Kjøleskapet vårt er sansynlegvis alle interiørekspertars skrekk. Skikkeleg kjedeleg kvitt, og med ørten duppedittar og bilete. Rett og slett ikkje særleg trendy, men ganske koseleg;)
Øverst i venstre hjørne kan de skimta eit biletet, teke 04.10.02. Husbonden og eg i vårt fyrste bryllupp (for me har to nemleg;) Og det var ingen enkel sak å koma så langt, for me traff nemleg på noregs verste byråkrat!
Me ynskte å gifta oss borgarleg, og ha kyrkjeleg velsigning og brylluppsfest året etter, så me tok med oss dei naudsynte papira (trudde me) og rusla opp til sorenskrivaren. Dragen bak skrivepulten kikka på papira og såg med ein gong STORE problemer. Husbonden er Gresk statsborger, fødd i Jerusalem, av Palestinsk mor og oppvaksen på Vestbreidda. Greske statsborgarar treng eit dokument frå den Gresk ortodokse kyrkja som fortel om dei er ugifte eller ikkje. Dette hadde me, men det viste seg at det var for gamalt.....Me tutla heim fekk ordna med ei nytt dokument frå patriarkatet i Jerusalem, og vende attende.
Då hadde dragen ombestemt seg!!!! Me måtte ha eit dokument frå den Israelske staten sidan han var fødd i Jerusalem, og difor hadde Israelsk identitetsnr. Me rusla heim IGJEN for å sjekka opp i dette, og det viste seg at for å få eit slikt dokument, måtte han reisa til Jerusalem og møta opp PERSONLEG, og venta i MÅNADER på å få det utstedt. Sidan husbonden ikkje er Israelsk statsborger var dette eit dokument han eigentleg ikkje skulle ha behov for, så me vende attende til dragen for å snakka med ho. Då fekk me beskjed om at me trengde eit dokument frå ein domstol i Hebron!!! Det einaste me viste om domstolen i Hebron var at det var kaos i området, og at sidan husbonden ikkje er muslim brydde dei seg katten i om han var gift eller ikkje!!! Når dragen so kasta eit blikk på fødselsattesten min, løfta blikket og sa; "Han er litt gamal den fødselsattesten, ja,ja det står vel ikkje om du er gift eller ikkje på dei nye fødselsattestane heller." Då gav me opp!
Det var tydleg at dragen ikkje hadde nokon interesse av at me skulle få gifta oss. Heile denne prosessen hadde teke nesten 4! mnd, og eg var mildt sagt fortvila. Sidan eg kjende dei som jobba på kyrkjekontoret ringte eg ned og spurde om dei kune hjelpa oss. Dei var velvilligheten sjølv, og ba oss koma ned med dei papira med hadde. Me so gjorde, dei kikka på papira og sa: "Me kan ikkje sjå noko gale med desse papira. Me sender dei inn, og om ca ei veke vil de få svar. Ei veka seinare, ein fredag, ringer elefonen: "Hei, det er frå kyrkjekontoret. Papira dykkar er i orden, og det er ingen ting i vegen for at de kan gifta dykk." Jippi!!!! Kan me få det til neste fredag???? Ei litt forfjamsa stemme svarar at Prosten har fri i dag, og at ho må høyra om han er ledig. Mandag får me beskjed om at alt er i orden, me kan gifta oss fredag.
Me går rett til gullsmeden og bestiller ringar, og spør om dei kan ha dei klar til fredag, noko dei trur skal gå bra. Samme runde hos blomehandlaren, som ikkje kan skaffe Cala, men Marthaliljer hvis det er greit?" Jada, kva som helst berre me vert gift!!!!" Frisøren har ledig time, og lovar å gjere seg ekstra føre når eg forsiktig seier at eg skal gifta meg den dagen.....Prosten må snakka med biskopen sidan me ikkje ynskjer ein vanleg vigsel med forbøn, sidan me skal ta den delen neste år, berre sjølve vigsla. Dette har dei aldri gjordt før, men jammen er det i orden og. Lukke.
Snille svigerinno og mammo lurte på om dei ikkje kunne få laga eit lite selskap for oss, sidan me trass alt gifta oss den dagen. Dermed fekk me ein nydeleg seremoni i Stord kyrkje, med ein flott tale av Prosten, og eit flott selskap heime hos mine foreldre, med 19 gjester, og bryllupsmiddag med lammelår, fløytegratinerte poteter og bryllupskake. Ein fantastisk dag, og ein forsmak på den STORE dagen me skulle få 16.08.2003, men det er ein anna historie.
Til dragen har eg berre ein ting å seie: Me vart gift og er det fortsatt 7 år seinare,og beviset heng på kjøleskåpet. Ha!!!!!!
Dei tre midterste bileta er lånt frå Google