torsdag 26. februar 2009

Når alt kjem til alt........

 

Bloggverda er ei rar lita verd. Her inne legg me ut bilete av hus og heim, mann og barn, blomar og bier, og elles alt som måtte oppta tankane våre her og no. Nokre gonger alvorelege ting, nokre gonger tull og tøys, men like fullt noko som har berørt oss nok til at me ynskjer å dela det med andre. Her gløttar me inn i kvarandre sin kvardag, og stundom dukkar det opp ting som rører med oss. Det er noko av det som gjer denne verda så facinerande. Kva dukkar opp i dag? Ein kopp kaffi? Nyinnkjøpt stæsj? Ein stemningsrapport, eller noko meir alvorleg?

Bilder Januar 205

Den siste tida, har eg vore innom fleire av "mine" faste bloggar, nokre som eg kommuniserer med titt og ofte, andre som eg  oftast berre smugkikkar på, men felles for dei alle er at dei har opplevd noko som har sett djupe spor i livet deira, og som dei har valgt å dele med oss andre i blogglandia. Nokon har mista nokon, andre har opplevd sjukdom, anten på eigen kropp eller i nær familie, og dei har alle berørt meg på ulikt vis, og eg tenker på dei og etter at maskina er slått av.

Bilder Januar 213

Det er dette eg opplever så spesielt med denne "verda" som me finn her inne. Utan og nokon gong ha møtt varandre, berører me kvarandre sine liv.......Berre så mykje som me ynskjer å visa av oss sjølve vert tilgjengeleg for andre. Stort sett daglegdagse, overfladiske ting, men stundom viser me at me er sårbare, levande menneske på godt og vondt. Takk for at det er rom for og denne sida i Interiørbloggeverda. Rom for det menneskelege, stundom personlege, som gjer interiøret levande.....

Bilder Januar 228

" Når alt kjem til alt, kva betyr desse våre vakre fasadar? Desse våre skilt mot omverda, desse våre produkt.  Når alt kjem til alt, kva er det som tel? Er det ikkje ei hand å halda i, eit ope blikk vi kan møta, nokon å vera trygg hos, nokon å koma nær. Er det ikkje andlet, smil, tårer vi delte som står att og lyser mellom det som nådde djupast in? Sigerspallen, kva var den mot varmen frå eit anna menneske, når alt kjem til alt."                    Bente Bratlund

mandag 23. februar 2009

Kvardagsglede:)

Når ein er trøytt og sliten, og har hatt ein laaaang dag, er det fantastisk når det bankar på døra og nokon kjem inn med noko slikt, heilt utan grunn;)

Bilder Februar 239

Inni posen gøymde dette seg:

Bilder Februar 241

Fantastisk god kaffi, og kvit sjokolade med med nydeleg innhald! Mmmmmmmmmm. Eg har allereie kost meg med gåvo fleire gonger. Tusen takk!

I dag vakna frøken dings med feber, så me har kost oss heime, og det reknar eg med me lyt gjera i morgon og. Natta var uroleg så no er eg sid i augo, og gler meg til å krypa under dyna. Det har vore nokre travle dagar, så eg har ikkje fått lagt att så mange spor rundt om kring, men eg lovar at det skal verta betre;)

Ha ei god natt:0)

Ps: Benken vert foreløpig utan meir dekor......

onsdag 18. februar 2009

Ferdig benk!?!?

I går viste eg dykk benken eg har malt til frøken dings og storebror. Då mangla figurane farge, men slik ser dei ut no:

Bilder Februar 235

Det store spørsmålet er i grunnen berre om eg skal mala meir på benken. Lurte på om eg skulle mala nokre søte små mus, eller nokre sauer i feltet framme på benken, eller vert det for mykje????

Bilder Februar 236

Kva trur du???

tirsdag 17. februar 2009

Det snør og det snør................

Dette var det me vakna opp til i dag morges, og det etter at det hadde snøa 25 cm opp den gamle snøen natt til sundag, før det gjekk over i regn, og altså i går kveld over til snø igjen.

Bilder Februar 222

Småfuglane treng jammen litt servering i dette været. Ikkje mykje mat å finna ute..........

Bilder Februar 229

Hengeselja på verandaen fann eg nesten ikkje att.......

Bilder Februar 225

Då er det kjekt å finna fram eit av maleprosjekta mine.

Bilder Februar 230

Denne benken var ein avlagt, trekvit Ikea benk, full av tusjflekkar og skriblerier. No er han malt kvit, og så har eg malt på dette koselege paret.

Bilder Februar 231

Dei skal få fargar i morgon;) Eg må tilstå at eg var innom ein interiørbutikk og tok masse bilder av ein Sia benk som stod der, og dette er litt av motivet som var på. Billegare å male denne, enn å betale dei 1300,- den kosta;) Følg med, følg med, så får de sjå det ferdige resultatet;)

Ha ein flott dag:0)

mandag 16. februar 2009

Med ynskje om ei flott veke:)

Når ein får velje Valentines bukett sjølv, vert det ikkje nødvendigvis raude roser...........

Bilder Februar 218

Kvite Ranunklar og Ferskengreiner..........................

Bilder Februar 219

.................og ynskje om ei flott veke til dykk alle.

Bilder Februar 220

Tuuuusen takk til alle som legg att koselege komentarar. Det varmar meir enn de anar:)

Klem:0)

fredag 13. februar 2009

Hu hei hvor det går!!!!!!!!!!

I dag har det vært ein merkeleg dag. Litt usikker på om han skal i kategorien god eller dårleg..........Dagen byrja i alle fall heilt supert. Eg fekk sova frampå, vakna til strålande sol, og glade ungar, og vissa om at me skulle på koseleg formiddagsbesøk til Svigerinno. Då tida var inne var det i grunen berre til å kle på oss alle tre, putta dei på kvart sitt akebrett, stappa ski og stavar i armane på storebror og rusla avgarde. Storebror for i akebakken med eit av favorittsyskenborna, og frøken dings koste seg inne med prinsesselego. Noko som betydde at eg kunne kosa meg med deilig te. Formiddagsmaten var ferske reker, nybakte rundstykker, loff, brus og litt søtt og kaffi til dessert. Fantastisk godt!!!!!! Tuuuuuuuusen takk for nyyyyydeleg mat:)

shrimp

Det er berre det at tida går litt for fort i godt selskap. Brått var klokka litt meir enn ho burde, og storebror skulle i bursdag kl 16.30. Me vart enige om at eg skulle springa heim å henta bilen, plukka opp ei niese som var på veg heim for helga, koma attende, henta storebror (frøken dings skulle vera der medan me var i bursdag), rasa heim, byta kler og då skulle me nok akurat rekka bursdagen. Som tenkt, så gjort, og me låg an til at me skulle koma tidsnok.

_0000599914_jpg_501268g

Vel ute i bilen starta eg bilen, byrja å snu, men syntes bilen rista litt vela mykje og høyrdes merkeleg ut, men eg tenkte at det nok ordna seg berre me hadde køyrt litt. Den gong ei!!!!!!!! Det vart berre verre og verre, motorlyset hadde slutta å lysa raudt og byrja å blinka!!! Kvar gong eg stoppa i eit kryss tenkte eg at ;No døyr bilen, no døyr bilen, så eg svigte inn på næraste bensinstasjon, ringte husbonden og sa han måtte komma og henta oss, ringte bursdagsselskapet og sa me ville verta seine og kjente at no byrja eg å verta LITTT stressa!!!!! Husbonden kom, me lirka bilen til ein verkstad, flytta barneseter og anna pø over i husbonden sin bil og køyrte til selskapet. Me fann huset me skulle til og sendte husbonden avgarde, berre for å oppdaga at det var feil hus! Me ringte til bursdagsselskapet igjen, fann ut kvar me skulle og labba avgarde, og kom fram 30min forseinka. Bursdagen vart ein suksess og husbonden kom og henta oss då det heile var over. 30 min forseinka.

