tirsdag 23. november 2010

Ting skjer…….

 

Lenge har eg hatt lyst tilå gjera noko med stova mi, og sakte men sikkert er forandringa i gang. Akvariet har fått ein ny heim hjå ei venninne av meg, og no er kroken min, som såg slik ut, sånn:

Henriette November10 062

Stova har lysna veldig,og pengane for akvariet og eit eventuelt salg av sofaen vår, vert lagt i ein ny modulsofa i ein eller nyanse av grått. Då vert det hjørnesalong; 3+ hjørne+ 3+ sjeselong. På torsdag skal me avgarde og kikke litt,og kanskje………

I tillegg har eg ein spisestovedel med mykje hyller og vitrineskap i bøk, som eg og ynskjer å bytta ut. Helst i ein heilt enkel kvit vitrine,og kvit lav skjenk med skap og skuffer. Det samlar seg så mykje rot i dei opne hyllene, som eg har lyst til å få vekk. Dei eksisterande Billyseksjonane frå IKEA skal få flytta inn i hobbyrommet, og ned under trappa der ungane kan fylla hyllene med sine spel og bøker.

For litt inspirasjon kjøpte eg meg eit heilt nytt lekkert interiørblad:

Henriette November10 053Henriette November10 056

Faktisk så bra at eg bestilte meg eit abonement:0) Ser du kva det står på???? Eg har fått pianoet mitt i hus! HURRA!!!!  Endeleg etter mange år i pensjon hos mor og far i nabohuset, er det komen heim. Iherdig øving på Til Elise er allereie i gong;) Over pianoet har me hengt TV`n,men bilete av stasen får venta, for foreløpig heng ledningane og sleng, og DVD`ane er stabla på sida;)

Ha ein flott ettermiddag:0)

tirsdag 9. november 2010

Lukke

 

557

Me ha vore på 4 års kontroll, og frk. dings var svært så blid, og prata i vei.

Helsesøster: “ Eg høyrer du kan mange ord, og det er bra for då kan du seie korleis du har det,  om du er trist eller glad. Er du glad av og til?”

Frk dings tenkte seg litt om og svarte :” Eg er alltid glad eg.”