Eg var på biblioteket her om dagen, for å levere nokre dvd`ar som hadde vorte liggande litt for lenge. Som vanleg. Utruleg kor fort den veka går……. På disken stod det eit dikt eg berre måtte ha tak i, men for ein gongs skuld hadde dei ikkje skrive på forfatter. Etter litt detektivarbeid under mottoet “Alle mann i arbeid” var mysteriet løyst, og eg kunne gå heim med diktsamlinga “Elefantmusikken “ av Ragnar Hovland i veska mi.
Mor. Huset.
Mor går ut av huset .
Huset går etter henne
og gnir seg
oppetter beina hennar.
- No får du gå heim , då,
seier mor og smiler.
Ragnar Hovland
2 kommentarer:
Fint dikt!
Eg er alt for lite flink til å bruke biblioteket, sjølv om det er både nytt og flott!
Håpar du har ei god helg i vente!
"Snubla" over bloggen din, artig å lese. Likar innslaga av dikt! Kirsti
Legg inn en kommentar