Politikontroll 

Husbonden kunne fortelja at Politiet sikkert skulle ha kontroll, for han såg dei stilte seg opp, då han køyrde for å henta oss. Ganske rikitg. Politiet hadde rutinekontroll, og alle inkludert oss vart stoppa. Greit nok,så eg rota fram vognkortet, og husbonden leita etter førarkortet - som låg att på jobb...........No var det berre eit par hundre meter bort dit, så dei gjekk med på at eg kunne køyra bort og henta det. Uten at dei sjekka mitt sertifikat......Som tenkt så gjort. Sertifikatet vart henta, kontrolert og alt var fryd og gammen. Me avlerverte husbonden på jobb og køyrde heimover. No hadde Politiet kontroll på begge sider av vegne, så det gjekk som det måtte, me vart stoppa igjen!!!!! Denne gongen for å få kontrolert alle lysa, og igjen var alt i orden. Då kunne me endeleg henta frøken dings, og venda nasen heimover. Framleis utan at nokon hadde sjekka om eg hadde sertifikat;)

frustrert

I det eg stoppa utanfor huset kom eg brått på: HUSNØKLANE! Dei er på nøkkelknippet som husbonden har etter å ha levert bilen på verkstad.......Mor og far i nabohuset var ikkje heima, så då var det berre å køyra attende til husbonden 15 min vekke, og plukka opp nøklane. Heldigvis hadde politiet gått heim, for eg var litt usikker på om eg orka å verta stoppa igjen.

500boblebad871

Vel heima kunne eg bera to sovande ungar i seng, og kollapsa ned i badekaret. Når eg låg der med levande lys og ei god bok, og boblene maserte meg i nakke og rygg ( jada ,me har boblebad), så hadde eg det ikkje så verst likevel..................Det var ikkje før eg sette meg ned for å skriva dette innlegget, det gjekk opp for meg at det var fredag den 13..............

Ha ei flott helg:0)

Alle bilete: Google

torsdag 12. februar 2009

Middag i hagen

Strålande sol frå blå himmel, minusgrader og puddersnø. Desse tinga er ingen sjølvsagt ting når ein bur mellom Bergen og Stavanger, så når alle desse faktorane er til stades, må det nytast! I går skulle me besøka bror min og hans familie på ettermiddagen, og då han ringte og foreslo bål i hagen, pølsespidding og aking var me ikkje seine å be:) Dermed paka me litt ved i bilen, henta frøken dings i barnehagen, og tok middagen utendørs. Herleg!!!

Bilder Februar 183

Bilder Februar 186

Frøken dings og familien sin katt hadde tydlegvis ein hemleghet.

Bilder Februar 131

Dei såg svært så nøgde ut begge to.

Bilder Februar 135 

To gode kompisar har ein alvorsprat

Bilder Februar 181

 

Før dei heiv seg utfor akebakken

 

Bilder Februar 147Bilder Februar 148

Bilder Februar 149

Ein perfekt vinter ettermiddag

Bilder Februar 157

Nyt dagen du og:)

tirsdag 10. februar 2009

Winter wonderland

Plutseleg forsvann vårfornemmelsane, og me fekk masse snø, i alle fall etter våre standarar. Veit jo at de nesten snøar ned på austlandet, men 30 - 40 cm med snø er myyyyyykje her på vestlandet. Storebror og eg var i hagen ein tur i formiddag, og koste oss i snøen.

Bilder Februar 087

Me akte masse, og etter ei stund dukka søskenbarnet hans opp, og eg fekk rusla litt rundt og ta bilete. 5 - 6 minus, snø og strålande sol er ikkje kvardagskost akurat.

Bilder Februar 062

Sjølv om me har fått litt skikkeleg vinter, er det mykje som viser at våren er på veg. Knoppane står klare under snøen, og sola varmer såpass at det sildrar godt i takrenna.

Bilder Februar 075

Må tilstå at eg nyt slike dagar, og eg er liksom ikkje klar for vår før me har hatt litt snø.

Frøkena under her vert mitt bidrag hos Anne på moseplassen, og ho heiter Frøken Luftig. Med vind i håret ser ho ut som om ho er klar for å fyke avgarde til varmare strøk, medan eg gler meg til sommaren, når dei yngre søstrene hennar Frøknene prestegaardsrose blømer for fullt:)

Bilder Februar 080

Rundt i hagen ser eg tydelege spor etter fuglane som besøker oss på fuglebrettet.

