torsdag 2. oktober 2008

Haust



Eg sa at eg skulle legja inn blieter i går kveld, men rakk det ikkje då me hadde gjester på middagsbesøk. Eg hadde ikkje for mykje tid til å få alt klart på, men eg har funne ut at dersom eg kan rydda full fart ( dvs finna eigna stader å gøyma unna rotet ), moppa gulvet, slik at knaselyden under føtene forsvinn, dimma lyset og tenna masse stearinlys før gjestene kjem, så ser huset nesten strøkent ut. Ingen treng å vita at alle papira som låg i ein haug på bordet, er gøymt i lekekassen......Eg rakk nesten alle ovannemde punkt før gjesten ankom. Stod med baken i veret og samla opp smular frå golvet når husbonden medbrakt middagsgjest kom, men det gjekk bra. Hadde fått tent lykta utanfor, så velkomsten var i alle fall koselg. I ettermiddag har eg tenkt å ta ungane med for å planta litt i hagen. Etter å ha stått to veker i posar på trappa, er det vel tid for å få diverse klematis og staudar i jorda før frosten kjem. Så i kveld skal det plantast - tur eg........

Ingen kommentarer: