mandag 19. november 2012

Dagen derpå

Det er dagen i dag. I går hadde me nemleg barnedåp med ikkje mindre enn 50 gjester! Dagen i dag har dermed gått med til å ta meg inn att.

Dagen starta lett kaotisk. Sjølv om prosessen med å få alle klar starta 2 timar før me skulle ut døra kom me til kyrkja 2 minuttar før gudstenesta. Sidan me var einaste dåpsfylgje den dagen, var dei litt nervøse for om me kom…..At den litle storebroren kasta opp i bilen på veg til kyrkja gjorde ikkje saken betre. Takk og lov for at svigerinna stod parat til å overta guten, og fekk på han reine klede, medan me trødde hovedpersonen inn i dåpskjolen. Det er vel ikkje heilt usannsynleg at me såg litt forkava ut når me kom inn i prosesjonen. Veslesyster skreik av full hals, og med maten trygt forvart innafor bringeduk og bunadskjorte på ein hardangerbunad, var matinntak før gudstenesta var over, heilt uaktuelt. Ho roa seg heldigvis når eg gjekk att og fram med ho, så eg fekk med meg mesteparten av gudstenesta ståande litt bak i kyrkja. Men roen senka seg, og me hadde ei flott stund i kyrkja. Eg hadde spurt ei veninne om å synge “ Lite barn som kommer “ og “ Sov du lille, sov nå godt, nå er du døpt ditt hår er vått “ Nydelege sangar og eg skulle gjerne lagt ut video, men er ikkje heilt sikker på om ho er lysten på å verta lagt ut på youtube.

IMGP7595

Hovedpersonen sjølv sov seg gjennom mesteparten av dagen, og oppførte seg stort sett eksemplarisk. Eg har innsett at med 4 ungar, der 2 stk er under 15 mnd, er cluet å delegere. Eg delegerte dermed vekk all kakebaking, og laga ikkje ei einaste kake. Masse nyyyyyydeleg gode kaker, og eg kan berre sei tusen tkk til alle som baka til oss. Dåpskaka bestillte me frå ei som bakar kaker på fritida, og som berre er heilt fantastisk. Eg har lånt eit bilete av kaka vår frå facebok sida hennar

531024_443016702427890_990029630_n

Har de sett noko så nydeleg? God var ho og, så bur de i nærleiken og treng kake, er det berre å bestille. Kikk gjerne på facebook sida hennar : Magnhilds temakaker, og la deg imponere. ( Nei, eg er ikkje sponsa, berre fornøgd kunde )

IMGP7481

Her ser de litt av det festpynta bordet. Nokså enkelt, men eg synest det vart veldig bra.

I dag var det verkeleg dagen derpå. Eg har rett og slett ikkje orka å gjera meir enn akkurat det nødvendigaste, så dagen i dag har stort sett bestått av å ete kakerestar og drikke kaffi mellom bleieskifta. Då eg haldt på å sovna sittande i sofaen, med kopp og asjett i handa, fann eg ut det var på tide å setta tinga frå meg på bordet og legga hovudet nedpå litt. Eg rakk akkurat 5 minutt før veslesyster vakna. Akk, ei småbarnsmor sin kvardag, hi,hi. No skal eg tusle meg i seng og satse på at eg er vaknare i morgon. God natt:

onsdag 31. oktober 2012

Kvardags poesi.

 

Eg var på biblioteket her om dagen, for å levere nokre dvd`ar som hadde vorte liggande litt for lenge. Som vanleg. Utruleg kor fort den veka går……. På disken stod det eit dikt eg berre måtte ha tak i, men for ein gongs skuld hadde dei ikkje skrive på forfatter. Etter litt detektivarbeid under mottoet “Alle mann i arbeid” var mysteriet løyst, og eg kunne gå heim med diktsamlinga “Elefantmusikken “ av Ragnar  Hovland i veska mi.

Mor. Huset.

Mor går ut av huset .

Huset går etter henne

og gnir seg

oppetter beina hennar.

- No får du gå heim , då,

seier mor og smiler.

 Ragnar Hovland

Bilder Januar 234

søndag 21. oktober 2012

Å seie hadet……………

 

I dag har eg sagt ha det til ei god veninne. I fem år har ho og familien budd her, men no reiser dei heim att til Tyskland.

Det har fått meg til å tenkje på kor viktig gode vener er, og kor lett det er å ta dei for gitt. Kor ofte eg tenkte på å stikke innom og ta ein kopp kaffi, og slå av ein prat, og så vart det ikkje noko av. Det dukka opp noko anna som gjorde at det vert utsett til “ein anna dag”.  Og så plutseleg er det å berre stikke innom ikkje mogleg lenger. Plutseleg inneber det å ta ein kopp kaffi planlegging, flyreiser og ferie. Plutseleg vert dei spontane besøka borte, og me er heldige om me treffest ein gong eller to i løpet av året.

Div bilder oktober 187

Det er langt mellom venner
Mellom venner står mange
bekjentskaper
og mye snakk.
Venner ligger som små lysende stuer
langt borte i fjellmørket.
Du kan ikke ta feil av dem.
.
(Kolbein Falkeid, 1978)

Eg ynskjer deg alt godt heime i Tyskland, og er glad for at me har eit vennskap som vil overleve avstanden. Eg gler meg til å drikke kaffi, anten i Tyskland, her eller i Beit Jala. Takk for at du er min ven.