Bilder Februar 092

Ha ein fortsatt flott vinterdag. Her lovar dei oss nydeleg vinterver i lange tider. Herleg:)

lørdag 7. februar 2009

Sjokoladekunst

No var det nok mange som venta seg ein eller anna flott sjokoladekreasjon her, men den gong ei;) Eg elskar sjokolade, og av og til kan det uventa konsekvensar. Ein konsekvens av min kjærleik til sjokolade heng på kjøkenveggen min..........Eg har jo tidlegare vist fram litt av det som pregar veggene mine, og i dag kom turen til sjokoladekunsten min:)

Bilder Januar 121

Bilder Januar 122

Dette er faktisk sjokoladepapir som eg har ramma inn. Eg kom over sjokoladen på flyplassen i Amstredam for 6 år sidan, og falt pladask. Eg hadde stor glede av det som var innafor papiret, men sjokoladen vart faktisk kjøpt berre på grunn av papiret. Eg har to ulike variantar av denne på veggen min. Var innom schippool på veg til og frå Athen i haust, og jammen fann eg sjokoladen denne gongen og, så no ligg det litt sjokoladekunst i skapet mitt;)

torsdag 5. februar 2009

6. bilete, 6. mappa

Det er berre å inrømma det med ein gong. Eg juksa! Lisemor i blogen Lisemors have utfordra meg til å vise 6. bilete i 6. mappa, men det har seg nemleg slik at det ikkje berre er mine bilete som ligg lagra på denne maskinen, og eg føler meg ikkje heilt vel med å offentleggjere andre sine bilete.......Difor vert det 6. bilete i 7, mappa og det var dette:

Div bilder oktober 004

Ikkje verdas beste kvalitet, men litt artig. Dette var nemleg eit av bileta eg tok for å legge ut som første bilete på bloggen min. Det viser lykta utanfor inngongspartiet, i selskap med siste rest av erterblomar og Cobea Scandens, som aldri rakk å koma i blom. Eg sådde for seint, men i år lovar eg bilete av ein blømande Cobea Scandens. Og for dei som ikkje veit kva det er, får det fylgja med utover sommaren;) Utfordringa om å vise bilete 6 i mappe 6 kan de ta om de vil:)

Ellers er me heima att, og storebror er eit par mandlar, og ein polypp fattigare. Det heile gjekk veldig greit, og det kan sjå ut som om den store utfordringa vert å sørga for at han ikkje herjar for mykje, og å klara å aktivisera han nok til han får gå i barnehagen att. Kanskje eg skal dekka kjøkenet med plast og sleppa han laus med maleskrinet..........Frøken dings har forøvrig erklært at når ho skal fjerna mandlane, skal ho eta pølsa og drikka julebrus på ferja. Ja, ja den tid den sorg;)

Ha ein fin kveld:)

mandag 2. februar 2009

Før.........

Eg lovde i forrige innlegg å legge ut nokre før bilete frå hytta. Det skal eg gjera, men etter bileta må de venta litt på . Dette vert litt før og under bilete:

Bilder Februar 010

Bilder Februar 015

Kjøkenet før og etter me fjerna golvbelegget, og pussa golvet. Soverommet me held på med ligg inn til venstre på bilete, ved sida av komfyren.

Glovbelegget var egentleg stileg, men totalt utslete, og det var rette og slett ikkje håp for det lenger. No skal me fjerna golvbelegg på alle golv, og mala dei lys grå:) Som det ser manglar det lister rundt vindauga. Me har skifta alle vindauga i huset, og skal no sette opp lyse mdf panelplater. Spisebordet, er eit gamalt bord som me har pussa ner og malt. Kjøkeninnreiinga skal og pussast og malast eggekvit, men de kjem det bilete av seinare;) Legg merke til deigen på bordet - underteikna slo til med nybakte rundstykker til sundagsfrukosten:0)

Bilder Februar 036

Dette er eit soverom, som no skal verta slått saman med stova. Dei har vore eit rom før, men vart delt ein gong i tida, men no skal dei verta eit rom att. Me har reve platene der den opprinnelige opninga var, men veit enno ikkje sikkert om me skal ha opninga slik, eller rive heile veggen. Her har me og reve vekk golvbelegg, og pussa ned golvet, så no er det klart for maling:0) Me har mykje arbeid i vente, og eg lovar de skal få sjå sluttresultatet:)

No vert det pause frå meg eit par dagar. I morgon tidleg reiser me til Haukeland, der storebror skal få fjerna mandlane, og er ikkje heima att før tidlegast torsdag.

Bilder Januar 191

Ha ei flott veke:0)