torsdag 15. januar 2009

Forandring fryder

No har eg endeleg fått gjordt noko eg har tenkt på leeeeenge. Det er utruleg kor lang tid eg kan bruke på å gå frå tanke til handling, men når eg då set i gong går det unna!!!

Bilder Januar 003

Denne hylla fekk eg ein gong frå ein bokklubb. Eg trur det må vera 11 år sidan. Eg hadde ho hengande på kjøkenet i min fyrste leilighet, men sidan har ho vorte liggande nedpakka. Syntes liksom ikkje at mørkeblått, og mørkegrønt var så lekkert lenger.....Men no fann eg ut at tida var inne! Fram med malerpensel og kvitmaling, og mal i vei. Det gjekk så fort at eg nesten gløymte å ta eit før bilete. Og no:

Bilder Januar 143

har hylla vorte kvit og heng på kjøkenet mitt:)

Bilder Januar 161

På toppen står ei gamal kaffikvern som Bestemor har brukt, og som eg endeleg kan visa fram:) No gjeld det berre å finna dei "rette" tinga til resten av hylla. Mens eg tenker på det, skal eg mala nokre barnemøblar, eit bord og diverse andre ting:)

Ha ein flott dag:)

6 kommentarer:

Lisemoren sa...

Kjempefint. Hyllen var jo ikke til å kjenne igjen. Den kommer til å bli enda finere når du får fylt den med småting. : )

Anonym sa...

Imponerande! Så fint at du har så kreative evne. Vi har mykje godt arbeid føre oss framover våren veit du....
Svigerinno

Guttemamma sa...

Go, Henriette!! Det ble jo et nytt møbel,hurra!! Det er vel bare å surfe rundt på blogger, så får du mange tips til hav som kan pynte den kjempefine hylla. Ler av deg her jeg sitter og, "skal bare male...", sånn er det når en først setter i gang!! Klem fra Anette

Tante Mimmi sa...

Hei på deg! grattis med den nye headingen (??) (egelsk, you know!) Ser du bør gå ofte på tur!! Og no har me jo dette deilige været i vente!
Så fin hylle vart- og den hang jo så fint!
Mitten kjem seg! (det var minsten som fann saksa- og udåden vart gjort inni sofaen-løkki oss! At ho ikkje tok den! Mora var kje heime vett u!)
I kveld er det tidleg i seng! lite soving i natt- det må innhentast!;)

Jeanette sa...

Den blei kjempefin - utrulig hva litt maling kan gjøre :)
God helg!

Cornelias Hus/Chez Nous sa...

Hei og takk for koselig kommentar på bloggen min. Ja, tror det blir litt pesete, men mest gøy.

Gof helg og klem til deg