Ha ein god søndag, og besøk gjerne ein ven du ikkje har sett på ei stund.

fredag 19. oktober 2012

å sånn går no dagan……..

 

Å gå frå 2 til 4 born i løpet av vel året, er av og til ei litt surealistisk oppleving. For det meste går det forbausande lett, men det er jammen ikkje mykje husarbeid ein får gjort. I alle fall ikkje eg…..Eg meinar nemleg at det er mitt privelegium å kunne sette meg ned og lese aviser og drikke kaffi når begge søv samstundes. Faktisk trur eg det er heilt nødvendig for å bevare min mentale helse.

IMGP7418

 

Her vil det seie at når dei to eldste er ute av huset om morgonen, veslesøster søv søtt i senga si og berre junior kryp rundt beina mine, fyk eg som ei forvirra skjor rundt i stova og på kjøkenet og prøver å gjere alt på ein gong. Ta ut av og sette inni oppvaskemaskin, sette på ein vaskemaskin, evt tømme den for reine klær først (dersom dei ikkje har lagt så lenge at eg må vaske dei ein gong til før eg heng dei opp….), rydde litt i stova og gangen, legge junior, rydde litt meir i stova og vaske over golvet, og så………kaffi, sjokolade og avis:) No høyrest det ut som eg gjer ein heil masse, men sannheten er at når eg då har sett meg, får eg ikkje gjort meir den dagen. Når pausen er over er det berre tid til å sjå etter ungane til dess dei er i seng, og når dei er i seng då er eg stuptrøtt og siiiiiig ned i sofaen der eg vert til husbonden vekker meg og spør om eg ikkje har meir lyst til å sove i senga mi.

imagesCA7APQ7L

Problemet kjem dei dagane ting ikkje går som planagt, som i dag……..Junior vakna alt for tidleg, måtte difor kvila tidleg, og vakna etter ei alt for kort kvild, samstundes som veslesøster var klar for mat og stell. Eg hadde heldigvis rukke og ta utav og sette inni oppvaskmaskinen, men resten ser nokså bomba ut. Tanken på at heile husbonden sin fam kjem på besøk søndag, og eg ikkje anar kva tid eg ska få rydda og vaska gjer meg litt stressa. Me vert ikkje mindre enn 26 stk med smått og stort, og alle desse skal eg ha kaffimat til. Hjelp!!!!! Konklusjonen vert at her må det verta enkelt. Eg får rydde og vaske synlege flater, kjøpe marengsbotnar, vaniljekrem og fruk og lage pavlova + is og ei langpanne sjokoladekake. Dei seier jo at det enkle er ofte det beste…..Lurer på om eg ikkje har sett at Greeengate har kjempefine eingongstallerkar, og duk er strengt tatt berre til å friste klåfingra eittåringar med.

imagesCA86QGH2

Har berre eit problem igjen  - eg har ikkje rukke kaffi, sjokolade og avis i fred og ro……….Det er best ungane ligg lavt i terrenget til dess mor har fått gjennoppretta den mentale balansen……..

Ha ein flott fredagskveld.

onsdag 17. oktober 2012

Surprise!!!!!!

IMGP7385

To dagar før denne sjarmøren sin 1 års dag, vart han STOREBROR! Så hvis de har lurt på kvifor det har vore svært så dårleg med innlegg på denne blogen, så er altså årsaken her:

IMGP7311

Vår nydelege veslesøster kom til verda 08.09 og me kosar oss som storfamilie. At det er travelt er vel ikkje å nekte for, men sidan den vesle storebroren stort sett berre smiler, og veslesøster et og søv går det fint. Faktisk er det ikkje verre enn at ho mor vurderer og pusse opp bloggen og dele nokre betraktningar i ny og ne.

Fokus vert nok mest på mammalivet, og mindre på interiør, men det er nok like greit sidan fornyinga på den fronten er heller laber for tida. Det siste nye som har gjordt sitt inntog i stova er leikegrinda som er henta ned frå loftet. Ikkje akkurat blogverdig, men veeldig praktiskå ha når eg MÅ på do, og ikkje ynskjer å finne junior oppi vogga saman med veslesøster når eg kjem att.

Då håpar eg at dette er starten på ein meir aktiv blogperiode, og ynskjer dykk ein flott dag.

mandag 21. mai 2012

Sommar

Nokon fann på knappen på sola, og sommaren kom i full fart. Dermed fann 90% på knappen på plenklypparen. Eg nyt årets fyrste frukostkaffi på verandaen mens det durar rundt meg på alle kantar, og minsten søv i vogna. Snart skal eg starte plenklypparen eg og. Ha ein flott dag  og hugs solkrem:)

torsdag 17. mai 2012

Fyrste 17. mai.

Eg lever enno. Har vore lite blogging, men her er i alle fall eit lite livsteikn. Tenk at minsteguten har vorte 8 mnd, og feira sin fyrste nasjonaldag. Stor stas .