Prinsessa i familien har fylt 5 år i sommar. Bakdelen med å ha bursdag midt i fellesferien er at alle er vekkreist. Fordelen er at ein får feira i mange omgangar. No i helga var det selskap for barnehage veninnene, og familieselskap for dei av familien som ikkje var heima på dagen.
Mammo laga fekake, og jenta fekk pynta seg i yndlingskjolen. Blomsten i håret kom i eine pakken, og har knapt nok forlatt håret etterpå. Utruleg at det er 5 år sidan denne smilande, energibunten kom til verda. Det vert spanande å sjå korleis ho taklar rolla som storesøster. Foreløpig får magen kos og klem kvar dag,og no er det berre ca 8 veker att til broremannen kjem – spennande.
Ha ei flott veke alle saman.