Kjøkenet vart og nesten ferdig til påske. Me mangla berre taklister, brannmurlister, eit handtak til ei dør, og ei aldri så lita skapdør........Pluss eit skap som er på veg til å verta konvertert til innebygd hylle.
Januar 2009
Mars 2009
Mars 2009 - Skapet som har inneholdt plassbygd strykebrett!!!, og som no er i ferd med å verta ei innebygd hylle.
Ubloggifisert kjøken i April 2009
Litt av det som no får stå framme i vitrineskapet. Det er så kjekt å sleppe å gøyme desse fine gamle muggene og bollene bak ei skapdør. Eit lite glimt av påskeserviset vårt ser de og.
Slik ser serviset ut når bordet er dekka påskemorgon. (sjekk det matchande egget) Dersom nokon har nokre deler av dette serviset frå Firkløveren ståande som de ikkje bruker, så ta gjerne kontakt. Me ynskjer oss meir:)
Spisestove stolane etter bestemor og bestefar. Synes dei er såååå fine, men dei treng nye trekk, då ikkje alle stolane har like trekk, og dei eldste stolane sprikk i trekket. Så då har me allerede neste prosjekt klart;) Me har 6 slike stolar.
Nydelege detaljar på stolryggen.
Gyngestolen var ei gåve til Bestemor på hennar 50 års dag, og ho ville no ha vore nesten 110, så han byrjar å verte nokre år. Målet er å få trekt han om, og male han. Han tek litt stor plass, så nett no bur han her på kjøkenet, men ein vakker dag skal han flytte ned i kjellaren i det som no er vaskekjellar, men då skal vera "hall/allrom" Har nemleg full kjellar som skal verta forandra frå arbeidskjellar/vaskekjellar/bod, til 3 soverom/hall/vaskerom/bad. Bad og nesten 1 soverom er ferdig, men resten tek nok litt tid......Bak stolen ser de den komande innebygde hylla.
Då Fryd gjekk konk vart det eit par småting til hytta, bla denne knaggen og matchande serveringsbrett.
Her ser det at me berre vart nesten ferdige. Skapdør og knott må hentast på Ikea, og litt meir listing må til, men alt i alt synes eg me har vore flinke!!!!!!
Ha ein flott dag:)