fredag 2. januar 2009

Enno er det litt jul.......

Då er jula 2008 historie, sjølv om pynten vert verande ei lita stund til. Sidan det meste av julepynten her i huset kjem opp litle juaftan har eg ikkje rukke og vorte lei enno. Denne gamle nissen som sit i vindauga på kjøkenet mitt, fekk eg av ei tante av meg då eg var liten. Eg kan ikkje hugse at eg fekk han, så han har på ein måte alltid vore der. Denne tanta hadde eg eit svært nært forhold til, og ho døydde då eg var 12 år, så denne nissen er spesiell for meg. Storebror var forøvrig bekymra for om nissen kunne koma seg inn med julestrømpa hans, for døra i peisen var jo att. Men litle julaftan sette han døra i peisen på gløtt før han la seg, og jammen hadde nissen vore inne i løpet av natta, og hengt ei velfylt strømpe på senga hans;)




Ellers så er det mest englar som dominerer julepynten hos meg. Desse to bur på salongbordet i jula. Juletreet er pynta med nesten berre glaskuler, og kvar einaste ei av dei har ei historie, og eg kan fortelje kvar og når eg kjøpte dei fleste av dei. Eg elskar fine julekuler, og unner meg eit par nye kvart år, men no byrjar det å verta nok. Guten og snømannen har og sin eigen historie, og får vera med trass knekt arm.......Denne figuren har eg fått av bestemora mi, og eg håpar at eg ein dag kan koma over ein heil slik figur som kan halda denne med selskap.



Desse bileta tok eg i går, og dei får markere starten på eit nytt bloggår. Det vert spanande å sjå kva som skjer i 2009, og eg gler meg til å fylgje dykk vidare, og hente inspirasjon på dei flotte bloggane dykkar:0) Godt nytt bloggår:)





3 kommentarer:

Anne på Moseplassen sa...

gutten med snømannen var skjønn, virkelig nydelig :D

godt nytt år til deg også!

Himmelblaa sa...

Jeg liker også å beholde jula litt ut i januar. Er så koselig med alle lysene...

Guttemamma sa...

Beholder jula noen dager til jeg og!! Nattaklem