Viser innlegg med etiketten Konkuranse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Konkuranse. Vis alle innlegg

tirsdag 14. april 2009

Og vinnaren er...............

Rosa med den koselige bloggen Rosa univers. Trekkinga vart gjort på den enkle måten, svigerinno fekk mld via SMS om å gje meg eit tal mello 1 og 15, (ein hadde lagt att to koseleg komentarar;) og vinnaren vart altså nr 7 - Rosa!!!!! Og gevinsten er:

April 2009 222

To unike mikrofiberklutar frå Norwex i vårens fargar, sidan me trass alt er i April. Ein klut til vask evt støvtørring, og ein poleringsklut til bruk etter vask, for ei skinande blank overflate. Dette er jo ikkje noko som ser spesielt fint ut, og dei er verken Shabby Chic eller prega av nostalgiske motiv, men utruleg effektive og miljøvennlege!!!!!! Med desse er vinusvasken unnagjort på 2 minutt, utan bruk av noko anna enn klut og vatn!

April 2009 208

Her er kjøkenvindauga mitt før bruk av klutan i dag, kyssemerke på innsida, og eit tjukt lag av sand, salt og skit på utsida. Vel halvtanna minutt seinare, etter vask innvendig og utvendig, såg det slik ut:

April 2009 210

Kjapt og effektivt, ingen kemikalier. Klutane er og supre på TV skjermar, glasbord, keramiske platetoppar, speglar, vaskar, osv........Klikk på linken lenger oppe og les om du er interesert:) Norwex har og supre, økologiske hudpleieprodukter, og vert foreløpig kun seld på homeparties, og snart via ny nettbutikk. Så då håpar eg berre at vinnaren vert fornøgd:)

Er du interesert i å vite meir, eller om du bur i Sunnhordlandsdistriktet og har lyst å ha eit homeparty, kan du ta kontakt med meg på henrieta@online.no så kjem eg gjerne på besøk:)

Frk. Snøkvit


Posted by Picasa


Dette er mitt bidrag til Moseplassens Frøken Vår konkuranse.



Ingen ting gir meg meir vårfølelse enn Kvitveisen. Når den blømer er det ikkje noko å lure på; Våren er her!!!!

torsdag 2. april 2009

God påske, og ei aldri så lita feiring

April 2009 037

I morgon reiser eg på hytta, og vert vekke til over påske. Me har mykje på hytta, men ikkje breibånd, og mobildekninga er ikkje veldig god, så det er tvilsomt om de vert innlegg frå meg i påsken. Kanskje prøver eg meg på litt mobilblogging. Har jo myyyykje å visa fram frå hytta, men no vil eg venta til de kan sjå det ferdige resultatet. Den som ventar på noko godt osv....

April 2009 027

Eg har runda 10.000 besøkande på bloggen min. Utruleg!!! Eg vert reint audmjuk med tanke på at så mange gidd å lesa det eg finn for godt å dela. I bloglandia må slikt feirast, så når påsken er ferdig lovar eg utloddning:) Gevinsten er hemmeleg heilt til trekninga er foretatt, men eg lovar at det er noko ALLE bør ha i huset, og som fort vert uunværleg;) Vil du ha eit lodd i trekninga legg du att komentar på dette innlegget. Trekninga vert høgtidleg foretatt 3. påskedag. Ha ei strålande påskefeiring:)

April 2009 035

Påskeklem frå meg:0)

tirsdag 10. februar 2009

Winter wonderland

Plutseleg forsvann vårfornemmelsane, og me fekk masse snø, i alle fall etter våre standarar. Veit jo at de nesten snøar ned på austlandet, men 30 - 40 cm med snø er myyyyyykje her på vestlandet. Storebror og eg var i hagen ein tur i formiddag, og koste oss i snøen.

Bilder Februar 087

Me akte masse, og etter ei stund dukka søskenbarnet hans opp, og eg fekk rusla litt rundt og ta bilete. 5 - 6 minus, snø og strålande sol er ikkje kvardagskost akurat.

Bilder Februar 062

Sjølv om me har fått litt skikkeleg vinter, er det mykje som viser at våren er på veg. Knoppane står klare under snøen, og sola varmer såpass at det sildrar godt i takrenna.

Bilder Februar 075

Må tilstå at eg nyt slike dagar, og eg er liksom ikkje klar for vår før me har hatt litt snø.

Frøkena under her vert mitt bidrag hos Anne på moseplassen, og ho heiter Frøken Luftig. Med vind i håret ser ho ut som om ho er klar for å fyke avgarde til varmare strøk, medan eg gler meg til sommaren, når dei yngre søstrene hennar Frøknene prestegaardsrose blømer for fullt:)

Bilder Februar 080

Rundt i hagen ser eg tydelege spor etter fuglane som besøker oss på fuglebrettet.

Bilder Februar 092

Ha ein fortsatt flott vinterdag. Her lovar dei oss nydeleg vinterver i lange tider. Herleg:)

onsdag 10. desember 2008

Adventsenglar


Fann ein artig konkuranse hos http://moseplassen.blogspot.com/, via Lisemorshage, så no tenkte eg at eg skulle hiva meg med. Eg melder herved adventsstaken min, frå no av døypt; adventsenglar, på konkuransen;) Sidan eg allereie har eit innlegg med adventsstaken, og presentasjon av den, kan de kikka der;)
Ha ein flott dag. Me skal til Bergen, og akvariet der storebror skal donera tutten til gullfiskane:)