mandag 26. april 2010

Soveromsdetaljar.

No høyrdest dette nesten litt snuskete ut, men her vert det ingen skumle detaljar, berre litt interiør. Eg  har trass alt lova dykk det tidlegare, og ein skal alltid halde det ein lovar:)

April 112

Dette er berre eit bilete for å vise at eg har klart å få opp gardinene:)

April 105

Her er eit tappert forsøk på å vise tapeten. Det er verkeleg tapeten som "gjer" heile rommet. Kvit botn, med eit nydeleg sølvaktig mønster.

April 108 April 110

Nattbordet er eigentleg eit lite skap i serien "Lista" frå Skeidar. Eg syntes dei litt Snirklete detaljane mjuka opp soverommet, som ellers er ganske stramt i linjene.

April 098 April 099

Desse tre bur på hylla over senga, og verkar kanskje litt malplaserte i eit "vakse" soverom, men dei har sin heilt spesielle historie. Den vesle grå bamsen med eit lite dikt på puta sende eg til husbonden då han budde i USA eit år, og sauen fekk eg av ei venninne då eg gjekk gravid med eldste mann. Ho skulle reise vekk og viste ikkje om ho kom att før babyen var fødd, men ville at eg skulle ha gåva. Me visste ikkje om det vart gut eller jente, og eg fekk denne og ei nydeleg lita blå strikkejakke som kunne passe til begge kjønn.

April 104

Desse putene frå Turiform, med lilla tekst passa perfekt inn på soverommet, og eg klarte ikkje motstå dei.

Om husbonden la merke til forvandlinga då han kom? Så absolutt! Han ankom 02.30 om natta, og då han opna døra til soverommet og skulle gå inn stoppa han med foten halvegs inn i rommet og berre stod og stirra.  Hjelpsom som eg var slo eg på lyset så han kunne få sjå skikkeleg, og han var svært så fornøgd og overraska.

Soverommet vart nett som "In my dreams....." Ha ein flott dag♥

Gje det vidare

Mai 2009 357

For leeenge sidan heiv eg meg på ein "pay it forward" inne hos Lykkeliten. Dei første tre som la att ein komentar fekk i løpet av dei neste 365 dagane ei gåve i posten, og så måtte me lage eit tilsvarande innlegg og legge ut på vår blogg. Sidan eg er litt distre` har eg rett og slet klart å gløyme å legge ut eit innlegg, rødme........Men herved er innlegget på plass, og det er berre til å hive seg rundt;) Dei tre første som legg att komentar og legg ut eit innlegg inne hos seg vil få ei gåve i posten i løpet av dei neste 365 dagane. Sansynlegvis ganske raskt slik at eg ikkje gløymer det;)

søndag 11. april 2010

Når katten er borte....

...dansar musene på bordet. I dette tilfelle - når husbonden er vekke pussar konemor opp soverommet - uten at husbonden veit nokon ting....

Soverommet vårt har vore nedrioritert sidan me bygde huset for 5 år sidan. Når gardinene no var på veg til å ta kvelden fullstendig, kjende eg at NO var tida inne for å gjera noko. Eg ymta litt om ideane mine for husbonden, og han var ikkje framand for tanken. Sidan det i lengre tid har vore laaaangt frå tanke til handling hos meg, rekna han vel ikkje med at det var nokon umiddelbar fare for at ting skulle skje. Lite ante han at så snart han var ute av døra på tirsdag, gjekk eg til aksjon. Han skulle vera vekke til sundag, så her var det om å gjera og handla snart. På veg heim frå barnehagen handla eg maling og tapet, og sette i gang.

Her er utgangspunktet:

April 041

Ikkje akkurat veldig spanande....Nattbordet er truleg det styggaste eg veit om, og eg har planlagt å bytte det ut dei siste 7 åra. Som sagt - det har ofte vore langt frå tanke til handling;) Ut rauk hovudgjerde, nattbord og lysestakar, og inn kom malingsspannet. Må tilstå at panikken tok meg då eg hadde malt første veggen 1 strøk. Dette vart LILLA!!!!

April 043

Avgårde for å kjøpe ny maling, og på`an igjen. No vart  alt så mykje betre:)

Etterpå vart ein vegg tapetisert, hyller skrudd opp, nye gardiner hengt opp og nye nattbord sett på plass. Rommet var ugjenkjennelig ! Fortsatt lurer eg på om dette er mitt rom:

April 067

No manglar det berre å få hengt opp dei kvite liftgardinene, som skal skjule rullegardina, og å få på plass litt stæsj. I morgon natt kjem husbonden heim, og eg er rimeleg spent på kva han kjem til å seie når han opnar døra til soverommet;) Eg er i alle fall så nøgd, at det er mulig eg må vise fleire bileter når dei siste detaljane er på plass:0)

April 064

Ha ei god natt♥

fredag 9. april 2010

Hugsar du......................

............................denne????

April 2009 116

Sidan eg viste han fram etter påsken i fjor, har den fått eit strøk med ny maling, og nytt trekk.

April 005

Fin, ikkje sant:0) Takk til far i nabohuset og svigerinno for framifrå jobb! Må tilstå at eg ikkje kan ta æra for meir enn å vera med og velje trekk.....

Denne veka har eg halde på med eit prosjekt som eg håpar eg kan vise fram i morgon. Eg er kjempenøgd med resultatet, men det manglar litt før det er heilt klart.....Følg med, følg med;)

Ha ein flott fredagskveld♥