eg får bunaden på, eg kan puste, men behageleg....eh nei...........Her må lokket på isboksen limast fast om eg skal føle meg bra på 17. mai. Problemet er berre at det høyrest lite forlokkande ut. Brått hugsar eg noko eg såg på ein butikk hin dagen: Trinny og Susannas magiske underbukse! Gå ned ein størelse umiddelbart! Ein lekker liten sak som går frå nett under pupene og ned på låra! Alt eg kan tenka er ;Må ha, må ha!!!!

TS-52618_4_medium_1

Så no har eg sett meg ned i godstolen med ein kopp kaffi og litt konfekt, og gledar meg til å ta på meg bunaden 17.mai, medan Trinny og Susanna held magen på plass! Bunadspolitiet kan då ikkje ha noko problem med kva ein har under bunaden, eller kva trur du emmeline????

Ha ei flott helg:0)

Alle bilete lånt frå Google og Kvasir