onsdag 1. oktober 2008

Skummelt......

No har eg gjordt det. Kasta meg på bloggebølga, og oppretta min eigen blogg. Skummelt......Eg har surfa rundt i bloggeverda ei lang stund, og berre kikka, men no tek eg steget fullt ut. Bloggen kjem nok for det meste til å handla om kvardagslivet....Det er jo kvardagar det er mest av, er det ikkje??
På jobb i dag skulle eg vaska softismaskinen åleine for fyrste gong. Syntes alt gjekk strålande, og hadde ingen delar til overs når eg var ferdig. (Det er nemleg ein million delar inne i Soft is maskinen) Hadde berre siste koplinga att, og den består berre av to delar - superenkelt......Men nei da. Brått hadde eg softis over halve golvet, veggene og meg.....jippi. Heldegvis var det ingen kundar i nærleiken, og ingen andre heller, så eg tørka opp, klødde meg i hovudet, og beit til slutt i det sure eplet og spurde om hjelp. Var selvfølgeleg berre ein liten detalj som var feil. Men lita tue kan jo som kjent velta stort lass.
No skal eg snart henta mine søte små i barnehagen. Storebror på 3,5 og litlesøster på 2 har vorte foreviga i dag. Dei var svært så klare for å pynta seg litt før dei gjekk, men eg er spent på om hårstrikkane til litlesøster var der framleis då biletet vart teke(tihi).
Då set eg strek for fyrste blogginnlegget, og lovar å prøve å leggje inn nokre bilete i kveld.

Ingen kommentarer: